Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

ERM

Early Recogniton Method

Early recognition method (ERM) går ut på å fange opp tidlege forvarsel på vald, og ved hjelp av planlagde tiltak forhindre tilbakefall. Metoden blir mest nytta hos pasientar som har utfordringar knytte til vald eller sjølvvald, men kan også nyttast til å førebygge tilbakefall i samband med rus, psykose og anna uønskt åtferd.

Før

Forvarsel

Ei krise oppstår sjeldan frå éin augeblink til ein annan. I timar, dagar eller veker før ei krise oppstår, kan det vere teikn på at ei krise bygger seg opp. Vi kallar det forvarsel.

Forvarsel kan vere forandringar i tankemønsteret ditt, korleis du kjenner deg eller at du oppfører på ein spesiell måte, du kan for eksempel vere rastlaus, irritabel eller isolere deg.

Når forvarsel oppstår hos deg kan du vurdere å gjere tiltak som hindrar at dei aukar og blir verre. Du kan snakke med personalet om korleis det kan gjerast.

Førebygging er betre enn behandling

Å oppleve og erfare kriser som for eksempel vald og aggresjon er ofte frustrerande og vondt for alle som er innblanda. Det er derfor viktig å prøve å forhindre at slike kriser gjentar seg. Forsking og erfaring viser at det å jobbe med ERM kan verke førebyggande.

Du kan lære deg å kjenne igjen forvarsla dine og saman med hjelparane dine lære kva du, og eventuelt andre, kan gjere eller bidra med for at du skal bli stabil igjen.

Under

«Min ERM-plan»

Det overordna målet med ERM er at du som pasient deltar og prøver å identifisere eigne forvarsel og set i verk eigne stabiliserande tiltak. På den måten får du innsikt i eigen situasjon, blir betre kjent med deg sjølv, får eigarskap til eigen plan, lærer å kjenne igjen eigne forvarsel og åtferdsmønster og kva som effektive tiltak når forvarsla bygger seg opp.

Eksempel på tiltak kan vere å snakke med nokon, spele spel, høyre på musikk, trene og gå tur.

I arbeidet med å identifisere forvarsel og lage planar for førebygging av vald og utagering, er brukarmedverknad og samhandling mellom miljøpersonell og pasient, og nokre gonger familie og nettverk, av stor betydning.

Ein ERM-plan inneheld:

  • Beskriving av forvarsla dine før ei krise oppstår.
  • Beskriving av dine sårbarheitsområde som kan vere situasjonar der du er meir utsett for tilbakefall, destabilisering (for eksempel om natta, ved kontakt med spesielle miljø, ukjent personale, relasjonsbrot etc.)
  • Beskriving av stabiliserande faktorar som er faktorar du opplever som beskyttande i ei mogleg krise.
  • Beskriving av tiltak du og andre (personale og eller pårørande) kan gjere eller la vere å gjere for å hindre at ei krise oppstår.

Vi jobbar med å identifisere forvarsla som viser seg før ei krise oppstår. Om vi klarer det, kan vi gjennomføre førebyggande tiltak. Eit anna fokus er å bidra til at du får tilbake di indre ro og stabilitet.

I tilfelle der pasienten ikkje ønsker eller er i stand til å delta i dette arbeidet, vil personalet jobbe med ERM på vegner av pasienten. Dei vil då på, bakgrunn av observasjonar og vurderingar, prøve å identifisere forvarsla til pasienten.

Kva kan du gjere om du opplever at forvarsla byggjer seg opp?

Om du kjenner forvarsla komme, er det viktig at du diskuterer det med personalet så tidleg som mogleg. Saman kan de vurdere kva tiltak som er best å gjennomføre, slik at du får tilbake indre ro og balanse. For å kunne vere førebudd på at ei krise kan skje, vil du og personalet lage ein tiltaksplan som kan brukast dersom det skulle bygge seg opp mot ei krise. Tiltaka er ein viktig del av å førebygge tilbakefall.

Skulle ei krise oppstå er det viktig å ha ein plan for kva du og personalet skal kunne gjere.

Korleis blir «ERM-planen» brukt?

Først må du og personalet lage ein plan, som kan bidra til at du ikkje får tilbakefall. Planen heiter «ERM-planen min», fordi det er din plan. I løpet av den neste tida vil de ha fleire samtalar for å lage planen. Om du ønsker det, kan du ta med nokon frå familien eller nettverket ditt som står deg nær, til å vere med å lage planen. Dei blir berre invitert til å vere med om du ønsker det.

 

ERM består av fire fasar:

1 Førebuing og informasjon

Målet er å vere godt førebudd før du startar. Du og personalet vil utveksle informasjon og gjere avtalar på korleis ERM-planen skal utformast. De vil gå gjennom ein eigen introduksjonsdel, som forklarer meir kva ERM er. Det er viktig at du kjem med eigne ønske og forventningar til korleis dette skal gjerast.

2 Lage ERM-planen

Planen skal identifisere, kartlegge og beskrive forvarsla dine, sårbarheitssamanheng og tiltak. Du og personalet (og kanskje familie/nettverk), lagar ei liste over dei forvarsla du kjenner når du begynner å få tilbakefall. Du beskriv dei tidlege teikna du kjenner igjen før ei krise, og personale, eventuelt familie, beskriv dei teikna dei observerer.

Målet er at de oppnår ei einigheit om kva forvarsel det er viktigast at de jobbar vidare med. Forvarsla blir delte inn i tre nivå etter alvorsgrad. Nivå 1 er normal/stabil, nivå 2 er moderat og nivå 3 er alvorleg. Du skårar deg på eitt av dei tre nivåa.

3 Korleis bruke ERM-planen?

I samarbeid med personalet lærer du å kjenne igjen forvarsel og beskrive førebyggande tiltak i kvardagen. Tiltak er konkrete handlingar som du, personalet eller eventuelt nokon i nettverket ditt kan sette i verk for å unngå destabilisering og for å oppnå eller vareta ein stabil fase. Du bruker eit skjema der kvart av forvarsla dine er graderte i nivå kor sterkt dei påverkar deg den dagen eller den perioden.

4 Overgang til neste behandlingsstad eller ut i eigen bustad

Saman med personalet skal du lage ein tiltaksplan. Dette er tiltak som du, personalet eller eventuelt nokon i nettverket ditt kan sette i verk når du kjenner forvarsla auke og det er fare for at du opplever tilbakefall. Målet er at du sjølv skal gjere tiltak for å bli stabil og at du ikkje skal få tilbakefall. Ved å kjenne igjen forvarsel på eit tidleg tidspunkt blir du gitt høve til å nytte eit breiare sett med tiltak for å prøve å forhindre at forvarsla aukar og blir verre.

Etter

Du utarbeider og bruker planen saman med helsepersonell under innlegginga og etter kvart  kan du bruke planen sjølvstendig, også når du er skriven ut.

ERM-planen din kan bidra til å sikre gode overgangar når du blir skriven ut frå spesialisthelsetenesta. Den kan også sikre samhandling mellom avdeling spesialpsykiatri, pasienten, behandlarar ved poliklinikkane, kommunale hjelparar, DPS eller andre samarbeidspartnarar.

Sist faglig oppdatert 29.07.2024

Kontakt

Valen sjukehus Valen sjukehus

Kontakt Valen sjukehus

Oppmøtestad

Vi held til i sjukehusvegen 23, 5523 Valen.  

Her finn du kart til og meir informasjon om Valen sjukehus

Pårørande og besøk

Pasientar og pårørande - Helse Fonna HF

Dersom det er særskilde behov for besøk utanom ordinær besøkstid, vil vi – så langt det er mogleg – leggje til rette for besøk eller følgje til pasientar.

Et tre med en bygning i bakgrunnen

Valen sjukehus

Sjukehusvegen 23

5451 Valen

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30

Transport

​For informasjon om lokalbusstilbod og hurtigbåttilbod i Valen og Kvinnherad, sjå www.skyss.no.

Praktisk informasjon

Det er ikkje apotekutsal ved sjukehuset. Næraste apotek ligg på Husnes. SPAR Valen har utsal av enkelte reseptfrie legemiddel.

​Næraste daglegvare er 0,7 km frå sjukehuset: SPAR Valen, Eplehagen 3, 5451 Valen.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kantina er open måndag til torsdag kl. 11.30-12.30. Kantina er stengt på fredagar. 
Måltid blir serverte på postane. 

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

​Parkering for pasientar og besøknade ligg sentralt på sjukehusområdet. Parkering er gratis.

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.