Om autismespekterforstyrringar
Å streve sosialt
Det vanlegaste problemet ved autismespekterforstyrringar er å streve sosialt. Særleg gjeld dette når situasjonen stiller krav til raske skjønnsmessige vurderingar, som å oppfatte og tolke andres kjensler, tankar og intensjonar. Mimikk, kroppsspråk og tonefall kan også feiltolkast. Det same gjeld språklege uttrykk som biletleg tale og ironi. Vanskar med kommunikasjon er også typiske. Å skilje viktig frå uviktig og sjå heilskapen framfor å rette merksemda mot detaljar kan vere krevjande. Vanskane kan variere i styrkegrad, og du treng ikkje å ha alle vanskane. Derfor blir det karakterisert som eit «spekter».
Oversikt og føreseielegheit
Menneske med autismespekterforstyrringar treng å ha oversikt og føreseielegheit. Uventa endringar kan ofte føre til stress. Dei kan ha problem med å finne alternative og fleksible løysingar når noko skjer uførebudd eller brått. Aktivitetar eller oppgåver må gjerne vere klare og tydelege, til dømes med instruksjonar for kva ein skal gjere, korleis det skal gjerast, når oppgåva skal gjerast, og når det er forventa at ho skal vere ferdig.
Overbelastning og sanseinntrykk
Mental overbelasting, som til dømes samvær der ein fleire gonger skal prøve å få med seg det som blir formidla, og raskt finne ein adekvat reaksjon, kan gjere at mange blir slitne. Vanskane med å ta andres perspektiv og setje seg inn i kva dei meiner, tenkjer og kjenner, blir forsterka dersom ting skjer fort eller det finst fleire konkurrerande inntrykk samtidig. Mykje energi kan dermed gå med til å tolke og forstå kva andre seier og meiner.
Vidare kan ulike sanseinntrykk opplevast som intenst ubehagelege, forstyrrande eller kvalmande, og mange kan reagere på lys, lyd, lukter, berøring, varme og kulde.
Ulike utfordringar
Det er like store individuelle forskjellar blant menneske med autismespekterforstyrringar som i befolkninga elles. Det er snakk om unike individ med sine ressursar og problem. Dessutan kan det som er eit problem i enkelte situasjonar vere ein styrke i andre samanhengar. Nettopp på område som ofte er til stades ved autismespekterforstyrringar, til dømes nøyaktigheit, pålitelegheit, detaljorientering og tileigning av kunnskap, kan ein vere ein ressurs for andre, til dømes i arbeidslivet.
Mange med autismespekterdiagnosar har gode grammatiske språkferdigheiter, godt ordtilfang og eit normalt godt evnenivå.
Av ulike grunnar, mellom anna sårbarheit for stressbelastningar, er det ei overhyppigheit av psykiske lidingar blant personar med autismespekterforstyrringar, spesielt depresjon og angst, tvangslidingar og ADHD. Mange av dei som får diagnosen i vaksen alder har hatt vonde erfaringar forårsaka av misforståingar og manglande kunnskap frå omgivnadene. Nokon har opplevd belastningar som mobbing, utestenging og einsemd.
Tilvising og vurdering
For å få eit behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta treng du ei tilvising. Det er som oftast fastlegen som viser til utgreiing og behandling, men andre helsepersonell kan også tilvise. Med utgangspunkt i tilvisinga og prioriteringsrettleiaren «Psykisk helsevern for vaksne», vil vi vurdere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.