Diagnose
Diabetes type 1 hos barn
Dei fleste barn som har diabetes har type 1 og blir derfor behandla med insulin. For å ha ønskt effekt, må insulin bli gitt som injeksjonar. Det finns ulike typar pennar for dette, eller barnet kan ha insulinpumpe. Denne blir kopla til barnet med ein tynn slange som ender i eit plastrøyr. Dette røyret går gjennom huda til underhudsvevet, der insulinet blir tatt opp.
Diabetes oppstår viss bukspyttkjertelen sluttar å produsere insulin. Blodsukkeret blir så høgt at kroppen kvittar seg med sukkeroverskotet. Det skjer ved at nyrene skiller ut urin i store mengder. For at nyrene skal kunne skille ut sukker, må dei ha vatn som sukkeret kan følgje med. Dei klassiske teikna på diabetes er derfor at barnet tisser mykje, drikk mykje, får vektnedgang og kan tørke ut. Barn kan begynne å tisse på seg igjen, eller dei kan bli slappe og trøytte.
Tilvising og vurdering
Barn som får diabetes, skal leggast inn til øyeblikkeleg hjelp.
Viss du trur barnet har fått diabetes, skal du ta kontakt med fastlege eller legevakt. Hos legen blir det tatt blodprøve for å finne ut verdien på blodsukkeret. Barnet skal tilvisast til næraste barneavdeling på sjukehus via telefon, og de skal dra dit så raskt det er praktisk mogleg. Det hender at små barn blir svært sjuke når diabetes oppstår, så det er viktig å ta kontakt med lege raskt.
Utgreiing
Sidan dette er øyeblikkeleg hjelp, er det lita tid til førebuing. Blodsukker og urinprøve blir tatt for å stille diagnose og indikasjon for innlegging.
Ein må rekne med at barnet og føresette må vere på sjukehuset i éi til to veker for regulering av blodsukkeret og opplæring i diabetesbehandling.
Behandling
Tida på sjukehuset går til opplæring i korleis barnet og føresette skal behandle sjukdommen og gi familien nok kunnskap til å takle kvardagen heime. Vi har eit eige diabetesteam med legar og sjukepleiarar som vil gi opplæring i karbohydratvurdering, blodsukkermåling, behandling med insulin og situasjonar barnet og familien må lære å takle, som fysisk aktivitet, sjukdom, kosthald.
Ein stor del av barna bruker insulinpumpe. Pumpa er programmert til å gi ein basaldose med insulin døgnet rundt. Til måltida må barnet ha ein måltidsdose som må tilpassast mengden karbohydrat barnet spiser.
I tillegg får nokre barn ein vevsglukosemålar (CGM). Den viser korleis vevsglukosen varierer, og kan varsle dersom den er høg, låg eller stiger eller synker raskt.
- Foreldre får opplæringspenger frå Nav medan barnet er innlagt
- Familien får tilbod om samtale med sosionom
- Diabetesteamet på sjukehuset kan formidle kontakt med andre som har barn med diabetes.
Lær meir om diabetes
Vi har laga fleire videoar om ulike tema som er viktig for deg med diabetes. Bruk spillelista under eller gå direkte til Youtube.
Oppfølging
Diabetes er ein livslang sjukdom som krev behandling resten av livet. Sjukdomen må regulerast godt for å redusere risiko for alvorlege seinskader.
Barnet blir følgt opp i polikliniske samtalar (møter på sjukehuset utan innlegging), vanlegvis fire gonger i året. Vi avtaler kor ofte den enkelte skal ha kontroll, men vår erfaring er blodsukkerreguleringa er betre ved hyppige kontrollar. Vi måler HbA1c, såkalla langtidsblodsukker, som viser oss korleis reguleringa har vore dei siste tre månadane. Avlesing av blodsukker og vevsglukoseverdiar frå pasienten sitt utstyr er rutine. Det gir oss i diabetesteamet ennå meir detaljerte og korrekte opplysingar om korleis den metabolske situasjonen til pasienten er.
Når alder og modenheit tilseier det, overtar barnet gradvis ansvaret for eiga behandling og kan etter kvart møte til kontroll aleine.
Ver merksam
- Hyppig og kritisk lågt blodsukker
- Hyppig og kritisk høgt blodsukker
- Seinkomplikasjonar
Kontakt
Haugesund sjukehus
Barn
Oppmøtestad
Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.Besøkstider
- I dag 17:00 - 18:30
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund