Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Blodtrykksmåling av barn
Når du kjenner på din eigen puls med ein finger, for eksempel på handleddet, kjenner du at det dunkar lett mot fingeren. Det du kjenner, er at blodet trykker mot blodåresveggen. Det er dette som blir kalla blodtrykk.
Korleis måler vi blodtrykket?
Blodtrykket blir angitt med to tal delt av ein skråstrek. Overtrykket er trykket i pulsårene når hjartet trekk seg saman, og blir kalla det systoliske blodtrykket. Undertrykket er trykket i pulsårene mellom hjarteslaga, altså når hjartet kviler. Dette trykket kallar vi det diastoliske blodtrykket. Eit blodtrykk på 100/60 betyr altså at trykket er 100 når hjartet trekk seg saman, og 60 når hjartet kviler. Blodtrykket blir målt i millimeter kvikksølv (mmHg).
Kvifor måler vi blodtrykket?
Det kan vere fleire årsaker til at barn skal måle blodtrykk. Skal barnet starte med en ny medisin som kan virke på blodtrykket, vil det vere viktig å ha eit utgangspunkt før medisineringa startar. Er barnet innlagt i ei intensiv- eller operasjonsavdeling, blir blodtrykket ofte målt for å passe på at det ikkje blir for lavt. Men den viktigaste årsaka for å måle blodtrykk hos barn, er for å avdekke om barnet har høgt blodtrykk (hypertensjon). Barn og ungdom med for høgt blodtrykk kan ha auka risiko for hjarte- og karsjukdom og nyresjukdom som vaksne.
Ulike måter å måle blodtrykk
Når vi måler blodtrykk på barn i sjukehus er det stort sett to målemetodar vi bruker; manuell- og automatisk måling. Automatisk målemetode er den enklaste og mest brukte metoden i dag. Metoden har ein fordel i at den er svært enkel i bruk. Samtidig har fleire studiar vist at automatiske målingar ofte måler høgare blodtrykk hos barn. Manuell målemetode er anbefalt på barn då den både gir mest nøyaktig resultat (dersom den blir utført rett) og fordi referanseverdiane på barn er basert på manuelle målingar.
Før
For at blodtrykksmålinga skal gi rett resultat, er det viktig at barnet er godt førebudd. Noe kan foreldre gjere heime ved å forklare for barnet kva som skal skje.
Barnet bør få sjå på utstyret som skal brukast og det bør forklarast for barnet kva som skal skje under målinga. Barnet skal helst sitte på ein stol, med beina i golvet, og kvile i tre minutt før målinga. Dersom beina ikkje når ned, kan ein for eksempel bruke ein krakk. Det er viktig at armen er i hjartehøgde, og at armen får støtte når barnet sit. Barnet bør instruerast om å ikkje prate under målinga. Også foreldra og den som måler bør vere stille.
Foto: Haukeland universitetssjukehus
Under
Blodtrykksmålinga går føre seg ved at barnet får ein mansjett festa rundt overarmen, fortrinnsvis den høgra. Størrelsen på mansjetten som blir brukt, skal tilpassast størrelsen til armen. Breidda på blæra skal vere ca. 40 % av omkretsen til overarmen og lengda skal vere 80-100 %. For liten mansjett kan gi for høge- og for stor for låge trykkar. Vidare forløp avheng av kva målemetode som blir brukt.
Foto: Haukeland universitetssjukehus
Ved automatisk metode blir det trykt på ein knapp og mansjetten strammar på overarma før lufta blir sleppt ut. Ved manuell måling pumpar den som måler luft inn i mansjetten ved hjelp av ei handpumpe.
Så blir lufta sleppt sakte ut av mansjetten medan det blir lytta på arma med eit stetoskop.
Foto: Haukeland universitetssjukehus
Konseptet med blodtrykksmåling er å blåse så mykje luft inn i mansjetten at den klemmer pulsåra i overarma saman slik at ikkje noko blod slepp gjennom. Når så lufta sakte blir sleppt ut kan den som måler høyre når blodet strøymer gjennom pulsåra igjen. Det første «dunket» som ein kan høyre er overtrykket, medan undertrykket blir registrert når lyden forsvinn.
Gjer det vondt?
Dei fleste barn opplever ikkje målinga som smertefull, men det kan vere ubehageleg, spesielt når lufta blir sleppt sakte ut av mansjetten. Det er viktig at barnet er roleg under målinga og sit stille. Dersom barnet er uroleg hjelp det ofte å avleie med til dømes ei bok eller ein filmsnutt på mobilen til føresette.
Blodtrykket skal måles tre ganger etter hverandre med noen minutter mellom hver måling, for å få et så riktig resultat som mulig. Man bruker gjennomsnittet av de to siste målingene. En måling tar stort sett under ett minutt. Noen ganger kan det være nødvendig å gjøre flere målinger, men det bør unngås.
Etter
Resultatet av blodtrykksmålinga er klart med ein gong. Normalt blodtrykk hos barn blir bestemt ut frå tre variablar: Alder, høgde og kjønn. Det er utvikla persentilskjema som viser øvre normalverdiar ut i frå dei tre variablane.
Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus. Ta trappene eller heisen ved Narvesen kiosken i 1. etasje for å kome til oss. Då kjem du rett til avdelinga vår i 3. etasje. Meld deg i skranken vår når du kjem.
Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.
Parkeringshuset har tre ladeuttak.
Reserverte parkeringsplassar
Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.
Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.
Parkeringsavgift
Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på p-automatane.
Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.
På helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.
Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.
Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det.
Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.
Kantina i 6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.
Opningstider: Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.
Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.
Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.
Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.
Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La verdisaker vere igjen heime.
Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.
Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, krykker, rullator og rullestol.
God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.