Cystometriundersøking hos barn

Undersøkinga blir gjord for å kartlegge volumet til blæra, trykk, korleis ho trekker seg saman og om det oppstår urinlekkasje. Dette blir gjort ved å fylle urinblæra med sterilt saltvatn via eit kateter.

Før

Fortel barnet om undersøkinga. Mens nokre barn blir engstelege av å vite for mykje, føretrekker andre barn å vite så mykje som mogleg om korleis undersøkinga går føre seg. Derfor er det viktig å tilpasse informasjonen både til alderen og evna barnet har til å forstå det som blir sagt.

Dersom barnet er under behandling med antibiotika på grunn av urinvegsinfeksjon med feber, ta kontakt med oss for å høyre om barnet framleis skal møte til undersøkinga.

Barnet kan ete og drikke som vanleg før undersøkinga. Faste medisinar blir tatte som vanleg. Også medikament som Oxybutinin/Detrusitol.

Dersom barnet bruker klyx, klyster eller liknande for forstopping/tømming av tarmen, kan de gjere dette dagen/kvelden før.

Det er stundom nødvendig med informasjon om tissemønsteret til barnet: Kor ofte/kor mykje/kor våte er bleiene? Dersom dette er ønskeleg vil eit skjema følge med innkallinga til undersøkinga, og de blir bedne om å fylle ut dette og ta med på undersøkingsdagen.

Dersom det skal leggast inn suprapubiskateter, vil dette krevje sjukehusinnlegging. Ytterlegare informasjon om dette vil følge i eige innkallingsbrev.

Under

Barnet ligg på ein benk mens undersøkinga skjer og undersøkinga tar cirka 20–30 minutt. Føresette kan ligge på benken saman med barnet. Det er mogleg å sjå film, bruke Ipad eller for eksempel lese for barnet.

Blæra til barnet må vere tom før undersøkinga så dersom barnet bruker kateter, er det fint om de tar med utstyret barnet vanlegvis bruker. Dersom barnet tissar på toalett, er det mogleg at barnet blir bede om å tisse på ein spesiell do (flowmetri) som kan måle blant anna farten til urinstrålen og mengda urin.

Rett før cystometriundersøkinga blir barnet først vaska nedantil. Så legg vi på bedøvelsesgel, før vi fører eit tynt røyr (kateter) forsiktig gjennom urinrøyret inn til urinblæra. Dette bruker vi til å fylle urinblæra med kroppstemperert saltvatn. Eit anna kateter blir lagt inn i endetarmen. Dette blir brukt for å kontrollere trykket i bukhola.

Under undersøkinga observerer vi om barnet opplever vasslatingstrong, eller om det er lekkasje. Katetera er kopla til ein PC som registrerer trykket i blære/tarm.

Av og til spør vi om barnet kan hoste slik at vi ser at strekane på skjermen bevegar seg som dei skal. Så renn saltvatn som er varma opp til kroppstemperatur gjennom ein tynn slange frå ein pose inn gjennom kateteret og inn i blæra. For barn som kjenner blærefylling, får dei beskjed om å seie frå når dei kjenner at dei må tisse. Dette kan barnet kjenne fleire gonger gjennom undersøkinga. Barnet kjem til å ligge på ei bleie og vi følger med på om det kjem urinlekkasje.

Når barnet kjenner at hen ikkje kan halde seg meir og er tissetrengt, så stoppar vi undersøkinga. Barnet kan da prøve å tisse på flowapparatet igjen, for å register korleis barnet tissar.

Dersom barnet ikkje får til å tisse sjølv etter undersøkinga, bruker vi eit tynt kateter som vi set via urinrøyret inn i blæra for å tømme blæra.

Vi stoppar fylling av saltvatn dersom barnet kjenner ubehag eller ved normal blærekapasitet i forhold til alder.

I nokre tilfelle må det nyttast suprapubiskateter. Dette er eit kateter som blir lagt inn til blæra gjennom huda. Dette gjer vi i narkose i samarbeid med barnekirurgisk seksjon 1–2 dagar før cystometriundersøkelsen. Kateteret blir fjerna etter undersøkinga hos oss.

Hos nokre barn er det viktig å undersøke muskelaktiviteten nær urinrøyret. Da blir det festa nokre klistrelappar i nærleiken av urinrøyropninga for å registrere muskelaktivitet rundt urinrøyropninga.

Gjer det vondt?

Det kan kjennast ubehageleg å sette inn kateter sjølv om vi nyttar bedøvande gel. I tillegg kan det vere flautt med ei undersøking som omfattar underlivet. Ved behov kan barnet få roande medisin.

Etter

Når undersøkinga er ferdig

Dersom barnet har fått roande medisinar må de vere på sjukehuset ei stund (vanlegvis 1–2 timar) etter at barnet fekk medisinane.

Det er fint om barnet drikk godt.

Når får vi resultatet?

Munnleg svar blir gitt av legen før heimreise. I tillegg blir sendt skriftleg svar til den som har vist til undersøkinga, til fastlegen og til heimen.  

Ver merksam

Om barnet får ubehag ved tissing, feber og/eller kjenner seg utilpass, kan de levere urinprøve til fastlegen for å sjå om det har oppstått urinvegsinfeksjon som må behandlast.

I nokre tilfelle bestemmer legen at barnet skal behandlast førebyggande med antibiotika. Legen skriv da resept som de får med éin gong.

Kontakt

Haugesund sjukehus Barne- og ungdomsavdelinga

Kontakt Barne- og ungdomsavdelinga

Oppmøtestad

Vår avdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga når du går ut i 3. etasje.

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.