Svangerskap og gynekologisk poliklinikk, Haugesund
Operasjon for urinlekkasje (TVT-O)
Urinlekkasje ved anstrenging (for eksempel hoste, tunge løft, jogging) kjem ofte av svekka feste mellom skjede og urinrøyr til bekkenveggen, eller skade på nervane som styrer bekkenbotnmusklane og urinrøyret.
Skade kan oppstå ved fødsel, men også kvinner som ikkje har født kan ha urinlekkasje ved anstrenging.
Før operasjonen
Ved forundersøkinga («journalopptaket») får du informasjon om operasjonen. Dersom du brukar medisinar, er det viktig at medisinlista er oppdatert.
For å redusere risikoen for infeksjon må du ikkje fjerne hår nedantil dei siste 10–14 dagane før operasjonen.
Operasjonsmetode og bedøving
Vi brukar TVT-O-metoden. Det blir lagt eit lite snitt i fremre skjedevegg, og eit band av kunststoff (polypropylen) blir lagt under urinrøyret for å gi støtte. Snittet blir sydd med ein tråd som løyser seg opp av seg sjølv.
Operasjonen blir vanlegvis gjort i kort narkose, men kan også gjerast i ryggbedøving (spinal) eller lokalbedøving.
Komplikasjonar
Komplikasjonar er sjeldne, men som ved alle kirurgiske inngrep er det ein liten risiko for bløding eller infeksjon (oftast urinvegsinfeksjon).
Det kan oppstå hol i urinblæra, men dette er som regel ufarleg. Mindre enn 1 prosent opplever skade på urinrøyr eller blodkar. I sjeldne tilfelle kan kroppen reagere på bandet (framandlegemereaksjon).
Nokre kvinner brukar lengre tid på å tømme blæra, og nokre få opplever at vasslatinga stoppar heilt opp. Dette går vanlegvis over etter dagar eller få veker, men i mellomtida må blæra tømmast med kateter.
Sjeldan kan små delar av bandet bli synlege i skjeden etter ei tid, noko som kan gi smerte ved samleie. Dette kan rettast i lokalbedøving eller kort narkose.
Etter operasjonen
Legen informerer deg før heimreise. Du kan reise heim når du klarer å late vatnet tilfredsstillande, vanlegvis etter kort tid.
Den første tida kan det vere vanskeleg å tømme blæra heilt på grunn av hevelse rundt urinrøyret. Urinstråla blir ofte svakare, så ta deg god tid på toalettet. Mange må late vatnet fleire gonger rett etter kvarandre, spesielt om morgonen. Dette går vanlegvis over av seg sjølv.
Hastverkslekkasje kan endre seg etter operasjonen (bli betre eller verre).
Viktig å hugse
- Sting i skjeden løyser seg opp etter ca. 2 veker. Tape over såra kan fjernast etter 1 veke.
- Du treng vanlegvis sjukemelding inntil 1 veke, eventuelt lengre avhengig av jobb.
- Unngå samleie dei første 6 vekene.
- Unngå karbad, basseng og tampong dei første 4 vekene.
- Unngå hard fysisk aktivitet, trening og sykling dei første 3–4 vekene. Normal aktivitet er greitt.
- Ømheit øvst i låra der bandet er ført ut, er vanleg og går over etter nokre dagar.
- Du får kontrolltime hos uroterapeut etter 6–8 månader, eventuelt via telefon.
Kontakt oss dersom
- Du ikkje klarer å tisse etter operasjonen.
- Kontakt gynekologisk avdeling tlf. 52 73 23 10, eller legevakt der du bur for å få hjelp med å tømme blæra. Ikkje vent til neste dag – dette kan skade blæra.
- Du får feber over 38 °C som ikkje går ned innan 2 dagar.
- Du får magesmerter.
- Du får aukande kraftig bløding frå skjeden.
- Du får mykje væske eller puss frå skjeden.