Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Svangerskap og gynekologisk poliklinikk, Haugesund

Kikkholsoperasjon (laparoskopi)

Laparoskopi er ei kikkholsundersøking av organ i bukhola. Teknikken blir også brukt som operasjonsmetode ved sjukdomar i magen.

Før operasjonen

Ved forundersøkinga («journalopptaket») får du informasjon om operasjonen og korleis den går føre seg. Dersom du brukar medisinar, er det viktig at medisinlista er oppdatert.

Operasjonsmetode og bedøving

Operasjonen blir gjort i narkose. Gjennom eit lite snitt i navlen fører vi inn eit operasjonskamera. Vi brukar i tillegg fleire små innstikk i bukveggen til operasjonsinstrument.

Vi kan då undersøkje eggstokkar, eggleiarar, livmor og andre indre organ.

Etter operasjonen skal du vanlegvis opp av senga etter få timar for å redusere faren for blodpropp.

Prøvesvar

Alt vev som blir fjerna, blir sendt til undersøking. Prøvesvar blir sendt til tilvisande lege. Dersom avtalt med deg, blir du kontakta når svaret er klart.

Komplikasjonar

Ved alle operasjonar er det risiko for komplikasjonar, både under og etter inngrepet. Narkose medfører også ein liten risiko.

Bløding og infeksjon kan førekome. Skadar på tarm, urinblære, urinleiarar eller nervar kan skje, men er svært sjeldan.

Blodpropp kan oppstå sjølv om du får blodfortynnande medisin.

Nokre gonger må vi gjere om til open kirurgi på grunn av komplikasjonar eller vanskar under operasjonen.

Etter heimkomst

Ta smertestillande tablettar regelmessig dei første tre dagane, sjølv om du ikkje har mykje smerter. Etter nokre dagar, når smertene blir mindre, kan du redusere dosen og ta etter behov.

Grad av smerter eller ubehag etterpå kjem an på kva som er gjort. Mange opplever gass-/luftsmerter med vondt i skuldrer eller nakke som kan vare i 1–2 dagar.

Det er vanleg med litt bløding frå skjeden i 1–4 veker. Samleie, bading og bruk av tampong bør vente til bløding frå skjeden har stoppa.

Du kan vere i vanleg aktivitet heime. Du blir sjukmeld, lengda kjem an på kva som er gjort og kva arbeid du har.

Kontakt oss dersom du får

  • Feber og redusert allmenntilstand
  • Illeluktande utflod, aukande bløding eller smerter
  • Akutt tungpust og/eller smertefulle hevingar i føtene

Kontaktinformasjon

Gynekologisk sengepost (måndag til fredag): tlf. 52 73 23 10

Kirurgisk post (helg): tlf. 52 73 24 20

Sist oppdatert 08.12.2025