Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Guide: Innføring av Barn og unges helseteneste

Bli kjend med samhandlingsforløpa

For å bli kjent med samhandlingsforløpa som verktøy, kan du arrangere både samhandlingsdagar for kulturbygging og arbeidssamlingar som tek for seg det faglege innhaldet.

1. Skap ein arena for kulturbygging og dialog

Samhandlingsdagar

Ein arena for erfaringsdeling og gruppearbeid der ein kan skape ei felles forståing av utfordringsbiletet og kvifor vi treng å samordne tilbodet for barn og unge lokalt.

Alle prosjekta i Barn og unges helseteneste har gjennomført samhandlingsdagar for å vurdere barrierar og moglegheiter for god samhandling – og for å bli kjende med samhandlingsforløpa slik Helse Fonna har utforma dei. 

Kven deltar?

Brei deltaking er viktig for å sikre at alle involverte får lik informasjon og det vidare arbeidet i prosjektet. Representantar frå alle tenester for barn og unge i den aktuelle regionen kan delta, til dømes:

  • fastlegar
  • kommunale tenester
  • spesialisthelsetenesta
  • brukarrepresentantar

2. Planlegge samhandlingsdagar

Bruk god tid til å planleggje samlingen – tenk gjennom detaljar og gjer alle nødvendige førebuingar.

Kven bør inviterast og delta?

For å sikre samhandling og innspel frå alle relevante tenester, bør du invitere brukarar og sentrale representantar frå både kommune og spesialisthelsetenesta:

Brukarar

  • Ungdomsråd i kommune og helseføretak
  • Brukarorganisasjonar
  • Ungdom og foreldre med erfaring frå tenestene

Kommune

  • Kommuneoverlege
  • Helsestasjon og skolehelseteneste
  • Psykisk helseteneste
  • Barnevernteneste
  • PPT
  • Skoleleiing
  • Barnehageleiing,
  • Koordinerande eining
  • Barnekoordinatorar
  • Helse- og omsorgsleiarar
  • Fysio- og ergoterapiteneste
  • Oppvekstsjefar/sektorleiarar med ansvar for tenester for barn og unge

Spesialisthelsetenesta

  • Leiinga og sentrale fagpersonar frå BUP
  • Habiliteringstenesta
  • Somatisk barneavdeling

Fastlegar

  • Kommuneoverlege frå kvar kommune
  • Praksiskoordinator (PKO) – legar som er knytt til helseføretaket

Invitasjonen

Lag ein invitasjonstekst som er tydeleg på målgruppa for arrangementet og måla for dagen. Bygg samhandlingskultur allereie i invitasjonsteksten, og legg vekt på samskaping på tvers av brukarar, kommunar og spesialisthelsetenesta (skap eit "vi").

3. Gjennomføre samhandlingsdagar

Sett konkrete læringsmål for arrangementet: Kva ønskjer de at deltakarane skal sitje att med når dagen er slutt? Sørg for at programmet er laga for å nå måla. 

Forslag til program

Her er eit forslag til program for samhandlingsdagen. Opplegget er brukt i fleire prosjekt og har fått gode tilbakemeldingar. Programmet er laga for ei heildagssamling.

Del 1: Kvifor treng vi betre samhandling?

  • Velkomst og mål for dagen
  • Innlegg frå brukar/foreldre
  • Innlegg frå kommunal leiing
  • Innlegg frå fastlege/kommuneoverlege
  • Innlegg frå leiar i BUP

Del 2: Gruppeoppgåver

  • Kva barrierar har vi i samhandlinga?
  • Kva skaper god samhandling?
  • Drømmetenesta for barn og unge
  • Arbeid med samtaleverktøyet "Saman" der ein jobbar med kasus, roller og ansvar i enkeltsaker

Del 3: Informasjon om barn og unges helseteneste

  • Film om barn og unges helseteneste
  • Inspirasjons- og erfaringsinnlegg frå anna prosjekt
  • Presentasjon av planar for det lokale prosjektet og kommande aktivitetar

4. Skape lokalt eigarskap

Arbeidssamlingane er ein arena som hjelper oss å få lokal eigarskap til samhandlingsforløpa ved å jobbe saman om tekst.

Hovudhensikta med arbeidssamlingane er å involvere sentrale fagpersonar og leiarar i arbeidet med det faglege innhaldet, og å skape lokalt eigarskap til samhandlingsforløpa som verktøy.

Sjekkliste for førebuing til arbeidssamlingar

Førebuing av innhald

  • Sett av tid til å gå gjennom samhandlingsforløpa.
  • Vurder om forløpa kan brukast som dei er, eller treng lokale tilpassingar.
  • Sørg for at alle involverte har ei felles forståing av utfordringsbiletet og formålet med forløpa. 
  • Gjennomfør gjerne samhandlingsdagar før du startar med tekstarbeidet – for å unngå misforståingar og unødvendig motstand. 
  • Ver tydeleg på at samhandlingsforløpa er verktøy, ikkje krav som nødvendigvis må innfriast fullt ut.

Planlegging av arbeidssamlingane

  • Bestem korleis samlingane skal organiserast.
  • Avklar kven som skal inviterast:
    • mange tilsette frå kommunane, eller
    • berre sentrale fagpersonar og leiarar.
  •  Vel om samlingane skal haldast:
    • kommunevis
    • avdelingsvis
    • eller som større felles samlingar med lokal BUP og tilhøyrande kommunar.

5. Arrangere arbeidssamlingar

Gjennomfør arbeidssamlingar for å jobbe med innhaldet i dei faglege tekstane. Legg opp samlingane slik det passar best ut frå lokale forhold og kor tett involvering de ønskjer.

Gjennomføring av arbeidssamlingar

I dei fleste prosjekta er det halde større arbeidsseminar der deltakarane blir delte inn i grupper og arbeider med det faglege innhaldet. Gruppearbeidet kan organiserast på ulike måtar. Nokre vanlege prinsipp for gruppeinndeling er:

  • Tematiske grupper: Deltakarane blir delte i tverrfaglege grupper som jobbar med eitt samhandlingsforløp kvar – gjerne ut frå interesse eller kompetanse.
  • Tenestegrupper: Deltakarane blir delte etter kva teneste dei jobbar i, og arbeider med tekstane som gjeld eiga teneste. 
  • Kommunegrupper: Leiarar eller sentrale fagpersonar i kvar kommune gjennomgår eitt eller fleire samhandlingsforløp saman. 
  • Kombinert opplegg: Ein kan starte med kommune- eller tenestegrupper og deretter går over til tematiske grupper for vidare arbeid.

Dersom ein deler deltakarane i grupper etter tema eller samhandlingsforløp, kan ein bruke kasusbeskrivingar for å gjere tekstane meir relevante. Det kan også vere nyttig å ha med brukarrepresentantar med erfaring som er knytt til det aktuelle temaet.

Fleire prosjekt har også valt å gjennomføre eigne møte med enkelte tenesteleiarar, til dømes PPT-leiarar, for å bli einige om innhaldet før arbeidssamlingane.

6. Inngå i forvaltningsmodell

Du kan laste ned samhandlingsforløpa og ta dei i bruk ved førespurnad. Dersom du ønskjer det, kan du også vere med i den felles forvaltninga av det faglege innhaldet.

Grunnprinsipp i forvaltningsmodellen

Samhandlingsforløpa for barn og unge blir publiserte i Felles nettløysing for spesialisthelsetenesten (FNSP). Du kan laste ned heile eller deltar av innhaldet og tilpasse det lokalt. Forløpa blir reviderte årleg, med mindre oppdateringar undervegs.

Forvaltningsmodellen har desse grunnprinsippa:

Lokal forvaltning: Kvart helsefellesskap forvaltar eigne tilpassingar. Ein lokal fagperson bør ha ansvar for publisering og oppfølging av samhandlingsforløpa.

Innspelsrunde: Endringsforslag blir samla årleg gjennom helsefellesskapa og sendt til redaksjonen. Mindre rettingar kan meldast inn fortløpande via Om barn og unges helseteneste - Helse Fonna HF.

Ressursgruppe: To representantar frå kvart helsefellesskap (føretak og kommune) møtast årleg for å gå gjennom endringsforslag og gi anbefalingar. Kompetansesentra i Vest, til dømes RKBU Norce og RVTS, deltek i ressursgruppa.

Ansvarleg redaktør: Helse Fonna har hovudansvar for forvaltning og redaksjon.

Sist oppdatert 25.03.2026