Pasientreiseavtale på plass for Etne
Ny avtale om pasienttransport for kommunane Etne og Suldal gjeld frå 1. juni. Avtaleperiode er tre år.
– Vi er veldig glade for å ha anbod på plass, seier funksjonsleder for pasientreiser, Marie Helen Hetland Kastrati.
Dette er avtalen
Avtalen som no føreligg gjeld mellom klokka 6.00-18.00. I tidsrommet 18.00-6.00 må transportør ringast for å høyre om dei har tilgjengeleg bil, og det må brukast naudrekvisisjon.
I Etne inneber avtalen ein bil med plass til fire passasjerar. Bilen kan komme innanfor responstid på 45 minutt ved bestillingar same dag.
For dei som treng rullestolbil, vil også det i dei fleste tilfelle vere tilgjengeleg, sjølv om dette er ikkje er ein del av avtalen.
– Pasientreiser prøver å løyse dette så godt det lar seg gjere når behovet oppstår. Vi vil også kunne bruke dagsbil Odda til å køyre gjennom Etne for å hente rullestolpasientar dersom det lar seg gjere, forklarar Kastrati.
– Tala våre syner at behovet for dette er lite, men når det er der er vi klare til å dekkje også dette behovet.
Dette kan du forvente
Å ordne pasientreiser er eit puslespel. Difor ber funksjonsleiaren deg som brukar om noko tolmod.
– Etne er ein langstrakt kommune slik at det kan vere vi blir nøydd til å gjere prioriteringar for korleis bilane kan brukast best. Vi som organiserer dette veit ingenting om helsesituasjon, sosiale forhold eller andre ting. Det vil føre til at nokon gjerne må reise litt tidlegare til behandling eller vente litt lenger etter behandlinga. Slik får vi gitt tilbodet til flest mogleg.