Diagnose
Angstlidelser
Angstlidingar er ei samlenemning for tilstandar som omfattar meir enn forbigåande uro eller frykt. Hos personar med ei angstliding forsvinn ikkje den irrasjonelle frykta eller uroa, og den kan bli verre over tid.
Nokre former for angst er forbunde med bestemte ting eller situasjonar (fobisk angst). Dersom du opplever plutselege angstanfall, blir dette kalla panikkangst. Nokre gonger kjem panikkangsten som lyn frå klar himmel, mens andre gonger er den utløyst av fobiske situasjonar.
Tilvising og vurdering
For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser til utgreiing og behandling, men det finst også anna helsepersonell som kan tilvise. Vi vil då på bakgrunn av prioriteringsrettleiaren «Psykisk helsevern for vaksne» avgjere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.
Utredning
- Korleis påverkar angsten funksjonen din i kvardagen?
- Kor lenge har du vore plaga med angst?
- Er det spesielle hendingar som har utløyst angstplagene?
- Om du også har andre samtidige psykiske plager
- Er angsten isolert til enkelte situasjonar eller ting?
- Korleis er livssituasjonen elles?
- Om du kjenner til andre i familien som har same type plager
- Den personlege historia di
- Sjukdomshistorie (anamnese)
- Strukturert klinisk intervju
Behandling
Det er mogleg å få hjelp for angstproblem. I all behandling er det viktig at du saman med behandlar blir einig om mål for behandlinga. Ein god relasjon til behandlar er viktig for å få god hjelp, og det finst mange ulike behandlingsmetodar. Du blir oppfordra til å ta opp det du ev. er ueinig i eller usikker på, med behandlaren din, slik at de saman kan finne gode løysingar som er tilpassa behova dine.
Samval
Kva behandling som er best for deg kan du og helsepersonell kome fram til saman. Dette kallast samval. Å vere med og bestemme er ein rettigheit du har.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
- Kva alternativ har eg?
- Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
- Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?
Behandlingsmetoder
Psykoedukasjon
Medikamentell behandling
Oppfølging
Det er viktig at du bruker det du har lært i behandlinga. Strategiar for å hindre tilbakefall vil også vere tema i slutten av ein terapi. Målet med terapi er å bli betre på å meistre angsten, men det betyr nødvendigvis ikkje at alle bekymringar blir borte. Ofte er det slik at andre plager knytt til angsten (for eksempel hovudverk eller søvnvanskar) også blir betre etter behandling.