Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Arrbrokk

Eit arrbrokk er eit brokk som oppstår i eit operasjonsarr i buken. Behandlinga er operasjon, anten som open operasjon eller kikhòlskirurgi (laparoskopisk).

Eit brokk betyr at delar av innhaldet i magen blir pressa ut gjennom ein defekt i bukveggen, i dette tilfellet gjennom eit arr. Dei vanlegaste arrbrokka kjem i midtlinjearr. Jo mindre arra er, jo mindre er sjansen for brokk. Arrbrokka kan bli svært store og kosmetisk skjemmande for nokon. Somme synest arrbrokka er ømme, og dei kan til tider vere smertefulle. Andre har ingen plager.

Det er også ein sjanse for at tarm kan bli klemt inne i brokket, men dette er vanlegare ved mindre arrbrokk. Inneklemt brokk er svært smertefullt, og brokket blir veldig hardt og vanskeleg å trykkje på plass. Dersom dette skjer må du oppsøkje lege straks, det kan bli nødvendig med operasjon.



Tilvising og vurdering

Pasientane blir tilviste frå fastlege eller frå ei anna kirurgisk avdeling.

Kirurgen undersøkjer brokket. Av og til blir det bestilt supplerande bilete for å kartleggje brokket, gjerne med CT eller ultralyd. Ein vurderer då mellom anna storleiken på brokket. Dersom det er indikasjon for operasjon vil kirurgen informere om kva type operasjon som blir aktuell, og dessutan risikofaktorar. Dei vanlegaste risikofaktorane er at brokket kjem tilbake (residiv). Ein bør også vere klar over fare for bløding, betennelse, skade på tarm og smerte. Røyking aukar risiko for komplikasjonar, og du bør slutte før operasjon.

Utgreiingsfasen kan variere mykje, avhengig av ventetid til poliklinikk og CT.

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om. 

  • Du skal ta ein grundig dusj med hårvask om morgonen på operasjonsdagen. Ikkje påfør hudkrem eller sminke etter at du har dusja.
  • På sjukehuset blir operasjonsområdet barbert dersom nødvendig.
  • Dersom du har fått beskjed om at du skal bruke brokkbind eller kompresjonstøy, kan du kjøpe dette hos bandasjist.

Før

Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsetje timen.

Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhald og magesyre.

Fram til 2 timar før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker fram til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timar før
  • Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timar før
  • Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. 

Strengare reglar kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.

  • Du skal ta ein grundig dusj med hårvask om morgonen på operasjonsdagen. Ikkje påfør hudkrem eller sminke etter dusjing.
  • På sjukehuset blir operasjonsområdet barbert dersom det er nødvendig.
  • Dersom du har fått beskjed om at du skal bruke brokkbind eller kompresjonstøy, kan du kjøpe dette hos bandasjist.


 

Under

Operasjonen blir gjord ope eller med kikhòlskirurgi (laparoskopisk).

Open operasjon

Ved open operasjon fjernar vi det gamle arret, og gjer ofte samtidig ein større eller mindre hudplastikk (fjerning av overskytande hud) fordi brokket har ført til ei utviding av huda.

Vi prøver å samle bukmuskulaturen slik at den opphavlege anatomien blir attskapt mest mogleg. Vi bruker alltid ei nettforsterking. Det betyr at eit nett blir plassert under, mellom eller oppå muskulaturen som ei forsterking. Av og til legg vi inn dren for å fjerne sårvæske. Desse blir fjerna etter operasjonen. Brokkbind blir lagt på for avlasting.

Kikhòlskirurgi

Ved kikhòlskirurgi fjernar vi ikkje hud. Vi lagar fleire små snitt der røyr på 5 og 12 mm blir førte inn i bukhòla og operasjonen blir gjord gjennom desse.

Det blir blåse luft inn i bukhòla. Brokket blir så trekt inn i bukhòla, og defekten blir lukka med suturar. Det blir lagd eit forsterkande nett over defekten. Av og til blir nettet lagt mellom bukhinna og bukveggen, andre gonger direkte på bukveggen frå innsida.

Operasjonane blir gjorde i narkose, ofte supplerte med epiduralbedøving (i ryggen). Ved begge operasjonstypane blir det vanlegvis gitt antibiotika førebyggjande.

Operasjonstida varierer mykje med storleiken på brokket, og om det samtidig skal gjerast ein hudplastikk. Dei største operasjonane tek opp mot tre timar, medan dei små kan vere gjorde på mindre enn ein time.

Etter

Smertestillande

Etter operasjonen blir du verande i avdelinga i minst eitt døgn, kanskje opp mot ei veke ved dei største brokkane. Det viktigaste den første tida er god smertebehandling. I tillegg til tablettar eller sprøyter, gir vi ofte smertestillande medisinar gjennom eit tynt kateter i ryggen (epiduralkateter). Dette kateteret blir liggjande i 2-3 dagar.

Blodprøvar

Vi tek blodprøvar for å oppdage eventuell betennelse eller bløding. Du får blodfortynnande medisin for å førebyggje blodpropp når du er innlagd.

Aktivitet

Dei første dagane etter operasjonen får du instruksjonar i opptreningsøvingar og pusteøvingar. God pusteteknikk og tidleg aktivitet er viktig for å unngå lungebetennelse. Det er viktig at du kjem deg ut av senga så raskt som mogleg for å gå korte turar. Brokkbind blir tilrådd.

Oppfølging og sjukmelding

Nokre sjukehus avtaler oppfølging på poliklinikken etter nokre veker.

Vanleg sjukmeldingstid er 4-6 veker etter dei store brokka.

Styrken i bukveggen etter operasjon kan aldri bli betre enn 80 prosent av opphavleg styrke. Du skal unngå ekstreme belastningar, som svært tunge løft, resten av livet. Det er viktig med mest mogleg rørsle. Ved trening i treningsstudio skal belastinga av magemusklane skje gradvis. Det tek opp mot 6 månader før du kan sjå det endelege resultatet av operasjonen.

Ver merksam

 

Kontakt avdelinga om dersom du får nokre av desse plagene:

  • tung pust
  • bløding i såret
  • væske fra såret
  • aukande hevelse, raude eller smerte frå såret
  • aukande hevelse i eitt eller begge bein
  • sjukdomskjensle/nedsett allmenntilstand
  • svimmelheit eller svime
  • ​feber

Blir du akutt sjuk, ring 113.

 

Kontakt

Odda sjukehus Operasjon og anestesi, Odda
Ventetid: 3 - 7 uker

Ventetid: 3 - 7 uker

Kontakt Operasjon og anestesi, Odda

Oppmøtestad

Vi held til i 3. etasje på Odda sjukehus.

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Transport

​For informasjon om rutetilbod til Odda sjukehus, sjå skyss.no og kolumbus.no. For ekspressbuss, sjå www.nor-way.no.

Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

Ventetid

3 uker til utredning

4 uker til dagbehandling (7 totalt)

Praktisk informasjon

Meld deg i ekspedisjonen ved hovudinngangen i 1. etasje når du kjem. Du kan betale i luka eller med Vipps. 

Logg inn på helse-norge.no for å endre eller avbestille time. Dersom det er mindre enn to arbeidsdagar til timen din, må du kontakte kontaktsenteret vårt på telefon 52 73 90 00.

Pasientar med behov for overnatting kan ta kontakt med kontaktsenteret vårt på telefon 53 65 10 00. Du må gi beskjed i god tid på førehand. 

Vi kan tilby rom med enkel standard i vårt hybelhus, som ligg ca. 50 meter frå sjukehuset. Rommet har telefonforbindelse med kirurgisk overvakingspost. Det har også ei ekstra seng dersom du har med deg pårørande.

I hybelhuset er det tilgang til felles kjøkken og bad. Har du behov for kveldsmåltid, må dette bringast med.

Du hentar nøklar i ekspedisjonen, som ligg rett ved hovudinngangen i 1. etasje på sjukehuset. Ekspedisjonen er betjent frå kl. 07.30 til 18.00 måndag til fredag. Kjem du etter kl. 18.00, kan du ringe på døra. Personalet vil då kome for å hjelpe deg.

Du vil få faktura for overnatting på hybelhuset. 

Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

Alternativ overnatting i Odda

Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
 
Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Der kan du parkere gratis.

Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

Reserverte parkeringsplassar

Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen. 

På parkeringsplassen sør for sjukehuset finn du reserverte plassar for blodgivarar. 

Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Viss du fått beskjed om å ta blodprøvar, kan du gå til laboratoriet i underetasjen (U-etasje) på Odda sjukehus.

Opningstider: kvardagar kl. 09.00-14.00

Trekk kølapp når du kjem.

Nokre pasientar/pasientgrupper blir prioritert for blodprøvetaking og vi ber om forståing for det. 

​Kantina ligg i underetasjen (U-etasje).


Opningstider

Måndag-fredag kl. 10.00-12.30

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

Det er ikkje minibank ved sjukehuset. ​Næraste minibank ligg i Odda sentrum.

​Næraste daglegvare er Bunnpris, 700 meter frå sjukehuset. Adressa er Hjøllo 1, 5750 Odda.

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.