Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Overgrepsmottaket

Vi tilbyr akutt hjelp, samtale og undersøking til alle over 14 år som nyleg har opplevd eit seksuelt overgrep. Døgnopen telefonvakt: 46 92 91 30.

Mottaket er døgnope og har vakttelefon 46 92 91 30. Det er gratis å komme til oss.

NB! Ring oss før du kjem – slik at vi kan kalle inn teamet før du kjem til oss. 

Du kan også kontakte:

  • Sentralbordet Haugesund sjukehus: 52 73 20 00
  • Politiet: 02800
  • Legevakt: 116 117

Om noko nettopp har skjedd

Dersom overgrepet nettopp har skjedd (innan siste døgn), skal du helst ikkje dusje, skifte klede, ete, drikke eller pusse tenner før du kjem. Det er for at vi kan sikre gode spor.

Om du har skifta klede, ta gjerne med deg det du hadde du hadde på deg da overgrepet skjedde, inklusive bind eller tampongar.

På mottaket møter du lege og sjukepleiar med særskilt kompetanse. Vi har teieplikt, og deler ikkje informasjon med nokon utan ditt samtykke.

Vi gjer ei rettsmedisinsk undersøking med sporsikring, tek prøvar for kjønnssjukdommar, graviditet og rusmiddel, og ordnar vidare oppfølging.

Bevismateriale blir oppbevart i to år.

Dette gjer lege og sjukepleiar

  • Omsorg og nokon å prate med i trygge omgjevnader
  • Behandling av skader eller smitte
  • Prøvar med tanke på smitte og graviditet
  • Undersøking for å sikre bevis i tilfelle du vil anmelde
  • Kriserådgiving og oppfølging
  • Kontakt med gratis bistandsadvokat
  • Kontakt med krisesenteret, barnevernet eller andre hjelpeinstansar

Barn under 14 år skal vanlegvis undersøkast ved barneavdelinga ved Stavanger universitetssjukehus. Vi kan formidle kontakt.

Vi held til ved Haugesund sjukehus og er for kvinner, menn og ungdom over 14 år som er blitt utsette for eit seksuelt overgrep i løpet av den siste veka.

Du treng ikkje tilvising, og det er ikkje eit krav at du vil anmelde saka.

Du kan godt ta med deg ein person du er trygg på når du kjem hit.

Mottaket vårt dekker alle kommunane i Helse Fonna, unntatt Jondal, som bruker mottaket i Bergen kommune.

Kontakt

Telefon

Vakttelefon overgrepsmottaket (døgnopent)

46 92 91 30

Haugesund sjukehus sentralbord (døgnopent)

52 73 20 00

Slik finn du fram

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.