Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Svangerskap og gynekologisk poliklinikk, Haugesund

Fjerning av livmor med kikkholsteknikk (Hysterektomi)

Den vanlegaste årsaka til at livmora blir fjerna, er blødningsforstyrringar som ikkje har latt seg behandle på annan måte. Desse kan kome av hormonendringar eller godarta muskelknutar. Nokre gonger er det storleiken eller tyngda på livmora og muskelknutane som gir symptom og gjer operasjon nødvendig. Nokre må fjerne livmora fordi det er funne kreft i livmora eller i eggstokkane.

Før operasjonen

Ved forundersøkinga («journalopptaket») har du fått informasjon om operasjonen. Dersom du brukar medisinar, er det viktig at medisinlista er oppdatert.

For å redusere risikoen for infeksjon må du ikkje fjerne hår nedantil dei siste 10–14 dagane før operasjonen.

Innleggingsdagen

På operasjonsdagen møter du ved sammedagsmottaket i 1. etasje (ved operasjonsavdelinga). Dersom det er avtalt innlegg før operasjonen, møter du ved gynekologisk sengepost til avtalt tid.

Operasjonsmetode og bedøving

Du får narkose eller ryggbedøving (spinal). Har du fått ryggbedøving, blir blærekateteret liggjande til bedøvinga har slutta å verke.

Ved kikkholsteknikk opererer vi vanlegvis gjennom fire små snitt i magen. Livmora blir løyst ut og fjerna via skjeden. Skjedetoppen blir sydd igjen.

Operasjonen tek vanlegvis 60–90 minutt. Etterpå ligg du på oppvakingsavdelinga i nokre timar før du blir flytta til gynekologisk sengepost i 3. etasje.

I sjeldne tilfelle kan det bli nødvendig å gjere eit større snitt i magen under operasjonen. Dette skjer dersom det oppstår komplikasjonar som ikkje kan reparerast med kikkholsteknikk.

Legen informerer deg om funn og kva som er gjort, anten same dag eller dagen etter.

Etter operasjonen skal du vanlegvis opp av senga etter få timar for å redusere faren for blodpropp. Ofte kan du reise heim dagen etter.

Komplikasjonar

Ved alle operasjonar er det risiko for komplikasjonar, både under og etter inngrepet. Narkose og bedøving medfører òg ein liten risiko.

  • Komplikasjonar ved ryggbedøving er sjeldne, men forbigåande hovudverk kan oppstå.
  • Bløding og infeksjon kan førekome. Skadar på tarm og urinblære kan skje, men svært sjeldan.
  • Blodpropp kan oppstå sjølv om du får blodfortynnande medisin.

Etter heimkomst

Ta smertestillande tablettar regelmessig dei første dagane, sjølv om du ikkje har mykje smerter. Etter nokre dagar, når smertene blir mindre, kan du redusere dosen og ta etter behov. Det er vanleg med bløding frå skjeden i 1–4 veker.

Du kan vere i vanleg aktivitet heime, men bør unngå tunge løft, tungt arbeid og hard fysisk aktivitet dei første 2–4 vekene. Samleie, bading og bruk av tampong bør vente i 6 veker.

Du blir vanlegvis sjukmeld i om lag 2 veker, avhengig av kva slags arbeid du har.

Ta kontakt ved feber, kraftig bløding eller aukande smerter. Det same gjeld dersom du får hevelse i beina eller aukande tungpust.

Kontaktinformasjon

Gynekologisk sengepost (måndag til fredag): tlf. 52 73 23 10

Kirurgisk post (helg): tlf. 52 73 24 20

Sist oppdatert 08.12.2025