Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Delirium er ein svært vanleg komplikasjon til akutt sjukdom. Pasientar som er skrøpelege, som eldre pasientar med mange kroniske tilstandar eller demens, er ekstra utsett, men alle kan utvikle delirium om dei blir sjuke nok.
Delirium oppstår i samband med akutt sjukdom eller etter operative inngrep. Av og til er den utløysande årsaka opplagd (som til dømes delirium som oppstår etter eit hoftebrot), men ikkje alltid. Uansett trengst ei grundig undersøking av pasienten, som regel av lege. Det er som oftast behov for innlegging i sjukehus for tilstrekkeleg utgreiing og behandling.
Diagnosen blir stilt basert på samtale med pasient og pårørande. Pårørande kan bli spurde om pasienten har endra seg mentalt dei siste dagane. Tilstanden er ubehageleg for pasientane og det er viktig å oppdage delirium tidleg for å legge til rette vidare behandling. Det trengst ingen blodprøver eller røntgenundersøking for å stille diagnosen delirium, men det er viktig å undersøke breitt for å finne utløysande årsaker slik at desse kan behandlast.
Delirium kan i ei viss grad førebyggjast i sjukehus gjennom å tryggje pasienten, gjenta informasjon og sørgje for at utsette pasientar blir skjerma for unødvendig støy og uro. Pårørande har ei viktig rolle i å førebyggje delirium sidan dei kan vere med å tryggje pasienten og hjelpe til med å forklare kva som skjer.
Det finst ingen medisinar som gjer at deliriet går fortare over. Prinsippa for behandling er dei same som for førebygging. Nokre pasientar kan på grunn av hallusinasjonar og vrangførestillingar bli så urolege at det utgjer ein risiko for fleire komplikasjonar, for eksempel viss pasienten på eiga hand fjernar livsviktig medisinsk utstyr. I slike tilfelle må ein stundom bruke medikament som roar pasienten og dempar symptoma.
Sidan delirium blir utløyst av akutt sjukdom, går det som oftast over etter at ein har fått behandla han utløysande hendinga. Vanlegvis varer delirium i nokre få dagar, men det kan variere. Etter utskriving vil dei fleste følgjast opp av fastlegen, medan nokon blir viste til poliklinisk undersøking på sjukehuset etter 2-3 månader. Då undersøkjer vi om dei kognitive problema har gått heilt tilbake.
Mange med delirium vil få eit mellombels køyreforbod ved utreise frå sjukehuset. Dette vil vare til dei polikliniske undersøkingane har stadfesta at pasienten oppfyller helsekrava for førarkort.
Snakk gjerne med helsepersonell i etterkant dersom du har gått gjennom delirium og har opplevd det som skremmande.
Delirium kan vere ei skremmande oppleving for pasientar og pårørande. Det er derfor viktig å vite at dette er ein vanleg komplikasjon til alvorleg sjukdom. At pasientar blir forvirra når dei blir akutt sjuke betyr ikkje at dei har blitt «galne» eller at dei akutt har utvikla demens.
Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.
Blir du transportert med ambulanse eller av portør, vil du automatisk bli registrert på akuttmottaket.
Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet på akuttmottaket.
Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund