- Abort - planlagt abortDu har lovfesta rett til sjølvbestemt abort innan utgangen av den tolvte svangerskapsveka. Dersom du er kome lengre i svangerskapet, må du søke abortnemnda om å få ta abort.
- Abort - spontan abortEin spontanabort er når svangerskapet går til grunne før fosteret er levedyktig. Dette skjer i 10 til 20 prosent av alle erkjente svangerskap. Spontanabort kan skje så seint som i 22. svangerskapsveke, men 97 prosent skjer i løpet av dei første tolv vekene.
- ADHD hos voksneADHD står for attention-deficit/hyperactivity disorder og kan kjennast igjen ved uttalt merksemdssvikt, uro, rastløyse og impulsivitet. ADHD-diagnosen kan også bli stilt når symptombildet hovudsakleg er kjenneteikna ved merksemdssvikt (ADD).
- Akutt leukemiLeukemi (blodkreft) er kreft som oppstår i celler i blodet eller blodproduserande celler i beinmargen. Mellom 200 og 250 personar får påvist akutt leukemi kvart år i Noreg. Sjølv om akutt leukemi er ein av dei vanlegaste kreftformene blant barn, er dei fleste som får akutt leukemi eldre.
- Alkohol og helseSmå mengder alkohol innebærer vanligvis liten skaderisiko for friske personer, men tidligere antakelser om at alkohol er bra for helsen er tilbakevist av nyere forskning. Alkohol er en risikofaktor for skade på kort sikt, og underliggende årsak til en rekke sykdommer på lang sikt. Alkohol er den tredje viktigste sykdomsfremkallende faktoren i den vestlige verden, og mer enn 60 ulike sykdommer kan knyttes til overforbruk av alkohol.
- Alkoholproblemer, rus og avhengighetsbehandlingNår alkoholbruken har komme ut av kontroll, og du har utvikla ein avhengnad, vil ein vesentleg del av behandlinga vere å få kontroll på impulsane til å bruke alkohol – uansett årsak.
- Allergiutredning hos øre-nese-hals-spesialist, voksneAllergirelaterte symptom kan komme frå øvre og nedre luftvegar, mage og tarm eller frå huda. Ein del symptom frå dei øvre luftvegane, særleg nasen, kan minne om allergi utan å vere det. Pollenallergi, som også blir kalla høysnue, er den mest vanlege forma for allergi.
- Allergivaksinasjon av vaksneAllergivaksinering er aktuelt for deg som har uttalt allergi, særleg mot pollen og bie- og vepsegift, men også mot dyrehår eller husstøvmidd. Allergivaksinasjon kan redusere eller kurere ein allergisk sjukdom.
- ALS, muskelsvinnsykdomALS er en sjelden progressiv nervesykdom som forårsaker gradvis svinn av motornevroner i hjernebarken og ryggmargen. De første symptomene ved ALS er ofte svekkelse i en arm, i et bein eller utydelig tale. Hos noen kan ALS gi kognitive vansker.
- Angst, barn og ungeAngstlidingar er den vanlegaste psykiske helseplaga blant barn og ungdom. Ein reknar med at rundt 20 prosent av barn og unge slit med symptom på angst. Tre til fem prosent har så alvorlege plager at dei får diagnosen angstliding. I dag finst gode metodar for å hjelpe barn og ungdom med å meistre angst.
- AngstlidelserAngstlidingar er ei samlenemning for tilstandar som omfattar meir enn forbigåande uro eller frykt. Hos personar med ei angstliding forsvinn ikkje den irrasjonelle frykta eller uroa, og den kan bli verre over tid.
- Anoreksi hos voksne, dagbehandlingAnoreksi er en alvorlig psykisk lidelse som kjennetegnes ved utilstrekkelig matinntak som fører til undervekt (BMI under 17,5), intens frykt for vektøkning, og vedvarende atferd som forhindrer vektøkning. Selvfølelse er overdrevent relatert til kroppsbilde, og mange syns det er vanskelig å forstå alvoret i situasjonen.
- ApnéskinneApnéskinne består av ein plastgomme tilpassa tennene både i over- og underkjeven. Det er eit sambands-stag mellom plastgommane, som bidreg til å halda underkjeven stabiliserte i noko framskoven posisjon under søvn. Då unngår ein at underkjeven sig ned og bakover, og sikrar dermed luftpassasjen bak tunga og gjennom nedre del av svelget når ein søv.
- Arbeids-EKG ved Haugesund sjukehusArbeids-ekg (elektrokardiogram) gir informasjon om hjartefunksjonen under belastning. Arbeids-ekg blir brukt for å diagnostisere hjartesjukdom, for å få opplysningar om kor alvorleg sjukdommen er og for å vurdere effekt av behandling. Dersom blodårene til hjartemuskelen er tronge, vil vi kunne oppdage det ved undersøkinga. Den vert i tillegg brukt for å vurdere fysisk kapasitet. Testen vert utført på ergometersykkel eller tredemølle med gradvis aukande belastning.
- ArrbrokkEit arrbrokk er eit brokk som oppstår i eit operasjonsarr i buken. Behandlinga er operasjon, anten som open operasjon eller kikkholskirurgi (laparoskopi).
- Asperger syndrom, voksneAspergers syndrom er en autismespekterforstyrrelse, der særtrekk er til stede mer eller mindre hele tiden og fører til generelle vansker med å fungere i hverdagen. Vanskene er til stede fra tidlig barndom.
- Autismespekterforstyrrelse hos voksneBarneautisme, atypisk autisme og Asperger syndrom hører til i en diagnosegruppe kalt gjennomgripende utviklingsforstyrrelse eller autismespekterforstyrrelser.
- Autismespekterforstyrring hos barn og ungdomAutismespekteret omfattar fleire ulike diagnosar. Dei vanlegaste er barneautisme, asperger syndrom og atypisk autisme.
- Avrusing frå alkoholAvrusning frå alkohol bør skje på institusjon når det er fare for alvorlege avrusingsreaksjonar, når du tidlegare har hatt delirium tremens (akutt forvirring utløyst av alkoholabstinens) eller abstinenskramper. Det er også tilrådeleg viss du har samtidige alvorlege somatiske eller psykiske helseproblem, andre kompliserande tilstandar (som graviditet) og viss du har avhengigheit av fleire rusmiddel eller blandingsmisbruk.
- Avrusing frå benzodiazepinerAvrusing på institusjon inneberer medikamentelle, medisinske, miljøterapeutiske og sosiale tiltak for å hjelpe deg å kome gjennom avrusings- og abstinensfasen ved benzodiazepinavhengigheit. Du får tilbod om opphald i eit skjerma miljø med individuelle tiltak for akkurat din tilstand.
- Avrusing frå opioidPersonar som ønsker avrusing av opioider bør innleggast på institusjon etter anbefaling frå helsedirektoratet sine retningsliner for avrusing. Opioider er her brukt som felles nemning på preparat/rusmiddel som for eksempel heroin, morfin, metadon og buprenorfin.
- BarnekreftDet er sjeldan at barn får kreft. I Norge er det kvart år rundt 200 barn og unge under 18 år som får ein kreftdiagnose. Barnekreft skil seg frå kreft hos vaksne, stort sett fordi barn og unge får heilt andre krefttypar enn vaksne.
- BeinmargskreftBeinmergskreft eller myelomatose er ein sjukdom som kan ha eit svært ulikt forløp frå person til person. Det er ein alvorleg sjukdom som begynner i plasmacellene i beinmergen. Oftast blir beinmergskreft behandla med cellegift og/eller stråling.
- Bekymring for barn i alder 0-3 årSmå barn kan ha vanskar eller utviklingsforstyrringar som gjer at dei har behov for hjelp. Nokre teikn på psykiske vanskar i alder 0-3 år kan vere at barnet blir veldig stille og tilbaketrekt, gir lite kontakt eller respons, har innsovningsvanskar eller spisevanskar, er veldig uroleg, gret mykje og er vanskeleg å trøyste, eller at barnet snakkar lite og strever med å gjere seg forstått.
- Benmargsprøve fra hoftekamBeinmergsprøve er ei vevsprøve som blir tatt frå hoftekammen med hjelp av eit spesielt instrument. Prøva viser korleis blodproduksjonen er, og om det eventuelt finst teikn på sjukdom i beinmergen. Prøva blir gjennomført under lokalbedøving.
- Betennelse på hornhinnenBetennelse i hornhinnen skyldes ofte infeksjon med virus, bakterier, parasitter og sopp. Symptomer kan blant annet være nedsatt syn, smerter og lysømfintlighet.
- Biopsi (vevsprøve)
- Bipolar lidelseBipolar liding vert kjenneteikna av gjentakande og store variasjonar i humør, energi og aktivitetsnivå. Bipolar liding omfattar både depressive episodar og periodar med sterk oppstemd, også kalla mani eller hypermani.
- BlindtarmbetennelseBlindtarmen er eit lite vedheng som er festa til den første delen av tykktarmen. Her kan matrestar eller små forsteina avføringsklumpar sette seg fast, som igjen kan føre til betennelse. Den betente blindtarmen må som regel opererast. Blindtarmbetennelse opptrer oftast hos unge vaksne, men kan førekomme i alle aldrar.
- Blindtarmstomi hos barnEin blindtarmstomi blir brukt for å skylja tjukktarmen viss barnet har avføringsproblem i form av alvorleg forstopping eller avføringslekkasje (inkontinens). Dette kan vera eit godt alternativ til klyster i endetarmen.
- BlodprøveVed blodprøver tappar vi litt blod og undersøker det. Vi analyserer blodet for å få eit bilete av kva som skjer i kroppen din. Det kan vi sjå ved å studere antal blodceller og samansettingar av ulike biokjemiske stoff. Ei blodprøve blir tatt for å finne normale eller sjukelege forhold i kroppen. Vi kan også bruke blodprøva til å sjå om du har fått i deg legemiddel eller giftstoff.
- Blodtrykksbehandling ved hjerneslagI akutt fase ved hjerneslag vil blodtrykket vere høgare enn vanleg. Det kan vere behov for å senke blodtrykket med medisinar. Blodtrykksverdiane for når behandlinga blir starta er ulik frå hjerneblødning, hjerneinfarkt, og om du får trombolyse.
- BlodtrykksmålingBlodtrykket ditt blir som regel målt når du blir innlagt på sjukehus. Sjukdommen du har og kva du som skal bli behandla påverkar kor ofte blodtrykket ditt blir målt.
- Blodtrykksregistering i 24 timarFormålet med testen er å få ein status på blodtrykket ditt på dagtid og om natta, under kvardagsaktivitetar og under fysisk aktivitet. Denne testen tek vi for å stadfeste om du har høgt (eller lågt) blodtrykk, eller om det varierer veldig i løpet av døgnet. Ofte bruker vi blodtrykksregistrering i 24 timar dersom vi mistenker at du treng behandling for høgt blodtrykk (hypertensjon).
- BlærekreftBlærekreft er ein eller fleire svulstar som veks ut frå urinblæras indre overflate. Blærekreft er den fjerde vanlegaste kreftforma blant norske menn. Tal på tilfelle av blærekreft er aukande blant kvinner. Dei som røyker er spesielt utsett. Blærekreft behandlast hovedsakleg med operasjon.
- Blærekreft - MitomycinbehandlingMitomycin er ei type cellegift som blir brukt ved ulike kreftformer. Legemiddelet blir gitt direkte i blæra, og vil derfor ikkje ha dei biverknadane som elles er knytt til cellegiftbehandling, som for eksempel håravfall og kvalme.
- Blærekreftoperasjon (TURB)TURB står for "Transuretral reseksjon av blæretumor", som betyr å fjerne svulst i blæra ved tilgang gjennom urinrøyret. TURB blir utføra på alle pasientar med påvist eller sterk mistanke om blærekreft. Operasjonen blir utført i spinalbedøving eller narkose.
- Blærekreftoperasjon, fjerning av prostata og blære (cystoporstatektomi)Operasjon for muskelinfiltrerande blærekreft open teknikk eller kikholskirurgi med ein operasjonsrobot. Det er ikkje vist forskjell på operasjonane når det gjeld kreftresultat. Begge operasjonsmetodane utførast i narkose.
- BronkoskopiBronkoskopi er ei undersøking dei nedre luftvegane. Det blir brukt ein bøyeleg slange med videokamera, eit bronkoskop. Undersøkinga medfører ingen smerter, men noken kan oppleve det som litt ubehageleg.
- Brot i ankelAnkelen er eitt av dei vanlegaste stadene å få brotskade. Den vanlegaste skademekanismen er kraftig vridning av ankelen. Ved mistanke om brot i ankelen må du kontakte lege. Viss legen vurderer brot, vil du bli vist til røntgenundersøking.
- Brot i handleddetBrot i handleddet er ein av dei vanlegaste brottypane og er brot like ved eller i handleddet.
- Brot i kneKneleddet er eit av dei store ledda i kroppen og skal tåle mykje belastning. For at kneet skal fungere best mogleg etter eit brot, er det viktig at leddflata som har vore involvert i brotet blir sett korrekt på plass og fiksert. Brot i kneet kan omfatte lårbein, leggbein og kneskål.
- Brot i leggDei to knoklane i leggen kan brekke viss noko treff med stor kraft, men også ved kraftig rotasjon. Dei kan brekke kvar for seg eller samtidig og på ulike stader. Dei fleste leggbrot skjer under fysisk aktivitet eller trafikkulukker.
- Brot i skulderSkulderleddet er kroppens mest beveglige ledd. Det stiller krav til både bløyte delar av kroppen (sener, musklar, leddband og nervar) og skulderskjelettet. Brotskadar i skuldra kan omfatta brot i skulderblad (scapula), kragebein (clavicula) eller øvste del av overarm (proksimale humerus).
- BrystkreftBrystkreft er vondarta forandringar som oppstår i brystkjertelvevet. Det er den mest hyppige krefttypen hos kvinner. Nesten alle brystkreftsvulstar kan fjernast, og operasjon er den primære behandlingsmetoden for dette. Nokre gongar er det formålstenleg å gi medisinsk behandling for å minske svulsten før operasjon.
- Bulimi hos voksneBulimi kjennetegnes av hyppige overspisingsepisoder etterfulgt av atferd som skal forhindre vektøkning, som for eksempel selvfremkalt oppkast. Dette påvirker din helse, dine følelser og din evne til å fungere på viktige områder i livet. Man har ofte en følelse av å være ute av kontroll under overspisingsepisodene, og selvfølelsen er overdrevent relatert til kroppsbildet.
- Celleforandringar i livmorhalsenHar du har fått påvist celleforandringar i livmorhalsen, er det viktig å vite at celleforandringar ikkje er kreft, men kan hos nokon (10-15 %) utvikle seg til kreft dersom det ikkje blir behandla. Ein kan ikkje forutseie kva slags celleforandringar som utviklar seg til kreft. Dette er ein prosess som normalt tar lang tid. Alle med uttalte celleforandringar vil få tilbod om behandling.
- CellegiftbehandlingCellegift, også kalla kjemoterapi eller cytostatika, er medisinar som brukast for å behandle sjølve kreftsjukdommen. Cellegift øydelegg kreftcellene. Også friske celler blir skada, derfor opplever mange ulike biverknadar av cellegift.
-1
Side1av 5
3