Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Svangerskap og gynekologisk poliklinikk, Haugesund

Celleforandringar på livmorhalsen (cervixdysplasi) – konisering

Dersom vevsprøver (biopsi) frå livmorhalsen din viser celleforandringar, kan dei utvikle seg til kreft over tid om du ikkje får behandling. Vi tilrår derfor ein liten operasjon, konisering, for å fjerne forandringane.

Behandling (konisering)

Du må ikkje bruke bodylotion den dagen inngrepet blir gjort, då det kan føre til at utstyret ikkje verkar som det skal.

Ved konisering fjernar vi området med celleforandringar på den ytre delen av livmorhalsen (livmortappen) med ei elektroslynge. Dette blir oftast gjort i lokalbedøving, unntaksvis i narkose.

Førebuinga til operasjonen tek litt tid, medan sjølve inngrepet berre varer nokre minutt.

Komplikasjonar

Bløding

Det er ein viss risiko for bløding under operasjonen og dei første dagane etterpå. For å førebyggje dette kan vi nokre gonger legge inn ein spesiell tampong i skjeden etter inngrepet. Du får beskjed om å fjerne denne sjølv om kvelden eller neste morgon.

Dersom du får vedvarande bløding som ved ein kraftig menstruasjon, må du kontakte vakthavande gynekolog. Blødningsfaren er størst dei første dagane etter behandling.

Infeksjon

Det er vanleg å ha noko smerte når bedøvinga går ut. Dersom du får aukande smerter eller feber, kontakt vakthavande gynekolog.

Som regel har konisering liten betydning for seinare svangerskap. Dersom mykje av livmorhalsen blir fjerna, er det ein viss risiko for tidleg fødsel og senabort. Livmorhalskanalen kan i sjeldne tilfelle bli for trong, noko som kan gi meir menstruasjonssmerter.

Etter inngrepet

Det er vanleg å blø noko etter operasjonen, og det tek ca. 3–6 veker før såret på livmorhalsen er grodd. I denne perioden må du rekne med auka mengde blodblanda utflod.

Det blir frårådd å ha samleie, bruke tampong, bade eller gjere større fysiske anstrengingar i 2–3 veker, eventuelt lengre dersom du framleis blør.

Det kan bli behov for sjukmelding dei to første dagane etter konisering.

Vevet som er fjerna, blir sendt til undersøking (histologi). Alt etter type celleforandringar og om dei er heilt fjerna, blir du følgt opp etter bestemte retningslinjer med kontrollprøver og HPV-test (humant papillomavirus).

Du og fastlegen/gynekologen får tilbakemelding om resultatet og vidare oppfølging.

Nokre gonger blir du følgt opp på sjukehuset, og i sjeldne tilfelle der det blir påvist kreft, blir det gjort nærare undersøkingar.

Kontaktinformasjon

Ved endring av time eller spørsmål

tlf. 52 73 23 04 eller 52 73 24 90 (kl. 08.30–15.00).

Viktig! Kontakt oss dersom

Får du feber, smerter og/eller veldig kraftig bløding etter inngrepet, kontakt sjukepleiar på gynekologisk post: tlf. 90 55 18 79.

Frå fredag kl. 19.00 til måndag kl. 07.00: ring Haugesund sjukehus via sentralbord: tlf. 52 73 20 00 – spør etter forvakt ved gynekologisk avdeling.

Sist oppdatert 08.12.2025