Valen sjukehus
Eining for psykosebehandling
Eining for psykosebehandling er eit behandlingstilbod på sjukehusnivå for heile Helse Fonna. Tilbodet er retta mot vaksne med psykoselidingar og høg symptombelastning. Formålet er observasjon, stabilisering og behandling før overføring til det lokale DPS-et for vidare rehabilitering. Posten er ein lukka post.
Behandlingsmetodar
Behandlingsfilosofien ved eininga er tufta på recovery-basert tenking i eit tverrfagleg behandlingsteam. Vi jobbar for betring der eigenaktivitet, brukarmedverknad og meistring er ein viktig del av behandlinga. Vi legg stor vekt på rammer og struktur i kvardagen og ønskjer å ha ei trygg og positiv samhandling.
Pasienten får under opphaldet ein hovudbehandlar og to miljøkontaktar. Gjennom samvals-team planlegg vi saman med pasienten individuelle tiltak som kan hjelpe den enkelte til å betre funksjonsevna og få ein god kvardag på tilpassa omsorgsnivå. Dei ulike behandlingstiltaka byggjer på gjeldande faglege standardar.
Vi legg vekt på god dialog og samarbeid med den einskilde pasient, og etter samtykke også med pårørande og kommunale instansar. Behandlinga skjer vanlegvis som ein kombinasjon av samtalar, aktivitet og samarbeid med andre instansar. Pasientar blir tekne imot etter tilvising.
Behandlingsprogram
Behandlinga kan innehalde:
- Samtaleterapi og psykologisk behandling.
- Miljøterapi og rehabilitering med særleg fokus på ADL-trening (daglege aktivitetar).
- Oppfølging av somatisk (medisinsk) helsetilstand.
- Trening i sosiale ferdigheiter og førebygging av einsemd.
- Familie- og pårørandesamarbeid.
- Legemiddelbehandling.
- Hjelp med bustadforhold og økonomiske utfordringar ved behov for langvarige tenester.
- Lysterapi ved depresjon.
- Virtuell mørkebehandling som tilleggsbehandling ved mani, sjå eHåndbok - Virtuell mørketerapi og YMRS-skåring.
Samarbeid
Vi har regelmessige samarbeidsmøte med DPS i Helse Fonna, klinikk for psykisk helsevern og rus, fastlegar, NAV og kommunale tenester.
Kontakt oss
Kontortelefon 53 46 64 73
Pasienttelefon: 53 46 64 92
Besøk
Pasientbesøk bør avtalast på førehand. Vi har eige besøksrom og eit familierom spesielt tilpassa barn.