Urologisk avdeling

Vi utgreier og behandlar sjukdomar i urinvegane for menn, kvinner og barn. Faget urologi omfattar også sjukdommar og tilstandar i dei mannlege kjønnsorgana. Du finn oss på sjukehusa i Haugesund og på Stord.

Du treng tilvising frå fastlege eller anna sjukehus før du kjem til behandling. Vi sender brev direkte heim til deg om tid, stad og kva undersøkingar vi eventuelt skal gjere.

Du finn poliklinikken i første etasje ved Haugesund sjukehus, i kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt i ekspedisjonen når du kjem.

Telefon til kirurgisk poliklinikk er 52 73 24 50. Ta kontakt i ekspedisjonen når du kjem.

 

Vår sengepost ligger i 4.etasje på Kirurgisk 4 vest. Vi har einerom, dobbeltrom og firemanns rom.

På sengeposten er det ei lita sittegruppe i korridoren, og ei daglegstove og terrasse som kan brukast av pasientar og pårørande.

 

For besøkande

Visittid for pårørande er frå klokka 17.00-18.30.

Vi har mange nyopererte og alvorleg sjuke pasientar som treng ro og ber difor besøkande vise omsyn.

Ved spørsmål før innlegging eller etter utskriving, ring oss på telefon 52 73 24 09, eller til sengepost telefon 52 73 24 30.

 

Du som skal innleggast for operasjon eller anna behandling, møter på kirurgisk avdeling i 2.etasje.

Skal du til dagbehandling, møter du i 2.etasje på Dagkirurgen.

Er du kalla inn til poliklinikk, finn du denne i 1. etasje. Her er også uroterapeut.

 

Kontakt oss på Stord sjukehus

  • Resepsjonen: 53 49 10 00
  • Kirurgisk poliklinikk: 53 49 10 41
  • Dagkirurgi: 53 49 10 21
  • Kirurgisk sengepost: 53 49 10 10
  • Planleggingskontoret: 53 49 10 38

Vi utfører vanleg ytre genitalia kirurgi, steinkirurgi, PCN (stor stein i nyre, som ikkje kan fjernast gjennom urinvegane), open stein-kirurgi, nyrecancer-laparoscopi, open kirurgi for nyre, ureter, BPH(Tur-P). Vi gjer også inngrep på barn, i form av fimose og retentio testis-inngrep.


Urologiske plager og sjukdommar som blir utgreia ved vår poliklinikk: 

  • Urinlekkasje (urininkontinens)
  • Problem med å tømme urinblæra
  • Smertefull eller hyppig vasslating
  • Kronisk urinvegsinfeksjon
  • Blod i urinen (synleg eller ved test av urin)
  • Nyrestein
  • Funn og plager som har gitt mistanke om svulst (god eller vondarta) i urinvegane.

Det er ein kirurg som vurderer om pasientar treng oppfølging på poliklinikken etter utskriving frå sjukehuset.

Nokre opererte pasientar blir gjerne ønska inn til kontroll ein periode, andre går til kontroll hos eigen lege.

Ein del pasientar med kronisk sjukdom blir jamleg undersøkt av spesialist på poliklinikken.

Du kan alltid logge deg på for å endre tildelt time og bruke dei andre digitale teneste vi tilbyr

Du kan også ringje poliklinikken for endring av time. Gi beskjed så tidleg som mogleg, det gir poliklinikken anledning til å utnytte sin kapasitet best mulig.

Ved avbod same dag må du betale eigedel.

Er det mistanke om kreft vil du ha din eigen forløpskoordinator. Koordinatoren har ansvaret for å koordinere pakkeforløpet, med bestilling av timar og anna - i tillegg til å være sjukehuset sin kontaktperson mot pasient og fastlege fram til behandlingsstart.

Forløpskoordinatorane kan bli kontakta av både pasient og fastlegar.

Kontakt forløpskoordinator ved urologisk eining: 52 73 24 50.

Etter at diagnose er stilt vurderer legen om du vil ha nytte av kirurgisk behandling. Viss det blir planlagt operasjon vil ein del nødvendige undersøkingar bli gjort på førehand på poliklinikken.

Her er vanlege undersøking vi gjer:

Cystoskopi

Cystoskopi er ei undersøking av blæra og urinrøyret. Eit tynt instrument med kamera og lys blir ført inn gjennom urinrøret og opp i blæra.

Cystoskopet kan være stivt eller bøyelig. Det er kobla til ein skjerm, slik at både du og legen kan inspisere urinblære, prostata og urinrør.

Cystometri

Cystometri er ei undersøking som er bestilt av urologen og utførast av uroterapeut. Undersøkinga går ut på å måle blæremuskelen sin funksjon. Blæra sitt trykk og kapasitet målast ved hjelp av sakte påfylling av vann via to tynne kateter. Det målast også trykk ved blæretømming.

Undersøkinga kan ta inntil 1,5 time, men skal ikkje være smertefull. Det er inga hensyn å ta etter undersøkinga.

Svar på undersøkinga gis vanligvis på neste kontrolltime hos urolog.

Flowmetri

Flowmetri er ein undersøking der du latar vatnet i ei trakt og eit måleapparat måler krafta på urinstråla og kor lang tid det tar å tømme blæra.

Etterpå målast det resturin ved hjelp av ultralyd. Då får du ultralydgelé på magen og vi måler med probe resterande urinmengde i blæra.

Pasientar som er inkontinente for urin, har hyppige infeksjonar i urinvegane eller problem med å tømme urinblæra, kan få oppfølging av uroterapeut.

Ein uroterapeut er ein sjukepleiar med spesialutdanning i dysfunksjonar i nedre urinvegar. I nært samarbeid med urolog er dei delaktig i utgreiing og behandling.

Nokre av våre pasientar får opplæring i å tømme urinblæra sjølve med hjelp av eingongskateter. Opplæringa blir gitt av sjukepleiar på poliklinikken.

Nokre tilstandar blir i dag ikkje tatt hand om ved urologisk poliklinikk. I så fall får du tilbod om utgreiing og behandling ved andre sjukehus, eller hos privatpraktiserande spesialistar.

Det krev i så fall at primærlege har sendt ei tilvising.

Vi utfører ikkje rituell omskjæring hos oss.


Kontakt

Telefon

  • Måndag 07:30 - 15:30
  • Tysdag 07:30 - 15:30
  • Onsdag 07:30 - 15:30
  • Torsdag 07:30 - 15:30
  • Fredag 07:30 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Poliklinikken er stengt i helger og heilagdagar

Slik finn du fram

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund