Angstlidingar
Angst er i utgangspunktet ein normal kroppsreaksjon som skal gjere oss i stand til å møte truslar. Angstliding er når angsten blir så sterk og hyppig at han hemmar fungering i kvardagen. Det finst behandling som har gode resultat.
Symptom
Angstlidingar er ei samlenemning for ei psykisk liding prega av angst eller frykt. Nokre angstlidingar er knytt til bestemte objekt eller situasjonar (fobisk angst), for å bli kritisk vurdert av andre (sosial angst) eller for å bli sjuk (helseangst). Angstlidinga kan pregast av vedvarande bekymringar, rastløyse, uro og irritabilitet (generalisert angst). Angst kan også komme som plutselege anfall med sterke kroppslege reaksjonar (panikkangst).
Ulike angstlidingar
Ulike angstlidingar har mange fellestrekk, men også nokre særtrekk:
- Ved sosial angstliding fryktar ein situasjonar der ein risikerer å bli utsett for andre menneskes kritiske blikk og å bli bedømt som nervøs, svak eller dum.
- Panikkliding blir prega av plutselege anfall av intens kjensle av frykt for at det vil skje noko forferdeleg, og med eit sterkt kroppsleg ubehag og dessutan vedvarande redsel for at nye anfall skal oppstå.
- Nokon utviklar også agorafobi, med sterk frykt for å forlate heimen og vere på offentlege stader, til dømes kinoar, kjøpesenter, buss og tog, der det er vanskeleg å komme seg raskt vekk.
- Generalisert angstliding blir prega ved at ein er mykje engsteleg, bekymrar seg konstant for vonde ting som kan hende, og er uroleg og rastlaus.
- Helseangst eller hypokondri er ein vedvarande og invalidiserande frykt for å ha, eller kunne få, ein alvorleg sjukdom.
- Posttraumatisk stressliding oppstår som ein etterverknad av ekstremt skremmande hendingar, som katastrofar, alvorlege ulykker, mishandling og valdtekt. Trusselen blir gjenopplevd som påtrengjande og ubehagelege minne og sterk kroppsleg aktivering.
Eit sentralt trekk ved angstlidingar er utvikling av unnvikelsesatferd, der ein unngår stader eller situasjonar som ein trur vil framkalle angsten. Unnvikelsen er ei årsak til at angsten blir halden oppe, og det største problemet for den daglege fungeringa til personen.
Typiske kjenneteikn
Angst blir kjenneteikna ved bestemde kroppsreaksjonar og tankemønster.
- Kroppsreaksjonar: Høgare puls, hjartebank, anspenthet, skjelving, sveitte og rask pust. Eit angstanfall kan vere følgt av svimmelheit, prikking for auga, kvalme, uvirkelighetsfølelse, nummenhet og smerter i brystet. Alt dette er ufarlege, men skremmande reaksjonar.
- Tankemønster: Det er ein samanheng mellom tankane, den kroppslege aktiveringa og kjensla av angst. Tankar kan skape angst, føre til at angsten aukar og bidra til å halde han ved like. Ein straum av bekymringstankar kan halde oppe stress i kroppen og ei kjensle av fare og av ikkje å ha kontroll. Katastrofetankar er skremmande tankar om ikkje å meistre ein situasjon eller at det er noko alvorleg gale med kroppen, til dømes «Eg svimar av!» eller «Eg dummar meg ut!».
Tilvising og vurdering
For å få eit behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta treng du ei tilvising. Det er som oftast fastlegen som tilviser til utgreiing og behandling, men andre helsepersonell kan også vise. Med utgangspunkt i tilvisinga og prioriteringsrettleiaren "Psykisk helsevern for vaksne", vil vi vurdere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.
Utgreiing
For å kunne gi eit godt behandlingstilbod er det viktig å gjere ei utgreiing av dei problema og plager du søkar hjelp for. Utgreiinga skjer i form av samtale og bruk av ulike kartleggingsverktøy. Dine tankar og meiningar om kva tiltak som passar best for deg, skal tilleggjast stor vekt. Behandlaren din skal lytte til det du har å seie og dine oppfatningar skal bli teke på alvor.
Legen din skal på førehand ha undersøkt om angstplagene kjem ein kroppsleg sjukdom av eller biverknader av medisinar. Utgreiinga består av samtale med behandlar kor følgjande punkt er sentrale:
- Varigheita til angstplagene, styrke, omfang og i kva situasjonar dei oppstår
- Moglege samanhengar mellom angstplager og livssituasjon
- Tidlegare angstplager og behandling
- Tidlegare belastningar og traumatiske hendingar
- Bruk av medikament
- Katastrofetanker, kjensler og handlingsmønster i angstsituasjonar
- Symptomer på annan psykisk liding, til dømes depresjon
- Bruk av rusmiddel
- Grad av fysisk aktivitet
- Problemer i privatliv, studiar eller arbeid
- Personlige ressursar og moglegheit for støtte frå andre
- Om du har barn og om dei har spesielle behov no som bør varetakast
På bakgrunn av utgreiinga skal behandlaren din kunne stille ein diagnose. Ut frå type angst, omfang, utløysande årsaker og forhold som held problema ved like, blir de i fellesskap einige om ein behandlingsplan.
Behandling
Behandling av angst består vanlegvis av ein kombinasjon av ulike tiltak. Eit viktig prinsipp i angstbehandling er at du gradvis lærer å utsette deg for og handtere angstfylte situasjonar. Det inneber at du deltek aktivt i planlegging og gjennomføring av di eiga behandling.
Behandlinga skjer individuelt eller i gruppe, eller via nettbasert behandling. Pårørande kan ved behov vere med i delar av behandlinga.
Dei vanlegaste elementa i behandlinga er:
- Informasjon om angst: Kva skjer i kroppen og kvifor skjer det? Samanhengar mellom angst og tankemønster, til dømes vedvarande bekymring eller katastrofetenking. Handlingar som kan vere med på å halde oppe angst, til dømes unngåelse. Forholdet mellom tidlegare og pågåande livsbelastningar og angstlidingar.
- Råd om handtering av vedvarande og påtrengande bekymring, med auka toleranse for uvisse og utvikling av ferdigheiter for problemløysing.
- Hjelp til planlegging og gjennomføring av angsttrening, og innføring i konkrete meistringsstrategiar.
- Samtalar om forståing og handtering av stressbelastningar og problem i kvardagen.
- Bearbeiding av eventuelle belastningar og traume som kan ha bidratt til angstlidinga, til dømes det å ha vore utsett for mobbing.
- Vurdering av medikamentell behandling, med god informasjon om medikamentet du får tilbod om.
- Eventuelt tilbod om angstmeistringskurs, internettbehandling eller 4 dagars behandling.
Deltaking i arbeidslivet gir kvardagen innhald og struktur og mindre rom for passivitet, bekymring og grubling. Langvarig sjukmelding kan derfor vere uheldig både ved angstlidingar og depresjon.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarOppfølging
Etter at du har avslutta behandlinga hos oss i spesialisthelsetenesta kan du ha utbytte av oppfølging frå fastlegen din og anna helsepersonell i primærhelsetenesta. Ein nyttig reiskap her er ein plan for førebygging av tilbakefall, med punkt for konkrete ting du kan gjera, bygd på erfaringane dine om kva som hjelper.
Behandlaren din i primærhelsetenesta kan søke faglege råd hos oss. Dykk kan også drøfte mogelegheita for ei ny tilvising dersom det blir aktuelt.