Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Valen sjukehus

Eining for sikkerheit og rehabilitering

Eining for sikkerheit og rehabilitering på Valen sjukehus tek imot pasientar som er stabiliserte på sikkerheitsposten og som kan ta imot behandling på eit lågare nivå av sikkerheit.

Posten har spesialkompetanse på forsterka habilitering og rehabilitering for pasientar med sikkerheitsproblematikk, og andre pasientar med behov for forsterka rehabilitering.    

Samarbeid

Behandling i spesialisthelsetenesta er vanlegvis ein kortare del av eit lengre behandlingsforløp. Difor er det er viktig med eit godt samarbeid mellom nivåa for å oppnå best mogleg effekt. Kommunale tenester, inkludert individuelt tilpassa butilbod, er ein sentral del av pasientforløpet. For å få dette til må kommunen tidleg involverast som likeverdig part, og ansvaret må fordelast  føremålstenleg mellom spesialisthelsetenesta og kommunane.  

Våre oppgåver

Saman med FACT-S prøver vi å finne best mogleg balanse mellom sikkerheit og behandling for pasient, personale og samfunnet elles. Dette er ei av våre viktigaste oppgåver.  

Målet vårt er å gi alle pasientane høve til auka meistring i ulike fasar av sjukdommen, samtidig som vi tek omsyn til samfunnsvernet.  

Det er nødvendig å leggje til rette for gradvis overgang frå sikkerheitsavdeling til kommunale butiltak. Utgreiing og kartlegging av funksjonsnivå, samt kartlegging av risikobilete og identifisering av risikofaktorar under mindre strenge tiltak, kan bidra til å avklare omsorgsbehov på kommunalt nivå.  Arbeidet blir følgt opp på sikkerheits- og rehabiliteringsposten, der pasienten får trening i å meistre daglege aktivitetar.   

Kontakt oss 

Kontortelefon: 53 46 64 82 

Pasienttelefon: 53 46 64 96. 

Besøk 

Besøk bør avtalast på førehand. Vi har eige besøksrom og eit familierom spesielt tilpassa barn.

Sist oppdatert 26.02.2026