Øyeavdelinga
Barn som skal til oss
Mange barn kjem til oss for å sjekke synet. Vi har optikar og ortoptist som behandlar skjegling hos barn.
Vi har laga ein film om når Alfred var hos augelege og ortoptist. Den kan du sjå i lag med barnet ditt før de kjem, så veit de litt meir om kva som ventar hos oss.
Alfred skal til ortoptist og augelege on Vimeo
Nyttig informasjon på TV
På NRK finn du ein TV-serie for barn som heiter “Klart eg kan”.
I sesong 9, episode 2 drar Ebba til sjuykehuset og sjekker synet sitt. Det er optiker Elin som sjekker synet til Ebba, og etterpå drar dei til ein optikerbutikk for å kjøpe seg briller.
NRK har også ein TV-serie for barn som heiter “Karsten og Petra”.
I sesong 7, episode 1, følgjer vi Karsten når han drar til optikar for å sjekke synet sitt saman med bamsen Løveungen. I videoen kjem dei hjem heim med briller etter besøket same dag. I verkelegheita vil ein ikkje få brillene heim same dag etter synstesten, men få dei nokre veker etter de er bestilt.
Brukar barnet ditt briller og/eller lapp?
Statped har utarbeida ei brosjyre med informasjon om lappebehandling og kva du kan gjere for å få best mogleg effekt av behandlinga.
NAV gir i fleire tilfeller økonomisk støtte til barn og unge under 18 år som treng briller. Du kan få informasjon om dette under undersøkinga hos øyelege, ortoptist eller optikar.
Briller til forebygging eller behandling av amblyopi - nav.no