Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Valen sjukehus

Kurs og tilbod

Opplæringsprogrammet MAP 

MAP (Møte med Aggresjonsproblematikk) er eit heilskapleg opplæringsprogram for å forstå, førebyggja og handtera aggresjons- og valdsproblematikk i helse- og sosialsektoren. 

Formålet med opplæring i MAP er enkelt: forhindra vald og sørgje for at pasientar og personale opplever seg trygge. 

Opplæringsprogrammet MAP ønskjer å vere eit viktig bidrag til å auke kvaliteten på det valdsførebyggjande arbeidet. Først og fremst ved å leggje til rette for forståing og reduksjon av konfliktgrunnlaget, deretter ved å tilføre profesjonell og nødvendig handlingskompetanse når situasjonar oppstår, og dessutan ved å utnytte det lærings- og utviklingsrommet som kan oppstå i etterkant av aggressive episodar. 

Visjon 

  • Bidra til auka tryggleik for pasientar og personale. 
  • Redusera førekomsten av aggressive og valdelege episodar. 
  • Bidra til førebygging og rett bruk av tvangsmiddel. 

Opplæringa skal bidra til å: 

  • forhindre vald og sørge for at pasientar og personale føler seg trygge, 
  • auke kvaliteten på dei daglege samspela mellom pasientar og personale, 
  • legge til rette for at tenestetilbodet skaper minst mogleg grad av krenking og avmakt for den som mottar hjelp. 

Programmet er eigd av dei fire regionale helseføretaka, og er tilrådde av Helsedirektoratet –sjå nasjonale faglege råd for førebygging og riktig bruk av tvang i psykisk helsevern. 

Kurs i sinnemeistring 

Kurs i sinnemestring er eit behandlingstilbod for kvinner og menn som utøver vald i nære relasjonar. Sinneterapi er eit tilbod til deg som har problem med å finne passande reaksjonsformer.  

I dette gruppetilbodet møter du sinnemeistringsterapeutar med god kjennskap til problematikken. Erfaringar viser at tilbodet ikkje bere hjelper den enkelte kursdeltakar, men også kan bidra til auka livskvalitet for andre familiemedlemmar. 

Tilvising 

Tilvising kan sendes elektronisk til: 

  • Psykisk helsevern for vaksne, Valen Sjukehus, Kvinnherad - HER id 113028   
  • Adresse: Spesialisert behandling, Valen sjukehus v/ambulant sikkerhetsteam, Sjukehusvegen 23, 5451 Valen 

Les meir om kurs i sinnemeistring 

Sist oppdatert 26.02.2026