Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

En kvinne og en mann som sitter ved et bord

Sosionom, Haugesund

Sjukdom kan føre med seg både praktiske, økonomiske og personlege problem som det kan vere vanskeleg å handtere. Når nokon i familien blir sjuk, kan heile familien sin situasjon bli endra. Vi i sosionomtenesta tilbyr pasientar hjelp med å finne aktuelle løysingar.

  • Råd og rettleiing knytt til den aktuelle livssituasjonen (arbeid, økonomi, familie, kvardagsliv)
  • Orientering om trygde- og sosiale rettar
  • Hjelp til utforming av søknadar
  • Hjelp til å knytte kontakt med det lokale hjelpeapparat
  • Samtale med pasient/pårørande om dei kjenslemessige reaksjonane som sjukdom/ulykke kan føre til (for eksempel sorg, krise og endringar i familien)
  • Undervisning for pasientar, pårørande og helsepersonell

Når ein pasient får sjukdom eller skade som vil gi endringar i livssituasjonen, enten ved innlegging eller poliklinisk konsultasjon, kan pasient og/eller pårørande få tilbod om samtale med sosionom.

Ta kontakt med lege eller sjukepleiar på avdelinga du er knytt til på Haugesund sjukehus, og be dei sende ei tilvising til sosionomtenesta.

Kontakt med sosionom er gratis for innlagde pasientar/pårørande. Polikliniske pasientar må betale ein eigenandel. Eigenandelen inngår i frikortordninga.

Eigenandel og frikort - Helse Fonna HF

Kontakt

Sentralbord

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til på Haugesund sjukehus. Pasientar som kjem til oss vil få nærare informasjon om oppmøtestad.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.