Utskraping etter abort (revisio)
Vanlegvis brukar vi medisinar for å tømme livmora for restar etter graviditet. Dersom dette ikkje verkar, kan det bli nødvendig med kirurgisk tømming (utskraping).
Operasjon
Operasjonen blir gjort i kortvarig narkose. Vi brukar oftast eit lite sug for å tømme innhaldet i livmorhola. Vanlegvis kan du reise heim nokre timar etter operasjonen.
Etter heimkomst
Dei første to vekene kan du ha litt varierande bløding og utflod. For å unngå infeksjon bør du ikkje bade, ha samleie eller bruke tampong så lenge du blør.
Komplikasjonar
Komplikasjonar er sjeldne og vanlegvis lite alvorlege.
Dersom det oppstår hol i livmorveggen, kan du bli innlagt til observasjon.
Ta kontakt dersom du får
- Feber
- Kraftig bløding
- Aukande smerter
Kontaktinformasjon
Har du spørsmål etter heimkomst, kan du ringe gynekologisk avdeling: tlf. 52 75 54 35.
Sist oppdatert 08.12.2025