Barnehage
Barnehagen si rolle er å sikre at alle barn får eit inkluderande barnehagetilbod der dei kan leike, meistre, lære og utvikle seg. I det psykiske helsearbeidet er barnehagen si rolle å fange opp teikn og signaler ved barnet som gir grunn til uro, som manglande trivsel, omsorgssvikt eller at barnet ikkje utviklar seg som forventa. Ved uro for eit barn si psykiske helse eller utvikling, skal barnehagen samarbeide med føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at vanskane blir vurdert hos rett teneste.
Her finn du informasjon om barnehagen si rolle innan forløpa for barn og unge med psykiske helseplager.
Sist oppdatert 05.03.2023