Behandling

Cøliakibehandling med glutenfri kost

Rundt 1–2 prosent av det norske folket har cøliaki. Sjukdommen har blitt meir vanleg, og helsevesenet har blitt flinkare til å stille diagnosen. Cøliaki er ein autoimmun sjukdom som kjem av oversensitivitet for proteinet gluten. Glutenfri kost er den einaste behandlinga av cøliaki. Behandlinga er, når diagnosen er stilt, livsvarig.

Har du cøliaki kan du bli du syk av å spise mat som inneholder gluten. Sykdommen er kronisk, men de fleste blir symptomfrie med et glutenfritt kosthold.

Cøliaki er en autoimmun sykdom som gjør deg overfølsom for gluten. Spiser du glutenholdig mat blir tynntarmens slimhinne betent og næringsstoffene fra maten kan bli mangelfullt absorbert. Dette kan føre til en rekke symptomer og helseproblemer. Gluten er et protein som finnes i hvete, rug, bygg og spelt.

Tarmen er den delen av kroppen som påvirkes mest ved cøliaki, men sykdommen kan påvirke andre deler av kroppen også.

Cøliaki forekommer hos omtrent 1 av 100 personer, men mange er uvitende om at de har sykdommen. De fleste får diagnosen i alderen 40 til 50 år, men sykdommen kan oppstå i alle aldre.

Les meir på helsenorge.no

Proteinet gluten finst i kveite, rug, bygg og spelt. Ved cøliaki vil inntak av gluten gjere at immunsystemet i slimhinna til tynntarmen blir aktivert, og tarmtottane blir nedbrotne. Følgene er at evna tarmen har til å ta opp næringsstoff frå kosten, blir svekka, og heile kroppen blir påverka av betennelsen. 

Cøliaki er ein kronisk sjukdom. Når den blir behandla med eit glutenfritt kosthald, blir dei aller fleste heilt friske. Sjukdommen kan oppstå i alle aldrar frå småbarn til vaksne. Dei aller fleste får diagnosen i vaksen alder.




Tilvising og vurdering

Utgreiing av cøliaki skal begynne i primærhelsetenesta. Fastlegen begynner alltid med å ta ei blodprøve som blir sendt til eit immunologisk laboratorium. Det finst også hurtigtestar som blir selt på apotek. Bruk av desse er omdiskutert. 

Når vi finn ei positiv blodprøve, eller det finst anna årsak til at vi mistenker cøliaki, skal legen sende tilvising til spesialist (gastroenterolog) for at det skal bli tatt gastroskopi med vevsprøver (biopsi) for undersøking av tynntarmslimhinna. For barn gjeld eigne retningslinjer for utgreiing basert berre på blodprøver. Allmennlegar skal likevel sende tilvising til barnelegane, som vil gjere ei utgreiing basert på blodprøva tatt av den tilvisande legen. Når diagnosen er stilt, tilviser vi deg for opplæring i glutenfri kost. 

Det varierer mellom sjukehusa om opplæring skjer ved individuell kostrettleiing hos klinisk ernæringsfysiolog, ved kurs om glutenfri kost for nyoppdaga cøliaki, eller om du må lære deg omlegging til glutenfri kost på eiga hand.  



Norsk Cøliakiforening (NCF, www.ncf.no) oppfordrar primærlegane i landet til å «tenke på cøliaki» ved ei rekke ulike symptom, som er vanlege ved ubehandla cøliaki
 

  • Periodevis/langvarig diaré
  • Kronisk forstopping samt luftoppsamlingar
  • Følelse av å vere oppblåst
  • Kronisk jern- og vitaminmangel
  • Vantrivsel
  • Påfallande trøyttleik
  • Uforklarlege magesmerter
  • Beinskjørheit
  • Manglande vektauke (vekttap) og dårleg høgdevekst (hos barn)
  • Emaljeskadar på permanente tenner
 
Det er svært viktig å ikkje introdusere glutenfri kost før diagnosen er stilt av spesialist. Når gluten blir fjerna frå kosten, blir tarmtottane forholdsvis raskt normalisert. Då kan det vere vanskeleg å stille diagnose.    

 
Ved mistanke om cøliaki blir det først tatt ei blodprøve som måler IgA antistoff mot enzymet transglutaminase 2 (tTG eller TG2) i tynntarmen. Nesten alle med klart forhøgd nivå av IgA anti-TG2 har cøliaki. Ein kan ha cøliaki sjølv om blodprøva ikkje viser høgare nivå. 

 
Etter blodprøve tar ein vevsprøve (biopsi) av tynntarmen. Legen (spesialist) fører då ein slange ein kan sjå igjennom (fiberoptisk gastroskop), forbi matrøyret og magesekken ned til tynntarmen. Derfrå hentar ein opp små bitar av slimhinna i tynntarmen. Bitane blir undersøkt i mikroskop etterpå, og ein diagnose kan bli stilt. Biopsi er ein ufarleg, rask og som oftast grei undersøking. Ein kan oppleve ubehag ved å skulle svelge «slangen», men dette kan ein dempe med bedøving.   

 
Nærmare informasjon om diagnostisering og krav til tilvising finst i Retningsliner for diagnostisering, behandling og oppfølging av cøliaki, under informasjon til helsepersonell på www.ncf.no.  



 


 

Før

Den viktigaste førebuinga før oppstart med glutenfri kost, er å ikkje starte utan at diagnosen cøliaki er stilt av gastroenterolog på ein tilfredsstillande måte. 

Fastlege eller annan helseteneste som tilviser deg til spesialisthelsetenesta for diagnostisering, må understreke kor viktig det er at du ikkje prøver ut glutenfri kost på eiga hand. 

Mange personar vel å ete glutenfri mat sjølv om dei ikkje har cøliaki. I slike tilfelle snakkar vi gjerne om «ikkje-cøliakisk glutensensitivitet». Nyare forsking tyder på at dette er ein variant av «irritabel tarm»-syndromet. Diagnostikk av dette er vanskeleg.  

Under

Glutenfri kost betyr eit kosthald som ikkje inneheld kveite, rug og bygg, og heller ikkje variantar av desse (som spelt, durumkveite, einkorn, emmer, tritikale og kamut). Havre har protein som liknar på gluten, men i låge konsentrasjonar. Dei aller fleste med cøliaki toler havre. Men mange havreprodukt, som kjeks og kornblandingar, kan vere kontaminerte med gluten gjennom produksjonsprosessen. I Noreg  anbefaler vi derfor spesialprodusert, glutenfri havre til dei med cøliaki.


Omlegging til glutenfritt kosthald skal skje med rettleiing frå klinisk ernæringsfysiolog (gruppeundervisning og/eller individuelt). Avhengig av kor lenge du har hatt udiagnostisert cøliaki, kan det ha oppstått oversensitivitetstilstandar som krev andre kostomsyn i tillegg til «berre» glutenfritt. Det kan også vere behov for tilskot av visse vitamin og mineral. 

Til hjelp i overgangen til eit glutenfritt kosthald treng du informasjon om kva produkt som inneheld gluten, og kva (spesial)produkt som er glutenfrie. Gjærbakst er utfordrande å få til glutenfritt, men det har komme mange fine oppskrifter som du kan teste ut. Cøliakiforeningen har god informasjon om dette. 

Utvalet av glutenfri mat i daglegvareforretning, helsekost og nettbutikkar er aukande og blir stadig betre. Det er veldig mykje du framleis kan ete og drikke, sjølv om du har glutenintoleranse. Kunnskapen hos restaurantar og kantiner er også blitt mykje betre.  

Det er viktig at du ikkje legg om til glutenfritt kosthald før sikker diagnose er stilt av gastroenterolog. Med sikker diagnose har alle med cøliaki krav på grunnstønad frå NAV.

Meir informasjon om grunnstønad og om glutenfritt kosthald finst på www.ncf.no   




Etter

Behandling av cøliaki med glutenfri kost er livslang. Tynntarmsslimhinna heilar vanlegvis seg sjølv når gluten blir fjerna frå kosten. Dersom du er nøye med å ete hundre prosent glutenfritt, vil du fortsette med å vere frisk. Tilstandane «komplisert» og «refraktær» cøliaki er heldigvis sjeldne. Oslo universitetssjukehus (OUS) har spesiell kompetanse innan utgreiing av cøliaki, inkludert dei meir kompliserte tilfella som ikkje blir bra av glutenfri kost.   

Etter at det er fastslått at du har cøliaki, er det viktig med oppfølging, spesielt dei to første åra. Nokre stader blir du følgt opp av spesialist, andre stader av fastlege. Barn skal ha oppfølging hos barnelege. Etter tre månader anbefaler vi oppfølging hos klinisk ernæringsfysiolog med gjennomgang av kostbehandlinga. Ved mange sjukehus blir ein tilvist til cøliakikurs ved lærings- og meistringssenteret.

Etter rundt 12 månader med kostbehandling bør det bli tatt antistoffprøver av deg. Nokre sjukehus tilbyr også rutinemessig oppfølging med gastroskopi med biopsi for å sikre at slimhinna er heila. Vi anbefaler deretter regelmessig kontroll annakvart år (vaksne). 

Ved oppfølging kontrollerer vi den kliniske statusen og ernæringsstatusen din. Eventuelt tar vi blodprøver, avhengig av klinisk situasjon. Nokre kan ha låge nivå av jern, zink, vitamin D og B12, og vil då ha behov for tilskot.

Spesielle forhold hos barn

Kontrollane og oppfølginga bør skje oftare hos barn enn hos vaksne, minst ein gong i året, og helst hos barnelege. Ved oppfølging kontrollerer vi høgda, vekta og den kliniske statusen til barnet. Kosthaldet til barnet skal vere allsidig, og det bør bli tilrettelagt og følgt opp av klinisk ernæringsfysiolog.


Ver merksam

Ubehandla cøliaki betyr at ein lever med skadd tynntarmslimhinne, som er ein risikosituasjon. Det er svært viktig å følge glutenfri kost hundre prosent og livet ut om ein har fått diagnosen cøliaki.  

Ifølge Norsk Cøliakiforening (www.ncf.no) er det grunn til å tru at fleire tusen personar i Noreg er udiagnostiserte med cøliaki.



Kontakt

Haugesund sjukehus Medisinsk gastroenterologisk og nefrologisk seksjon

Kontakt Medisinsk gastroenterologisk og nefrologisk seksjon
Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​