Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Blindtarmen er eit lite vedheng som er festa til den første delen av tjukktarmen. Her kan matrestar eller små forsteina avføringsklumpar sette seg fast, som igjen kan føre til betennelse. Den betente blindtarmen må som regel opererast. Blindtarmbetennelse opptrer oftast hos unge vaksne, men kan førekomme i alle aldrar.
Funksjonen til blindtarmen er omdiskutert. Tidlegare har ein trudd at han var utan funksjon. Nyare forsking viser at ho kan bere «vennlege» bakteriar og frigjere desse etter ein episode med diaré og magesjuke. Dette for å raskare gjenopprette ein normal bakteriekultur i tarmen.
Dette er ein akutt tilstand, og pasientar kjem til sjukehus via legevakt eventuelt i ambulanse.
Når blindtarmen er betent bør han blir operert vekk for å unngå at han sprekk. Ved ein betennelse får ein magesmerter på høgre side av magen som blir forverra ved rørsle. Nokon får også feber og har utslag på blodprøvene. For å bli sikker på diagnosen, kan det vere nødvendig med ei ultralyd- eller CT-undersøking.
I somme tilfelle har blindtarmen allereie sprokke før ein oppsøker lege.
Ved kikhòlskirurgi lagar kirurgen eit lite snitt på eit par cm ved navlen og to samsvarande snittar lengre nede og til venstre på magen. Slik kan ein føre kamera og operasjonsinstrument inn i bukhola. Ein blåser også inn gass for å få betre ovesikt. Den betente blindtarmen blir deretter fjerna.
Det kan av og til bli nødvendig med open kirurgi, avhengig av alvorsgrada til sjukdommen. Ein sprokken blindtarm aukar risikoen for ein open operasjon, men i dei fleste tilfelle bruker vi kikhòlskirurgi
Ved open kirurgi blir det laga eit snitt som går frå navlen og ned til underlivsbeinet.
Begge operasjonane blir gjorde i narkose.
Etter operasjonen skal du unngå å løfte (over 5 kg) dei neste par veker. Svært tunge løft bør unngåast i 4 – 6 veker. Du vil som regel få reise heim dagen etter operasjon. Dersom du er operert for ein sprokken blindtarm kan det bli nødvendig med eit par dagar ekstra på sjukehuset for ytterlegare behandling med antibiotika.
Før heimreise vil du få informasjon, og få med deg smertestillande tablettar og eventuelt resept og sjukmelding. Om nødvendig ordnar sjukehuset med transport heim.
Oppsøk lege om du har magesmerter på høgre side av magen og feber. Ring medisinsk nødtelefon 113 om du trur det er akutt og kan stå om liv og helse.