- Ta på ein laus t-skjorte som du kan bruke under heile registreringa. Utstyret blir montert delvis utanpå denne.
- Du skal fortsette å ta medisinane dine som vanleg.
- Om du bruker medisin som regulerer blodtrykket, skal du ta dette som vanleg, om ikkje lege har gitt anna beskjed.
- Det er lurt om du har på deg eit vanleg bukse-belte som utstyret kan bli festa på.
Blodtrykksregistering i 24 timar
Formålet med testen er å få ein status på blodtrykket ditt på dagtid og om natta, under kvardagsaktivitetar og under fysisk aktivitet. Denne testen tek vi for å stadfeste om du har høgt (eller lågt) blodtrykk, eller om det varierer veldig i løpet av døgnet. Ofte bruker vi blodtrykksregistrering i 24 timar dersom vi mistenker at du treng behandling for høgt blodtrykk (hypertensjon).
Tilvising og vurdering
Du blir tilvist frå fastlege, eventuelt behandlande lege dersom du er innlagt på sjukehuset, eller spesialist.