Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Endometriose, medisinsk behandling
Målet med medisinsk/hormonell behandling av endometriose er å lindre symptom med låg dose og minst mogleg biverknader.
Endometriose er ein kompleks kronisk sjukdom som ikkje har nokon kur. Behandling handlar om å avgrense symptom og auke livskvaliteten. Om du har fått påvist eller har mistanke om at du lid av endometriose, er første ledd i behandlinga smertestillande medikament og samtidig avgrense menstruasjonsblødingane.
Mange har god effekt av medisinsk behandling, og ikkje alle treng kirurgi. Om ikkje medisinsk behandling fungerer godt nok for deg, kan kirurgi vere aktuelt. All kirurgi inneber ein risiko for komplikasjonar. Derfor vil ein ofte prøve behandling med medisinar først.
Ved kirurgisk behandling av endometriose blir pasientane også anbefalt medisinar som eit tillegg til operasjonen, både før og etter.
Før
Det finst mange ulike alternativ for medikamentell behandling av endometriose. Saman med legen din vil de finne fram til kva behandling som passar deg best. For nokon vil smertestillande medisinar vere nok, for andre kan hormonell behandling vere aktuelt.
Endometriose finst i mange alvorsgrader som kan gi ulike symptom. I tillegg vil det variere kva reaksjon medisinane gir og i kva grad medisinane fører til betring av symptom.
Faktorar som har noko å seie for kva behandling som er den beste for deg er for eksempel:
alder
framtidig barneønske
andre sjukdommar
eventuelt tidlegare operasjonar
Behandlinga blir derfor tilpassa ønska og behova dine
Under
Saman med legen din vil de finne fram til det beste behandlingsalternativet for deg. Dette kan innebere prøving og feiling, fordi små endringar i hormona kan verke veldig ulike på kroppen og vil variere frå person til person. Ein type p-pille kan fungere godt, mens ein annan ikkje.
Nokon kan oppleve biverknader av medisinane, som kan gjere at du bør prøve eit anna alternativ. Behandlinga skal ikkje gi større problem enn sjukdommen, og det er du sjølv som veit best korleis du kjenner deg. Fordi behandlinga er tilpassa deg, bør du vere varsam med å legge for stor vekt på kva som har fungert for andre.
Vi kan grovt sett dele behandlinga med medisinar inn i nokre hovudgrupper etter kva effekt dei har. Dei tre viktigaste er:
Medisiner som verkar smertestillande
Medisinar som verkar betennelsesdempande (inflammasjonsdempande)
Medisinar som verkar gjennom å endre hormonnivåa
Somme medisinar kan ha fleire effektar, for eksempel både smertestillande og inflammasjonsdempande.
I tillegg har vi også:
Medisinar som hjelper mot nervesmerter
Dette er som oftast berre aktuelt der ein ikkje kjem til mål med anna behandling.
Medisinar som generelt reduserer blødingstendens
Dette er berre aktuelt hos dei kor store blødingar er eit problem. Det behandlar ikkje endometriosen.
Smertelindrande behandling
Endometriose er ein sjukdom som ofte forårsakar smerte. Det første ein vil prøve i behandlinga er derfor reseptfri smertestillande. Om du har ein mild sjukdom med kort periode med ubehag under menstruasjonen, kan det vere tilstrekkeleg for deg. Fordi endometriose er ein kronisk sjukdom blir ikkje anbefalt avhengnadsdannande medisinar. Vanedannande medisinar kan forsterke kroniske smerter og skape nye problem.
Av smertestillande anbefaler vi NSAIDS (betennelsesdempande medisinar) som verkar både inflammasjonsdempande og smertestillande. Dei kan også redusere smertefulle samantrekkingar i livmora. Eksempel er:
ibumetin
naproxen
diklofenak
Desse kan gjerne takast i kombinasjon med paracetamol. Det kan vere lurt å begynne like før du forventar smerter (menstruasjon). Dosen kan så reduserast etter behov.
Hormonell behandling
Hormonell behandling blir brukt for å dempe eller aller helst fjerne menstruasjonsblødingane. Ved å unngå menstruasjon kan det også motverke at endometriosen blir aktivert og veks. Hormonell behandling kan ikkje brukast samtidig som du prøver å bli gravid. Nedanfor kan du lese om dei vanlegaste hormonelle medisinane som blir brukte.
P-piller tilfører kroppen kunstige hormon slik at eggstokkane ikkje lenger har eggløysing. Dette er ein klar fordel for kvinner som opplever smertefulle eggløysingar. Det finst mange typar p-piller på marknaden. Desse kan ha ulike biverknader. Om du får plagsame biverknader, kan det derfor vere lurt å skifte type.
Det finst to hovudtypar p-piller.
Kombinerte p-piller som inneheld både østrogen og gestagen
Reine gestagen-tabletter
Gestagener er ei gruppe hormon som etterliknar det naturlege, kvinnelege kjønnshormonet progesteron. Det blir også omtalt som progestin. Mens østrogen er viktig for veksten til endometriosevevet, vil gestagen bidra til å blokkere eller redusere verknaden av østrogenet. Litt forenkla kan vi seie at gestagener motverkar effekten av østrogenet på endometriosen slik at han blir mindre aktiv. Gestagener gjer også at slimhinna i livmora blir tynnare og det blir mindre vev som blir støytt av ved menstruasjon. Tilsvarande skjer også i endometriosvevet. Slik blir det mindre inflammasjon og mindre smerter.
Det høyrest kanskje rart ut å tilføre meir østrogen gjennom kombinerte p-piller når ein veit at østrogen bidrar til å stimulere endometriosevevet. Men du vil framleis få effekt av gestagenet trass i østrogenet. Det er dessutan større risiko for små, uregelmessige blødingar ved reine gestagen-tabletter enn ved kombinerte p-piller. Dette er fordi østrogenet i p-pilla er med på å utvikle slimhinna i livmora og dermed regulere bløding frå livmora. Ver merksam på at det er ganske vanleg at kombinerte p-piller likevel vil gi litt blødingsforstyrringar den første tida. Du må derfor vere litt tolmodig.
Det finst også gestagen-medisinersom ikkje blir klassifisert som p-pille, og vi omtaler desse nedanfor i avsnittet om Gestagener.
Dei fleste kombinerte p-piller inneheld aktive tablettar med hormon som skal takast i 3 veker, følgde av «sukkerpiller» (inneheld ikkje hormon) eller pille-pause i 4-7 dagar. I denne pausen får du menstruasjon.
For å behandle smerter ved endometriose anbefaler vi likevel at p-pillene blir tatte kontinuerleg. Du skal da ikkje ta pause og slik unngå menstruasjon. Dette er ikkje farleg. For mange er dette ei god behandling av endometriose-relaterte plager. Det er også bevist at kontinuerleg bruk av p-piller hindrar tilbakefall av endometriose på eggstokkane etter kirurgi. P-piller vil ikkje påverke den framtidige fruktbarheita di negativt.
Kontinuerleg bruk av p-pille – framgangsmåte:
Når du har brukt opp dei aktive tablettane på brettet (ca 3 veker), gå rett vidare på neste brett. Ta éi p-pille kvar dag. Om du har p-piller med «sukkerpiller» som ikkje inneheld hormon, skal du ikkje ta desse.
Det er individuelt kor lenge du klarer å forskyve menstruasjonen framfor deg på denne måten. Småbløding etter langvarig bruk betyr at du treng å støyte av livmorslimhinna, det vil seie å ha ein menstruasjon, før du blir blødingsfri igjen.
Du framkallar ein menstruasjon ved å ta 3–4 dagar pillepause. Etter pausen fortset du vidare med ei pille dagleg og kan få lang blødingsfri periode før behov for neste pille-pause.
Desogestrel (Cerazette) er ein gestagen p-pille der produsenten ikkje har lagt inn ein pause i bruksrettleiinga. Den blir derfor alltid tatt kontinuerleg.
Viktig å vite:
Uregelmessige blødingar dei første 3 månadene på p-pille er vanlege. Dersom du startar rett på kontinuerleg p-pille må du vere litt tolmodig. I løpet av det første året vil rundt 80 prosent ha oppnådd blødingsfridom.
For sikker prevensjon må det vere minst 3 veker mellom p-pille-pausane.
Framgangsmåten som er beskriven gjeld berre for p-piller som er det vi kallar monofasiske. Det vil seie at dei inneheld same mengde hormon i alle dei aktive tablettane. Nokre p-piller har ulikt hormoninnhald i løpet av p-pillebrettet og kan ikkje brukast kontinuerleg. Desse p-pillene har ulik farge på dei aktive tablettane. Om du er usikker, snakk med legen din.
Skal du starte på p-piller er det best å gjere dette same dag som menstruasjonen begynner. Det gir sikker prevensjon og mindre blødingsforstyrringar i starten.
Det finst også p-plaster og p-ring. Desse blir nytta som ei p-pille og kan takast kontinuerleg på same måte som beskrive over.
P-piller kan for nokon gi uheldige biverknader eller ikkje gi ønsket effekt i behandlinga av endometriose. Da kan tilførsel av gestagen i ei anna form vere eit anna alternativ. Gestagener kan fåast i tablettform, som spiral, som p-stav, eller som ein injeksjon med ei sprøyte.
Gestagen-tablettar
Det finst fleire ulike typar gestagentabletter som vi bruker i behandlinga mot endometriose. Dette inkluderer både gestagen p-piller og andre preparat som ikkje normalt blir klassifiserte som ei p-pille. Her nemner vi dei vanlegaste i Noreg. Du får rettleiing om bruk og dosering av legen som skriv ut medikamenta til deg.
Desogestrel (Cerazette™) Dette er også er ei p-pille. Mot endometriose anbefaler vi 150 mg dagleg. Dette svarer til innhaldet i 2 tablettar *Cerazette™.Desogerstel blir tatt kontinuerleg utan pausar.
Drosperinon (Slinda™). Dette er også ei p-pille der pille-brettet har ein 4 dagars pause (placebopiller med annan farge). Dette skal vere for best blødingskontroll, men pillene kan takast kontinuerleg ved å hoppe over placebotablettane. Du skal berre ta 1 tablett dagleg.
Medroxyprogesteronacetat, MPA (Provera™). Blir dosert opptil 10mg x 3. Ved god effekt kan du prøve å redusere dosen til 1 eller 2 tablettar dagleg. Dette preparatet kan givast på “blåresept”.
Noretisteronacetat, NETA (Primolut-N™). Blir dosert normalt 1 tablett dagleg (5 mg). NETA har både østrogen- og gestageneffekt og derfor noko betre biverknadsprofil enn andre *gestagener. Dette preparatet kan givast på “blåresept”.
Dienogest (Visanne™). Medikamentet er ikkje på blåresept i Noreg. Du kan søke refusjon, men må da legge fram dokumentasjon på preparat du har prøvd som du ikkje kan bruke. Det krevst vanlegvis at Gnrh-analog og MPA (Provera, Depo-Provera) er testa.
P-sprøyte (*Depo-Provera™)
P-sprøyte kan vere eit godt alternativ for deg som ikkje ønsker å ta tablettar kvar dag. Det er også effektivt for å stoppe menstruasjonen heilt.
Som eit prevensjonsmiddel vil ein vanlegvis sette sprøyten kvar 12. Veke. Når p-sprøyte blir brukt mot endometrioseplager, bør ein sette sprøyten hyppigare.
Vanleg startdosering mot endometriose er ei sprøyte (150mg) kvar 3.–6. veke. Målet er blødingsfridom og mindre smerter. Om du oppnår det kan du vurdere å sette sprøyten sjeldnare. Dette kan du diskutere med legen din.
Effekten av p-sprøyten sit mykje lenger i kroppen enn om du tar gestagen-tabletter. Vi anbefaler derfor at du prøver tablettar (10 mg x 3) først, slik at du raskt kan slutte med behandlinga ved uakseptable biverknader. Prevensjonseffekten av sprøyten kan sitte i mange månader etter siste injeksjon, så det er ikkje førsteval dersom du planlegg graviditet snart.
P-stav (Nexplanon™)
P-stav kan vere eit alternativ for deg som treng sikker prevensjon og ønsker å sleppe daglege tablettar. P-staven inneheld gestagen og har vist å ha effekt på menstuasjonssmerter, men har noko usikker blødingskontroll. Det er derfor ikkje førsteval ved endometriose, men kan fungere hos dei som blir blødingsfrie.
Hormonspiral
Hormonspiral gir lokal frigjering av gestagen til livmora og kjem i 3 doseringar. For endometriose anbefaler vi den med mest hormon (Mirena™/Levosert™). Dei svakare hormonspiralane (Kyleena™ og Jaydess™) gir oftare mellomblødingar og verkar dårlegare mot endometriose. Hormonspiral har også vist god effekt etter kirurgisk behandling. Mens ei p-pille hindrar eggløysing, vil hormonspiral oftast ikkje gjere det. Viss smerter rundt eggløysing er eit stort problem, bør du vurdere anna behandling. Ein anbefaler å sette inn hormonspiral på slutten av menstruasjonen. Dette gir minst blødingsforstyrringar i starten og det er gjerne lettare å sette inn.
Mange kvinner med endometriose har også adenomyose. Hormonspiral er spesielt ei svært god behandling om du har begge delar.
Ved høg dose og langvarig behandling med gestagener kan risiko for beinskjørheit auke. I nokre tilfelle kan det vere aktuelt å gi ein liten dose østrogen for å motverke dette. Dette blir kalla for «addback» og blir omtalt under avsnittet om GnRH-analoger. Dette er vanlegvis ei spesialistoppgåve, og om aktuelt kan du diskutere dette med gynekologen din.
Behandling med kunstig overgangsalder
For deg som har prøvd hormonbehandling nemnt over, men framleis ikkje har tilfredstillande effekt, kan kunstig overgangsalder vere aktuelt. Desse medisinane, som blir kalla *GnRH-analoger, stoppar din eigen hormonproduksjon i eggstokkane mellombels. Dette kan minne om tida rett etter fødsel der eggstokkane blir sette i naturleg “dvale”. Dei fleste som blir behandla på denne måten gjer det berre i ein periode for å få betre kontroll på symptoma. Du kan deretter gå tilbake til anna behandling. Eggstokkfunksjonen blir normal igjen når du sluttar med desse medisinane. For nokon kan det likevel vere aktuelt å behandle heilt fram til naturleg overgangsalder. Denne behandlinga bør vurderast av ein spesialist, og berre når du har prøvd anna utan effekt. Det vil vere naturleg å vurdere kirurgi før ein går til dette behandlingsvalet, men medisinane blir også ganske brukte ofte i samband med kirurgi ved djup endometriose.
GnRH-analoger er medikament som hemmar produksjonen til eggstokkane av østrogen (hormonblokker). Behandlinga blir derfor ofte kalla “kunstig overgangsalder”. Endometriosevev blir aktivert av østrogen. Ved å redusere østrogennivået i kroppen blir endometrioseaktiviteten hemma og endometriosesmertene blir lindra. Desse medikamenta blir gjerne prøvde viss anna hormonell behandling ikkje har fungert godt nok. Effekten på endometrisoe- og adenomyosesmerter er generelt svært god, men GnRH-analoger kan gi ein del uheldige biverknader. Av og til kan Gnrh-behandling vere eit hjelpemiddel til å vurdere i kor stor grad smertene kjem av aktiv endometriose, eller om smertene har andre årsaker. Alle GnRH-analoger kan føreskrivast på blåresept.
Det finst i dag to hovudtypar:
GnRH-agonister
Gnrh-antagonistar
Agonistene har vore brukt i mange år og er dei medikamenta som generelt har medført “kunstig overgangsalder”. Nyleg har eit antagonist-preparat i tablettform blitt lansert. Hos dei fleste vil dette vere førsteval.
GnRH-agonister
GnRh-agonister blir tatt som sprøyter eller nasespray. I Noreg blir følgande preparat nytta:
Sprøyte: Leuprorelin (*Procren) eller Goserelin (Zoladex)
Medisinen kan settast som sprøyte kvar 4. veke eller i ein høgare dose kvar 3. månad. Vi anbefaler alltid å starte med injeksjon kvar 4. veke for å vite om du tolererer medisinen. Injeksjon kvar 3. månad bør berre brukast av dei som veit dei skal behandlast i lang tid. Sprøyten blir sett av lege eller sjukepleiar.
Nasespray: Nafarelin (Synarela)
1 dose nasespray morgon og kveld
Behandlinga bør startast under menstruasjon eller direkte frå anna hormonell behandling.
Korleis GnRH-agonistene (sprøyte eller nasespray) verkar:
Ved oppstart av GnRH-agonist aukar eggstokkane sin østrogenproduksjon ein kort periode før produksjonen blir hemma. Mange får da ei forbigåande forverring kalla «flare-up». Dette skjer 1–2 veker etter oppstart og kan vare opptil 2 veker. Det er da vanleg med ei menstruasjonsliknande bløding og auka smerter. Dette blir behandla ved behov best med NSAIDS (betennelsesdempande medikament) som for eksempel Ibux eller Naproxen
Når østrogennivået har blitt tilstrekkeleg lågt, etter ca. 4 veker, opplever dei fleste «overgangsalder-plager». Dei vanlegaste biverknadene er hetetokt, søvnforstyrring og tørrheite i skjeden. Nokon kan også oppleve mismot. Ved store plager bør du nå starte med det som blir kalla “add-back”, eller eventuelt kontakte behandlaren eller fastlegen din.
Behandling utan “add-back" over lengere tid (6 månader) gir risiko for å utvikle beinskjørheit (osteoporose). Fysisk aktivitet og rikeleg inntak av kalk og D-vitamin motverkar beinskjørheit og blir anbefalt alle.
Effekten av Gnrh-behandlinga bør evaluerast etter 6 månader. Viss behandlinga blir godt tolerert kan ein fortsette, men da med “add-back”. Når behandlinga er ferdig, anbefaler vi at du byter til ein annan type hormonbehandling som undertrykker menstruasjonen. Slik kan du prøve å hindre at aktiviteten i endometriosen tar seg opp igjen etter nedreguleringa.
Tilleggsbehandling mot biverknader– «add-back»:
For å lindre biverknadene og verne mot beinskjørheit kan det vere aktuelt med lågdose østrogen-gestagen preparat. Dette kan givast utan å aktivere endometriosen. Behandling med østrogen-gestagen blir ofte starta opp ved sprøyte nr. 2 eller etter 4 veker med nasespray, og blir avslutta når Gnrh-behandlingar er ferdige.
Ved behandling kortare enn 6 månader kan add-back givast for å unngå plager, men er ikkje eigentleg nødvendig. Ved behandling over 6 månader bør alle ha hormontilskot for å unngå beinskjørheit seinare i livet.
Dersom du har hormonspiral kan du nytte Progynova 1 mg (tabl) eller Estradot 50 ug (plaster)
Gnrh-antagonistar
Dette er eit medikament i tablettform som inneheld både hormonblokker og add-back i same tablett. I Noreg finst det i dag berre eitt medikament - Ryeqo. Forskjellen mellom Agonistene og Antagonistane er at agonistenemedfører ein kortvarig auke av østrogen før produksjonen søkk, mens antagonistane fører til ein direkte stopp av østrogen-produksjonen. Dette gir nokon fordelar:
Du får ein rask effekt av medisinen når ein startar
Du unngår “flare-up” effekt med forverring av symptom ved oppstart
Du startar med “add-back” behandling mot biverknader med ein gong (innebygde i tabletten)
Du unngår altså mykje av biverknadene med at ein først får for mykje østrogen og deretter for lite. I tillegg er dette éin tablett dagleg med alt. Det er lett å ta, og effekten går raskt ut av kroppen dersom du ønsker å stoppe med behandlinga. Dette er viktig om du skulle oppleve alvorlege biverknader.
Ulempa er at ein ikkje har høve til å velje bort add-backen som ligg i tabletten. Nokre kvinner opplever plagsame småblødingar av add-back.
Andre medikament
Det finst også andre medikament som blir nytta for å behandle endometriose og følgetilstandar knytte til sjukdommen. Dette er i hovudsak medisinar som blir brukt for å få kontroll på smerter eller blødingar, om ikkje kirurgi eller anna medisinsk behandling har betra symptoma dine.
Medikament mot nerve-smerter (nevropatisk smerte)
Nervesmerter er typisk brennande, skarpe utstrålande smerter.
Eksempel på medikament mot dette er:
gabapentin (*Neurontin™)
pregabalin (*Lyrica™)
amitriptylin (*Sarotex™)
duloksetin (Cymbalta™)
Desse medikamenta fell meir innunder behandling for kroniske smerter og blir derfor ikkje omtalte nærare her.
Aromatasehemmere
Letrozol 2,5 mg er mogleg anti-hormonell behandling ved både adenomyose og endometriose. Det blir nytta sjeldan og berre i spesielle tilfelle i Noreg. Dette må vurderast av spesialist.
Generell behandling mot sterke blødingar
Traneksamsyre (*Cyklokapron™) kan redusere blødingar, men hjelper ikkje direkte mot endometriose/*adenomyose.
Etter
Endometriose er ei kronisk liding. Derfor vil mange ha behov for ei form for behandling heilt til dei kjem i overgangsalderen (klimakteriet). Om du har endometriose og treng østrogen i samband med overgangsalder, er det viktig av du får både østrogen og gestagen. Dette gjeld også for kvinner som har fjerna livmora si.
Behandlinga av endometriose må tilpassast kvar enkelt og ofte er det behov for tverrfagleg tilnærming. Ut frå symptom vil både medikamentell og kirurgisk behandling vere aktuelt. Mange pasientar har også god nytte av behandling hos for eksempel fysioterapeut, smertelege, psykolog, sexolog og ernæringsfysiolog.
Det er store individuelle forskjellar på korleis ein reagerer på hormonell behandling generelt. Det kan også vere store forskjellar på korleis akkurat du reagerer på preparata innanfor same gruppe hormon. Det å endre merke/verkestoff kan ha mykje å seie. Du må derfor prøve deg fram og lytte til din eigen kropp, og mindre til andres erfaringar.
Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.
Parkeringshuset har tre ladeuttak.
Reserverte parkeringsplassar
Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.
Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.
Parkeringsavgift
Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på p-automatane.
Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.
På helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.
Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.
Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det.
Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.
Kantina i 6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.
Opningstider: Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.
Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.
Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.
Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.
Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La verdisaker vere igjen heime.
Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.
Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, krykker, rullator og rullestol.
God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.
Du finn oss 3. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. Gå inn resepsjonen i 1. etasje, deretter gjennom dei doble dørene ved Narvesen kiosken og ta heis eller trapp opp til vår avdeling.
Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.
Parkeringshuset har tre ladeuttak.
Reserverte parkeringsplassar
Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.
Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.
Parkeringsavgift
Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på p-automatane.
Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.
På helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.
Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.
Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det.
Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.
Kantina i 6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.
Opningstider: Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.
Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.
Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.
Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.
Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La verdisaker vere igjen heime.
Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.
Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, krykker, rullator og rullestol.
God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.