Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Ein blindtarmstomi blir brukt for å skylja tjukktarmen viss barnet har avføringsproblem i form av alvorleg forstopping eller avføringslekkasje (inkontinens). Dette kan vera eit godt alternativ til klyster i endetarmen.
Blindtarmstomi inneber at blindtarmen blir trekt ut gjennom bukveggen og huda på magen. Tuppen av blindtarmen blir opna og blir fast sydd i huda. Det vil dannast ei opning/kanal frå huda og inn til tjukktarmen. Eit kateter blir brukt for å skylja tarmen med vatn. Dette kateteret kan sitja permanent og skiftast to gonger i året eller setjast inn for kvar gong tarmen skal skyljast. Vanlegvis bør barn vera 5 - 6 år for å vurderast for denne operasjonen.
Blindtarmstomi kan passe for barn med følgande diagnosar:
Operasjonen er kortvarig, og barnet kan ete og drikke allereie same dag. Barnet får smertestillande, då det er vanleg med noko smerter etter operasjonen. Det er viktig med rørsle etter operasjonen, spesielt for å få tarmen i gang igjen. Barnet held fram med avføringsmedisinar etter operasjonen og dette vil deretter vurderast individuelt.
Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus. Ta trappene eller heisen ved Narvesen kiosken i 1. etasje for å kome til oss. Då kjem du rett til avdelinga vår i 3. etasje. Meld deg i skranken vår når du kjem.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund