Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Guide: Innføring av Barn og unges helseteneste

Ta i bruk samhandlingsforløpa

Å innføre samhandlingsforløpa inneber å ta dei i bruk i tenestene, lage kart over tenestene til barn og unge, og styrkje samarbeidet mellom tenestene.

1. Ta i bruk samhandlingsforløpa

Målet er at samhandlingsforløpa skal bli kjende og tekne i bruk av fagfolk i tenestene. Tiltaka handlar om å informere om samhandlingsforløpa og gi fagfolk nødvendig kompetanse. 

Implementeringstiltak

I prosjekta under Barn og unges helseteneste er det gjennomført fleire tiltak for å gjere samhandlingsforløpa kjende og få tatt dei i bruk. Nokre eksempel på tiltak:

  • Felles implementeringssamlingar for kommunar og helseføretak

I Helse Fonna blei det gjennomført ein stor kick-off med informasjon om prosjektet og parallelle seminar om kvart av forløpa. Det blei gitt opplæring i tidleg oppdaging og aktuelle tiltak ved ulike tilstandar basert på innhaldet i samhandlingsforløpa.  

  • Lokale samlingar i kvar kommune og BUP

Dei fleste prosjekt har hatt lokale samlingar i kvar kommune og BUP. Der fekk leiarar og nøkkelpersonar informasjon, drøfta korleis forløpa kunne takast i bruk og korleis ein kan skape meir samanhengande tenester i praksis. 

  • Kompetansehevingstiltak for fagfolk i tenestene

Eksempel er opplæring i kartleggingsmetodar for helsestasjonane (spedbarn sin psykiske helse) og fagdag om spiseforstyrringar for alle kommunane. 

2. Lage kart over tenestene

Helse Stavanger har utvikla verktøyet "Sammen". Det kan brukast til å lage oversikt over det lokale tenestetilbodet og som samtaleverktøy på samhandlingsdagar og implementeringssamlingar.

  • Sammen-verktøyet er utvikla for å støtte innføringa av samhandlingsforløpa i Barn og unges helseteneste. Kartet finst både for enkeltkommunar og for heile regionar, og gir ein visuell oversikt over tenestetilbodet og dei sju samhandlingsforløpa.
  • Sammen fungerer også som ein øvingsplattform, med oppgåver og kasus som er knytte til dei ulike rollene og ansvarsområda i tenestene, samt oppgåve som handlar om samhandlingsforløpa. 

Kartet kan brukast både på samhandlingsdagar og implementeringssamlingar for å gjere fagfolk kjende med samhandlingsforløpa. Målet er å få i gang gode diskusjonar om:

  • Korleis vi kan setje behova til barn, ungdom og familiar i sentrum
  • Korleis vi kan skape trygge og gode forløp på tvers av tenester
  • Korleis vi kan koordinere oss når vi skal samarbeide om eit barn, ein ungdom eller ein familie

3. Gjere tenestene meir samanhengande

Lag tiltak ut frå innsikten som er samla inn. Dette kan gjerast ved å be om innspel frå aktuelle aktørar, gjennom arbeidsmøter eller ideutviklingsworkshops. Vurder idear og tiltak på løysingar, og prioriter desse ut frå gjennomførbarheit og moglege gevinstar.

Korleis bli enige om tiltak?

Innsikta som er samla inn vil vise tydelege utfordringar og behov. Bli enige om konkrete tiltak som kan gi forbetringar.

  • Ideutviklingsworkshop

Ein ideutviklingsworkshop kan vere en god måte å samle og utvikle konkrete og målbare tiltak som kan testast ut i etterkant.   

  • Prioritering av tiltak

Vurder forslag til tiltak og prioriter ut frå gjennomførbarheit og moglege gevinstar. Her kan de bruke epletre-modellen eller prioriteringsmatrise. Bli einige om kva tiltak de ønskjer å teste ut (pilotere) og kvar dei skal testast. 

  • Utprøving av tiltak

Bli einige om kven som skal vere med i utprøvinga, korleis ansvaret skal delast, og kor lenge utprøvinga skal vare før evaluering. Eit aktuelt tiltak kan vere avklaringsmøter i kommunen før tilvising til BUP, rettleiing eller faste samhandlingsmøter. 

  • Evaluering av tiltak

Tiltaka bør evaluerast undervegs og etter at testperioden er ferdig.

4. Måle gevinstar og evaluere resultat

Endringar i samhandling er vanskeleg å måle. Det finst få tal som gir oss eit godt bilde av korleis samhandlinga faktisk fungerer. For å evaluere om gevinstane er oppnådde, må du derfor ta utgangspunkt i tilgjengelege måliingar og gjere enkle spørjeundersøkingar for å få meir informasjon. 

Korleis målar du gevinstar?

I Helse Fonna har både kommunar og spesialisthelsetenesta rapportert at arbeidet med Barn og unges helseteneste har ført til betre samhandling, tydeligare roller og ansvarsområder, og meir effektive forløp for barn og unge. Etter implementeringa har avslagsprosenten på tilvisingar til BUP gått ned, særleg tilvisingar frå kommunale tenester. Avslag på tilvisingar blir no nesten berre gitt til fastlegar som ikkje brukar sjekklistene for tilvising i samhandlingsforløpa. 

Måleparametre som kan målast over tid:

  • Avslagsprosent ved kvar BUP.
  • Brukartilfredsheit med samhandling, målt ved brukarerfaringsundersøkingar i BUP-ane, eigne spørsmål om korleis ungdomar og føresette opplever samarbeidet melloom BUP og kommunale tenester.
  • BUP si samhandling med andre tenester, målt ved koding i Nasjonale pasientløp barn og unge.
  • Fagfolk si vurdering av samhandling mellom tenester, målt ved bruk av enkle spørjeskjema som blir sendt ut til tenestene.

For å følgje utviklinga av avslagsprosenten har Helse Vest laga ein rapport på bakgrunn av NPR-tal som visar tilvisingsrater frå kvar kommune og avslagsprosent. Rapporten er berre tilgjengeleg internt i Helse Vest.

 

Klikk på lenka under for å gå tilbake til guideoversikta

Sist oppdatert 26.03.2026