Thyroidea poliklinikk
Skjoldbruskkjertel
På Thyroidea poliklinikken har vi utgreiing og behandling av sjukdomar og tilstandar som gjeld skjoldbruskkjertelen. Biskjoldbruskkjertlane blir utgreidde av medisinsk avdeling.
Diagnosar, behandlingar og undersøkingar
Skjoldbruskkjertelen (thyroidea) er ein sommarfuglforma kjertel som består av ein midtlapp og to sidelappar, og som ligg frampå halsen, like under strupehovudet. Ho produserer hormonet tyroksin, som regulerer stoffskiftet i kroppen.
Ved mistanke om kreft, eller pasientar får påvist kreft, blir dei tilviste til Haukeland universitetssjukehus for vidare behandling og eventuelt operasjon.
Nedanfor finn du informasjon om aktuelle diagnosar, undersøkingar og behandlingar.
Struma – godarta knutar i skjoldbruskkjertelen
Struma betyr at skjoldbruskkjertelen er forstørra. Dette kjem oftast av godarta knutar i skjoldbruskkjertelen. Dersom struma gir mykje plager, kan det vere aktuelt å fjerne halve eller heile kjertelen med operasjon. Val av operasjonstype kjem an på kor stort strumaen er, og kor mykje plager det gir.
Ultralyd av thryroidea er den beste måten å kartleggje endringar i skjoldbruskkjertelen. Ultralyd blir gjennomført av radiolog eller eventuelt endrokrinkirurg. Det blir tatt celleprøve dersom det er medisinsk grunn til det.
Thyreoideascintigrafi - nukleærmedisinsk undersøking av skjoldbruskkjertelen
I nokre tilfelle blir det utført thyreoideascintigrafi. Ved ei thyreoideascintigrafi får du ein liten dose radioaktivt stoff sprøyta inn gjennom eit tynt plastrøyr (venekanyle) som blir lagt i ei blodåre i armen. Det radioaktive stoffet blir teke opp i skjoldbruskkjertelen (thyroidea) på halsen, og ein tek bilde av kjertelen med eit gammakamera.
Nokre gongar blir undersøkinga supplert med SPECT/CT-bilde.
Bileta viser korleis stoffet blir teke opp i kjertelen, og gir informasjon om korleis ho fungerer.
Skjoldbruskkjertel – operasjon
Dei vanligaste grunnane til operasjon er plager som kjensla av klump i halsen (globusfølelse), behov for sikrare diagnose ved usikre celleprøver, eller påvist/mistanke om kreft.
Fjerning av skjoldbruskkjertelen
Utgreiing av sjukdomar i skjoldbruskkjertelen skjer ved Haugesund sjukehus.
Når det er påvist kreft i skjoldbruskkjertelen, er hovudbehandlinga som regel å fjerne heile kjertelen (total tyreoidektomi). I same operasjon blir nærliggande lymfeknutar ofte fjerna (sentralt lymfeknutetoalett). Pasientar som treng denne behandlinga blir tilviste til Haukeland universitetssjukehus.