Avdeling for rus og avhengighet
Tilvising til tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB)
For å få utgreiing og/eller behandling for eit rus- og avhengigheitsproblem i TSB, treng ein tilvising frå lege, psykolog, sosialtenesta eller anna helsepersonell som har rett til å vise til TSB.
Følgjande må vere med i tilvisinga (henvisninga):
- Personopplysningar (namn, fødselsnummer, adresse, telefonnummer)
- Familiesituasjon
- Rusmiddelhistorikk
- Historikk og status i forhold til psykisk og somatisk helse
- Medisinering
- Skule/arbeid/økonomi
- Involverte instansar og samarbeid
- Gjennomførte og planlagde tiltak
- Individuell plan (IP)
- Pasientens ressursar og eventuelle utfordringar
- Mål for behandling
Tilvisinga sendast elektronisk eller pr. post til:
Haugaland DPS, Kopervik
PB 224
4291 Kopervik
Når spesialisthelsetenesta mottar tilvisinga, blir det vurdert om pasienten har rett til helsehjelp i TSB og frist for start av behandling.
Vurderinga blir gjort på bakgrunn av informasjonen i tilvisinga, i tråd med Tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB) - Helsedirektoratet
Sist oppdatert 30.09.2025