Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Albuebrudd hos barn

Olbogeleddet består av overarmsknokkelen (humerus) og dei to underarmsbeina spolebeinet (radius) og olbogebeinet (ulna). Ved ein brotskade kan alle tre knoklane vere brekte, men som regel er berre ein skada.

Det er sannsynleg at brotet må bli operert dersom det er avstand mellom brotendane, dersom brotendane står skeivt, eller dersom brotet omfattar sjølve leddflata.

I alle dei tre knoklane er det vekseskiver i nærleiken av olbogeleddet. Ein skade i vekseskiveområdet gjer at vi ønsker å gjenopprette den anatomiske stillinga som var før skaden.  Typen operasjon er avhengig av barnets alder, kvar brotet sit, og kor alvorleg brotet er. 
 
Det er oftast barn mellom fem og ni år som pådrar seg olbogebrot, og brota er ofte i nedre del av overarmsbeinet.

Før

Dersom det ikkje er skade på nerve(r) og/ eller blodkar, og barnet ikkje har store smerter, er det ikkje nødvendig å operere med ein gong. Dersom brotendane ikkje ligg for langt frå kvarandre, kan barnet ha armen i ein stabil gips og vente med operasjonen til dagen etter. 

Behandlinga blir utført i narkose. De kan vere saman med barnet til det har sovna av narkosen, deretter blir de følgt ut av operasjonsstova.

Under

Under operasjonen rettar vi opp brotet, og operatør set inn to metallpinnar gjennom brotet slik at stillinga held seg. Pinnane blir sett gjennom huda, og dei blir ståande til brotet har grodd. Vi legg bandasje og gips utanpå for å beskytte brotet og pinnane i behandlingstida. 

Operasjon 

Dersom vi ikkje lykkast med å rette opp brotet, må vi lage eit snitt i huda og rette brotendane ved ein open operasjon. Vi tar røntgenbilde etterpå som dokumenterer brotstillinga, og dei fleste reiser heim frå sjukehuset operasjonsdagen eller dagen etter. Barnet får med fatle til armen. 
 
Vanlegvis blir brotstillinga kontrollert på poliklinikken etter ei vekes tid. Gipsen blir fjerna, og pinnane blir trekt ut når brotet har grodd, som regel tre til fem veker etter operasjonen. 
 
Barnet må tilbake på sjukehuset, og dei fleste får ein kortvarig narkose når pinnane blir trekt ut. Pinnane kan også bli trekt ut på poliklinikken utan narkose om barnet ønsker det. Dersom barnet har fått kortvarig narkose, kan de reise heim etter eit par timar. Som regel har barnet lite vondt etter at pinnane er fjerna. 

Ulike brot 

Ved brot i spolebeinet (såkalla proksimal radiusfraktur) kan det hende vi må operere inn ein tynn nagle for å rette opp brotet. Ein slik nagle blir sett inn i knokkelen frå handleddsområdet og blir som regel ikkje tatt ut igjen. 
 
Ved brot i olbogebeinet (såkalla proksimal ulnafraktur) bruker vi tynne stålpinnar eller tjukk tråd (som løyser seg opp etter ein del veker) for å halde brotet på plass. Det er som regel nødvendig med gips nokre få veker. Oppfølginga er som nemnt ovanfor. 
 
Brot i knoklane på sida av overarmsbeinet skjer oftast hos barn mellom sju og ni år. Ved slike brot må vi som oftast lage snitt i huda, og ved open operasjon rettar vi opp brotendane. Vi fikserer brotet med pinnar (som ovanfor) eller med ein eller fleire skruar. Dersom vi har brukt skruefiksering, slepp barnet som regel gips mens brotet gror. 

Påverknad på nervar eller skade på blodåre 

Dersom brotet/brota har påverka nervar eller gjort skade på blodkar, er behandlinga og oppfølginga meir komplisert. I olbogeområdet er det tre nervar som går til handa og ei større blodåre. Når barnet kjem til sjukehuset, vil vi derfor kjenne etter puls i handleddsområdet og undersøke om fingerbevegelsane og kjenslesansen i fingrane er intakt. 
 
Dersom vi har mistanke om at nervane er påverka, vil dette nesten alltid bli betre når brotendane blir retta opp. Dersom nervepåverknaden er der etter operasjonen, vil den oftast bli normal igjen etter nokre veker eller månader. 

Ved åreskade rettar denne seg også som regel når brotendane blir sett på plass. Dersom det framleis er mistanke om skade av blodkar, må det bli gjort open reparasjon av åra. 

Sjukehusopphaldet blir då forlenga fordi vi må observere blodsirkulasjonen. Det kan vere barnet må få blodfortynnande medisin nokre veker etterpå for at det ikkje skal danne seg blodpropp i den reparerte åra. 

Smertestillande 

Når barnet blir skrive ut frå sjukehuset, greier det seg vanlegvis med smertestillande som ikkje er reseptbelagt. Dersom det gjer vondt i olbogeområdet sjølv om barnet bruker slike smertestillande, bør de kontakte sjukehuset. 

Forholdsreglar 

Når pinnane står ut gjennom huda, kan det bli infeksjon dersom bandasjeringa og/eller gipsen blir øydelagt. Det er svært viktig at det ikkje kjem vatn under gipsen. Dersom barnet opplever aukande smerter, kan dette vere teikn på infeksjon. 

Etter

Etter at brotet har grodd, startar prosessen med å få tilbake bevegelegheita i olbogeleddet. Barnet greier opptreninga best sjølv gjennom å vere i vanleg aktivitet. 

Som regel er olbogen i varierande grad stiv for både bøy og strekk. Nokre oppnår aldri full strekk i olbogen etter skaden, men forskjellen frå tidlegare er som regel så liten at det ikkje har betydning i det daglege. Hos barn er det sjeldan nødvendig med opptrening hos fysioterapeut. 
 
Dersom brotet er i området med vekseskiver, eller dersom nervane er påverka, kan det vere nødvendig med kontroll ved poliklinikken månader etter brotet har grodd, nokre ganger i nokre få år.

Vi vil då kontrollere at det ikkje blir skeivstilling i olbogeområdet. Dersom bevegelegheita er redusert over tid, kan det bli nødvendig med opptrening hos fysioterapeut. 


Kontakt

  • Kontakt Akuttmottak, Haugesund

    Oppmøtestad

    Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.

    Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert hos akuttmottaket. 

    Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet til akuttmottaket.  

    Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open. 

    En høy vinkel av en bygning

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

    Opningstider for ekspedisjon

    • I dag 08:00 - 22:00

    Transport

    Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

    www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

    www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

    Praktisk informasjon

    Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har tre ladeuttak.

    Reserverte parkeringsplassar

    Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

    Parkeringsavgift

    Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Parkering i Haugesund sentrum

    Sjå P-kart - Haugesund Parkering

     

    Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

    helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

    Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

    Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

    Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
    Laurdag: 9.00-20.00
    Søndag: 10.00-20.00 




    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

  • Kontakt Akuttmottak og overvåking, Odda

    Oppmøtestad

    Akuttmottaket/OVA ligg i 2. etasje på Odda sjukehus. Du kan enten ta heis eller bruke trappene for å kome til oss.

    På dagtid kan du gjerne registrere deg i ekspedisjonsluka i 1. etasje – uansett kor du skal på sjukehuset.

    Kjem du utanfor arbeidstid går du rett opp på avdelinga i 2. etasje. Kjem du nattetid, kan du bruke ringeklokka ved hovudinngangen og nokon vil kome for å ta imot deg.

    En bygning med et fjell i bakgrunnen

    Odda sjukehus

    Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

    Transport

    ​For informasjon om rutetilbod til Odda sjukehus, sjå skyss.no og kolumbus.no. For ekspressbuss, sjå www.nor-way.no.

    Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

    Praktisk informasjon

    Meld deg i ekspedisjonen ved hovudinngangen i 1. etasje når du kjem. Du kan betale i luka eller med Vipps. 

    Logg inn på helse-norge.no for å endre eller avbestille time. Dersom det er mindre enn to arbeidsdagar til timen din, må du kontakte kontaktsenteret vårt på telefon 52 73 90 00.

    Pasientar med behov for overnatting kan ta kontakt med kontaktsenteret vårt på telefon 53 65 10 00. Du må gi beskjed i god tid på førehand. 

    Vi kan tilby rom med enkel standard i vårt hybelhus, som ligg ca. 50 meter frå sjukehuset. Rommet har telefonforbindelse med kirurgisk overvakingspost. Det har også ei ekstra seng dersom du har med deg pårørande.

    I hybelhuset er det tilgang til felles kjøkken og bad. Har du behov for kveldsmåltid, må dette bringast med.

    Du hentar nøklar i ekspedisjonen, som ligg rett ved hovudinngangen i 1. etasje på sjukehuset. Ekspedisjonen er betjent frå kl. 07.30 til 18.00 måndag til fredag. Kjem du etter kl. 18.00, kan du ringe på døra. Personalet vil då kome for å hjelpe deg.

    Du vil få faktura for overnatting på hybelhuset. 

    Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

    Alternativ overnatting i Odda

    Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
     
    Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Der kan du parkere gratis.

    Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

    Reserverte parkeringsplassar

    Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen. 

    På parkeringsplassen sør for sjukehuset finn du reserverte plassar for blodgivarar. 

    Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

    Viss du fått beskjed om å ta blodprøvar, kan du gå til laboratoriet i underetasjen (U-etasje) på Odda sjukehus.

    Opningstider: kvardagar kl. 09.00-14.00

    Trekk kølapp når du kjem.

    Nokre pasientar/pasientgrupper blir prioritert for blodprøvetaking og vi ber om forståing for det. 

    ​Kantina ligg i underetasjen (U-etasje).


    Opningstider

    Måndag-fredag kl. 10.00-12.30

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    Slik gjer du:

    1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
    2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

    Bruk av trådlaust nett er gratis.
     
    Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

    God surfing.

    Det er ikkje minibank ved sjukehuset. ​Næraste minibank ligg i Odda sentrum.

    ​Næraste daglegvare er Bunnpris, 700 meter frå sjukehuset. Adressa er Hjøllo 1, 5750 Odda.

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.