Du skal møte fastande på sjukehuset til avtalt tid og sted. Dette inneber at du ikkje kan ete, drikke kaffi, mjølk eller mjølkeprodukt, tygge tyggegummi, ete pastill eller røyke/snuse frå kl 24.00 natta før planlagt operasjon. Du kan drikke klare væsker som vatn, saft eller te inntil to timar før du møtar på sjukehuset.
Åreknuter - operasjon
Åreknutar er utvida/slyngde vener, som regel i beina. Årsaka er svakheit i veggane til venene. Ved åreknutar fungerer ikkje klaffane i dei ramma venene normalt.
Åreknutar er ofte kosmetisk skjemmande, men dei kan også gi tyngdefølelse, smerter, sår som ikkje vil gro og ødem (væskeansamling). Nokon får også hudforandringar og kløe. Åreknutar er svært vanleg og opptrer hos 20-60% av den vaksne befolkinga. Tilstanden førekjem oftare hos kvinner enn menn.
Før
Under
Legen fjernar hovudåra (saphena magna) frå lysken til ankelen eller kneet. Dette gjerast med eit lite snitt ved ankelen eller kneet og eit litt større snitt i lysken. Nokon gonger blir det også laget 1 eller 2 små hjelpesnitt andre steder langs beinet. I nokre tilfelle må/kan vi fjerna tilleggsåreknutar med små snitt i huda.
Etter
Kor lenge du må bruke elastisk bind eller strømpe er avhengig av kor mykje det blødde under operasjonen. Det anbefalast å bruke elastisk bind eller strømpe dag og natt i ei veke, deretter berre på dagtid ei ekstra veke.
Ver merksam
Dersom du får aukande smerter, vedvarande feber og huda blir raud kan det vere teikn på betennelse i operasjonssåret. Ta kontakt med din fastlege eller sjukehus for å få ein vurdering.

