Guide: Innføring av Barn og unges helseteneste
Forankre og kommunisere
Forankring er avgjerande for å lukkast med eit prosjekt, og skjer gjennom systematisk og strategisk involvering av alle partane det gjeld.
1. Forankre prosjektet i Helsefellesskapet
Kva er Helsefellesskapet?
- Helsefellesskapet er ein fast samarbeidsarena der helseføretak (sjukehus) og kommunar i same opptaksområde arbeider saman om å planleggje, utvikle og betre helse- og omsorgstenester.
- Helsefellesskapene har ein tredelt struktur: partnerskapsmøte, strategisk samarbeidsutval (SSU) og faglege samarbeidsutval (FSU).
- Barn og unge er eit av dei prioriterte satsingsområda for helsefellesskapa, og det finst eit eige fagleg samarbeidsutval (FSU) for barn og unge der representantar møtast for å drøfte tilbodet til barn og unge på tvers av kommunar og spesialisthelsetenesta.
Kva betyr det å forankre prosjektet i Helsefellesskapet?
Når du startar eit prosjekt, bør du ta kontakt med det faglege samarbeidsutvalet og drøfte:
- korleis prosjektet skal bli forankra i strukturen til Helsefellesskapet
- kva rolle FSU-et skal ha i prosjektet
2. Involver brukarar
Ved å involvere brukarar i prosjektet, skapar du engasjement og sikrar at forbetringane som blir drøfta, er nyttige for dei som skal bruke tenestene.
Korleis involverer du brukarar?
For å få god brukarinvolvering i heile prosjektet, bør du involvere brukarar på alle nivå i prosjektet:
- Prosjektgruppa
- Styrings-/referansegruppa
- Alle arrangement som finn stad i prosjektperioden
Korleis kjem du i gang?
- Få oversikt over formelle, lokale brukarorganisasjonar, og ta kontakt med dei for å drøfte korleis dei kan bli involverte.
- Sjå om sjukehuset har eit ungdomsråd, der ungdom med erfaring frå tenestene deltek. Dei fleste sjukehus har slike råd.
- Bruk sjukehuset sitt brukarråd, og spør om dei har moglegheit til å delta i prosjektet.
- Vurder andre relevante brukarorganisasjonar, som Mental Helse Ungdom, ROS, Autismeforeninga og ADHD-foreningar.
- Involver fleire brukarrepresentantar på arrangement og i arbeidsgrupper.
- Ha eigne møter med brukarrepresentantar for å sikre at dei blir ivaretekne gjennom heile prosessen.
3. Involver leiarar
For å lukkast med prosjekt- og utviklingsarbeid, må arbeidet alltid forankrast hos leiinga på alle nivå og i alle involverte tenestar i både kommunar og helseføretak.
Korleis involverer du leiarar?
- Bruk god tid på å kartlegge aktuelle interessentar.
- Bruk god tid på å lage ein god plan for korleis prosjektet skal forankrast i etablerte leiingsstrukturar og leiarnettverk.
- Ta kontakt med relevante nettverk og fora – be om å få vere med på aktuelle møter for å informere om prosjektet.
- Inviter til eigne strategiske samlingar for leiarar – sikre forankring både før prosjektstart og gjennom prosjektperioden.
4. Etabler nettverk av ressurspersonar
For å sikre god forankring av prosjektet i alle involverte kommunar og teneser, bør du etablere eit nettverk av ressurspersonar.
Korleis etablerer du nettverk?
- Etabler tidleg eit netterk med ein eller to ressurspersonar frå kvar kommune og avdeling i sjukehuset – dei kan vere ambassadører for prosjektet.
- Involver ressurspersonar aktivt gjennom heile prosjektperioden, til dømes inviter dei til samlingar på Teams for å spare tid og reise – då opprettheld du forankringa.
- Sikre at ressurspersonar i kvar kommune har eit tydeleg mandat frå leiinga til å motta informasjon og sende informasjon vidare innad i kommunen.
- Du bør også nytte etablerte nettverk på tvers av kommunane for å informere om prosjektet og sikre forankring, til dømes nettverk for barnehagar, skular, helsestasjon og skulehelsetenesta, PPT, barnevern og helse. Finst det ikkje slike nettverk, kan du kalle inn til eigne møter for å informere og hente innspel undervegs.
5. Ver offensiv i kommunikasjonen
Ver utadretta og bruk ulike kanalar for å vekkje mersemd for prosjektet.
Korleis sikrar du god kommunikasjon?
- Ha ein tydeleg kommunikasjonsstrategi for prosjektet for å sikre god kommunikasjon, eigarskap og engasjement.
- Vurder å ta kontakt med kommunikasjonsavdelinga i helseføretaket eller kommunane – dei kan kome med råd til strategien og tiltaka.
- Inviter lokale aviser til samhandlingsdagar/arrangement, eller vurder å lage pressemeldingar eller ein artikkel som kan sendast ut til lokale medier – nyheiter om arrangement eller aktuelle ting som skjer i prosjektet kan skape engasjement og interesse.
- Bruk gjerne ei prosjektside eller sosiale medier for å informere gjennom prosessen.