Guide: Innføring av Barn og unges helseteneste
Avklare behov og etablere prosjekt
Før oppstart treng de eit klart bilete av dei lokale utfordringane og ei prosjektorganisering som svarar ut behovet.
1. Kartlegge lokale utfordringar
Kva utfordringar har vi i den lokale samhandlinga, og kvifor treng vi Barn og unges helseteneste hos oss?
- Bruk lokal statistikk, tall og fakta. Døme på tal:
- tilvisingar/avslag til BUP
- tilvisingsratar og pasientgrunnlag frå kommunane
- tal frå UngData-undersøkingar i kommunane
- bruk av helsetenester
- 0-punkt undersøkingar i kommunar med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI)
- Vurder behovet for workshopar der fagfolk kartlegg lokale utfordringar i samhandlinga.
- Oppsummer funn og gevinstar, og lag ein plan.
2. Definere mål og delmål
Bli einige om målet for prosjektet. Kva skal vi oppnå gjennom arbeidet hos oss?
- Lag konkrete mål basert på det lokale utfordringsbiletet. Beskriv kva de ønskjer å endre.
- Sikre felles forståing av utfordringar og mål i prosjektgruppa.
- Gjennomfør gjerne ei workshop der prosjektgruppa blir einige om visjonen og hovudmåla for arbeidet.
3. Etablere prosjekt
Det er viktig å etablere ei prosjektgruppe og velje ein prosjektleiar for å sikre kvalitet og framdrift i prosjektarbeidet.
Prosjektet bør:
- ha representantar frå både kommunar, helseføretak og brukarar.
- ha regelmessige møter
- fordele arbeidsoppgåver og roller
- ha ein enkel prosjektplan med følgjande hovudoverskrifter og struktur:
- Beskrivelse av det lokale utfordringsbiletet
- Hovudmål og delmål
- Prosjektorganisering med styringsgruppe, prosjektgruppe og nettverk med ressurspersonar
- Milepæler og leveranser
- Framdriftsplan
- Kommunikasjonsplan
4. Etablere styringsgruppe eller referansegruppe
Dersom satsinga blir organisert som eit prosjekt, er det naturleg å ha ei styringsgruppe eller referansegruppe som har overordna ansvar for prosessen og gjer prioriteringar.
- Vurder behov for ei styringsgruppe med beslutningsmynde, eller om det er nok å ha ei referansegruppe som gir råd og rettleiing.
- Sikre brei involvering i styrings- eller referansegruppa ved å inkludere kommunar, helseføretak og brukarar.
- Sikre forankring på alle nivå og hos alle interessentar ved å involvere strategisk leiing i kommune og føretak, fagpersonar i tenester for barn og unge, og ved å ha med brukarrepresentantar.
- Bruk gjerne etablerte strukturar som Fagleg samarbeidsutval for barn og unge i Helsefellesskapet, eller andre underutval for barn og unge, med representantar frå kommune og spesialisthelsetenesta.
- Ved fleire delprosjekt, tenk felles styring/referanse og overordna prosjektgruppe.
5. Lære av andre
Når vi byggjer på erfaringane og kompetansen til andre, kan vi få gode råd og tips – og unngå å gjere de same feila. Her er nokre råd for korleis du kan søke støtte og rettleiing:
- Sjå på tilsvarande prosjekt – og lær av dei. Det finst mykje god informasjon på nett.
- Kontakt prosjektleiarar med erfaring frå liknande prosessar.
- Etabler eit nettverk for erfaringsdeling med tilsvarande prosjekt – ha jamlege møter.
- Sjekk om det finst ressursar i føretaket og kommunane som kan gi prosjektrettleiing – til dømes samhandlingsavdelinga eller forsking og innovasjon.
- Inviter gjerne kunnskapssentre og statsforvaltar til å vere ressurspersonar.