Svangerskap og gynekologisk poliklinikk, Haugesund
Framfallsoperasjon
Kva er framfall og vanlege symptom?
Framfall kan bety at den fremre skjedeveggen trekkjer urinblæra ned (cystocele). Tilsvarande kan bakveggen trekkje endetarmen ned (rectocele). Det kan også oppstå ei nedbuking av bukhola baktil (enterocele) eller nedsig av sjølve livmora. Ofte er det kombinasjonar av desse tilstandane.
Problema kjem ofte med alderen og har truleg samanheng med redusert styrke i bindevevet. Gjennomgåtte fødslar (skadar etter fødsel), aldersforandringar med lågare østrogennivå i skjeden, tungt arbeid, forstopping, kronisk hoste og overvekt kan også bidra.
Vanlege symptom er kjensle av tyngd eller nedtrykk i underlivet, og av og til problem med å tømme urinblæra eller endetarmen. Nokre kjenner livmortappen eller skjedeveggane som ein kul i skjedeopninga.
Operasjonsmetodar
Det finst ulike operasjonsmetodar, dei fleste blir gjort via skjeden. Dersom heile livmora eller toppen av skjeden har sokke ned etter at livmora er fjerna, kan kikkholsoperasjon vere aktuelt. Då blir skjeden løfta opp innvendig og festa med eit band.
Legen vil forklare kva metode som passar best for deg. Tilstandane er ufarlige og vanlege. Operasjon blir tilrådd berre ved plagsame symptom som kul i skjedeopninga, problem med å tømme urinblæra eller tarmen, eller ufrivillig luftavgang via skjeden.
Hos nokre kan behandling med ring (pessar) i skjeden vere eit alternativ, òg i påvente av operasjon. Legen informerer deg om funn og kva som er gjort, anten operasjonsdagen eller dagen etter.
Før operasjonen
Ved forundersøkinga («journalopptaket») får du informasjon om operasjonen. Dersom du brukar medisinar, er det viktig at medisinlista er oppdatert.
For å redusere risikoen for infeksjon må du ikkje fjerne hår nedantil dei siste 14 dagane før operasjonen. Du møter fastande operasjonsdagen.
Operasjonsmetode og bedøving
Du får narkose eller ryggbedøving (epidural/spinal). Har du fått ryggbedøving, blir blærekateteret liggjande til bedøvinga har slutta å verke.
Etter operasjonen skal du vanlegvis opp av senga etter få timar for å redusere faren for blodpropp, få tarmane i gang og sikre god lufting av lungene.
Vi syr vanlegvis med ein tråd som løyser seg opp av seg sjølv, så det er sjeldan nødvendig å fjerne sting etter denne typen operasjonar.
Komplikasjonar
Ved alle operasjonar er det risiko for komplikasjonar, både under og etter inngrepet.
Narkose og bedøving medfører også ein liten risiko. Bløding, blodansamling og infeksjon kan førekome.
Det kan av og til bli nødvendig å tømme blæra med kateter kvar 3.-6. time i ein kort periode. Det kan vere ubehageleg å late vatnet dei første dagane, og du bør prøve å tømme blæra kvar 3.-4. time.
Dersom du ikkje klarer å late vatnet, eller det berre kjem små mengder urin, må du seie frå til personalet.
Etter heimkomst
Ta smertestillande tablettar regelmessig dei første dagane, sjølv om du ikkje har mykje smerter. Etter nokre dagar, når smertene blir mindre, kan du redusere dosen og ta etter behov. Det er vanleg med utflod og småbløding dei første vekene.
Det er viktig å unngå forstopping. Kjøp Duphalac®, Movicol eller liknande på apoteket og start med dette når du kjem heim.
Du kan vere i vanleg aktivitet heime, men bør unngå tunge løft, tungt arbeid og hard sport dei første 4 vekene. Samleie, bading og bruk av tampong bør vente i 3–6 veker.
Fortsett med bekkenbotnstrening: 10 knipeøvingar x 3, 2–3 gonger i veka. Dette for å førebyggje tilbakefall etter operasjonen.
Ta kontakt med oss dersom du får
- Feber og redusert allmenntilstand
- Illeluktande utflod, aukande bløding eller smerter
- Akutt tungpust og/eller smertefulle hevingar i føtene
Kontaktinformasjon
Gynekologisk sengepost (måndag til fredag): tlf. 52 73 23 10
Kirurgisk post (helg): tlf. 52 73 24 20