Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Digital oppfølging, psykisk helsevern
Digital oppfølging inneber at heile eller delar av behandlingstilbodet skjer digitalt utan at ein treng å reise til behandlingsstaden.
Du kan enkelt registrere informasjon om helsetilstanden din digitalt. Det kan gi deg ei meir fleksibel oppfølging, der du slepp å møte opp på sjukehuset dersom det ikkje er nødvendig.
Før
Digital oppfølging må avtalast med avdelinga eller behandlaren på førehand. Dersom du har gjort ei slik avtale, kan du logge inn her. Har du ikkje avtale, men ønskjer å vite meir, ta kontakt med avdelinga
Før oppstart vil du motta ein SMS med innloggingslenke til denne sida, kor du kan logge inn med lenka over.
Innlogging skjer via ID-porten eller med SMS-kode (husk å ha telefonen i nærleiken).
Du kan bruke smarttelefon, nettbrett eller PC.
Om du ikkje har elektronisk ID (Bank-ID), kan du få eingongskode på SMS etter avtale med behandlaren/behandlingsstaden.
Då må du logge deg på med valet «eingongskode».
Du blir deretter beden om å logga deg på med brukarnamn og passord. Brukarnamn er ditt personnummer (11 siffer), og passordet skal du ha fått frå behandlaren/behandlingsstaden ditt.
Om du ikkje har fått slikt passord, men behandlaren har oppretta ein brukarkonto til deg, kan du velge «gløymt passord».
Klikk deretter på «Logg inn», og du vil få eingongskode på SMS.
Sjå gjerne denne korte filmsnutten før du går i gong:
Under
Når du har logga inn, kjem du direkte til spørsmåla du skal svare på. Svara dine vert lagra undervegs. Dersom du må avbryte, kan du halde fram med besvaringa seinare. Når du er ferdig, trykker du «levér».
Du vil motta eit nytt varsel på SMS når det er tid for ny eigenregistrering.
Nettportalen som brukast er ei sikker løysning.
Alle opplysingar du registrerer digitalt vil berre bli lest av behandlaren din.
Regler om teieplikt og behandling av informasjon gjeld ved digital eigenregistrering på same måte som ved fysisk frammøte, i tråd med helsepersonellova, pasientjournallova og pasientrettslova.
Relevante og naudsynte helseopplysingar kan som hovudregel bli gitt til helsepersonell som samarbeider om å gi helsehjelp dersom det er naudsynt for å gi forsvarleg helsehjelp, med mindre du motsett deg dette.
Opplysingane du gir digitalt blir dokumenterte på vanleg måte i din journal.
Etter
Etter at du har registrert opplysingane i nettportalen, vil behandlaren din vurdere svara du har gitt.
Dersom du har symptom eller plager som krev tilsyn eller behandling, vil du bli innkalla til time.
Viss ikkje, vil du få innkalling til ny eigenregistrering etter ei tid.
Ta kontakt med di avdeling dersom du ikkje lenger ønsker å nytte digital eigenregistrering.
Ver merksam
Dette er ikkje ei løysing for augneblikkeleg hjelp. Kontakt legevakt eller ring 113 om det hastar.