Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Valen sjukehus

Læring og meistringssenter psykisk helsevern og rus

Lærings- og meistringssenteret psykisk helsevern og rus dekker heile Helse Fonna og har base på Valen sjukehus.

Vi arbeider for å styrke pasientar og pårørande si helse og livskvalitet gjennom ulike opplæringstiltak der erfaringskompetanse og brukarmedverknad frå pasientar og helsepersonell på sjukehus er sentrale element.

Pasient- og personalundervising på sjukehuset, gruppesamtalar på enkelte postar, og temakveldar ut i kommunane der ein samarbeider med brukarorganisasjonar og kommune er blant desse tiltaka.

Også fagpersonell, studentar og elevar vil ha nytte av tilboda våre.

Sjå kurs og les meir om LMS

Sist oppdatert 27.02.2026