Valen sjukehus
Akuttposten Valen
Helse Fonna har to akuttopptaksområde. Akuttpsykiatrisk post i Haugesund har opptaksområde på Haugalandet, og Akuttpost Valen har opptaksområde i Sunnhordland og Hardanger.
Akuttposten har øyeblikkeleg-hjelp-plikt døgnet rundt for pasientar i kommunane Etne, Kvinnherad, Stord, Fitjar, Bømlo, Tysnes og Ullensvang. Akuttposten Valen samarbeider tett med Folgefonn DPS og Stord DPS.
Våre oppgåver
Akuttposten si oppgåve er å ivareta pasientar over 18 år med psykiske lidingar som i ein kort periode har behov for dei rammene som ein lukka sengepost kan tilby. Posten tek imot både frivillige pasientar og pasientar innlagde på tvang etter lov om psykisk helsevern.
Opphaldet er normalt av kort varigheit. Målet er å raskt utføre ei akutt allmennpsykiatrisk vurdering, behandle og stabilisere pasientar, slik at dei kan overførast til open avdeling eller anna lågare omsorgsnivå.
Behandlingstilbod
Posten tilbyr spesialbehandling for lysterapi ved depresjon, virtuell mørketerapi som tilleggsbehandling ved mani og Krisepakke – ein behandlingsmodell med eit kortvarig stabiliseringsopphald med eit klart definert innhald med 1-2 dagars varighet.
Samarbeid
Vi har to overføringsmøte i veka med Folgefonn DPS og Stord DPS, og jamleg samarbeid med akuttposten i Haugesund, fastlegar, NAV og kommunale tenester.
Kontakt oss
Kontortelefon 53 46 64 74
Pasienttelefon: 53 46 64 93.
Besøk
Pasientbesøk bør avtalast på førehand. Vi har eige besøksrom og eit familierom spesielt tilpassa barn.