Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Hysterektomi

Fjerning av livmor vaginalt

Hysterektomi eller fjerning av livmora kan utførast på fleire måtar, enten som open bukoperasjon, kikhòlsoperasjon, eller ved vaginal operasjon. Vaginal operasjon, som er omtalt her, kan utførast om forholda tillèt det, og er ein skånsam operasjon som ikkje lèt etter seg synlege arr.

Fjerning av livmora er eit vanleg inngrep og blir gjort av ulike årsaker:

  • For å behandle blødingsforstyrringar: Kraftige, uregelmessige eller langvarige vaginalblødingar som det ikkje har vore mogleg å behandle på annan måte. Operasjonen fjernar blødingane fullstendig. Eggstokkane står normalt igjen, og du kjem derfor ikkje i overgangsalder.

  • For å behandle smerter spesielt knytte til menstruasjon.

  • For å behandle framfall av livmora.

Tilvising og vurdering

Gynekolog tilviser deg til avdelinga vår. På bakgrunn av tilvisinga kallar vi deg som oftast direkte inn til operasjon. Alternativt kallar vi deg inn til ei forundersøking i poliklinikken vår og gynekologen gir deg informasjon og vurderer om operasjonen er eigna for deg.

Før

Kvelden før inngrepet, tømmer du tarmen blir tømt med klyster, Klyx 240 ml, som du kjøper på apotek.

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Fram til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
  • Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.

Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om. 

Du skal ta Paracet 500 mg (2 tablettar dersom du veg under 70 kg, 3 tablettar dersom du veg over 70 kg) med litt vatn 2 timar før. Dette legg grunnlag for god smertebehandling.

Under

Du er i narkose under operasjonen. Vi opererer via skjeden og hentar livmora ut gjennom skjeden når den losnar. Eggleiarane kan fjernast samtidig for å redusere risiko for eggstokkreft på eit seinare tidspunkt sjølv om sjølve eggstokkane blir behaldne. Vi syr så igjen skjedebotnen. Unntaksvis er det nødvendig å gjere laparoskopi (kikhòlskirurgi i buken) for å få betre oversikt eller for å stanse bløding. I så fall blir det lagt nokre små innstikk i bukveggen.

Dette er generell informasjon, og nøyaktig kva operatør gjer, avtalar de i ein samtale før operasjonen.

Komplikasjonar

Alle operasjonar inneber ein viss risiko. Du får meir informasjon i førehandssamtalen med legen. Dei vanlegaste komplikasjonane er:

  • Bløding via skjeden eller inn i buken. For å avdekke eventuell bløding tar vi ei blodprøve med blodprosent før og etter operasjonen.

  • Vi førebygger infeksjon ved at vi gir deg ein eingongsdose antibiotika under operasjonen.

  • Skade på andre organ (tarm, urinvegar). Dette er sjeldan (mindre enn 1 prosent).

Etter

Vi skriv deg ut dagen etter operasjonen. Du bør ikkje køyre bil dei første dagane etter operasjonen og det er ein fordel om du blir henta.

Om du får smerter etter utskriving kan du ta 1–2 tablettar Paracet 500 mg 3–4 gonger dagleg. Ved behov vil du få resept på sterkare smertestillande (Tramadol) som kan takast i kombinasjon med Paracet, og eventuelt andre medikament, for eksempel mot kvalme.

Du får vanlegvis sjukmelding for to til tre veker. Ved behov for lengre sjukmelding tar du kontakt med fastlege.

Dei fire første vekene skal du vere varsam med løft, unngå karbad og samleie. Det kan komme sparsam bløding som skal minke, og dessutan eventuelt ubehageleg lukt og utflod. Bruk handdusj dagleg. Du må prøve å unngå treg avføring etter operasjonen ved eigna kosthald, eller eventuelt mjukande middel som Duphalac.

Ettersom livmora er fjerna, inkludert livmorhalsen, er det som regel ikkje lenger nødvendig å ta celleprøve. Dersom det likevel bør gjerast, vil du få informasjon av legen som opererer deg.

Kontroll

Det blir ikkje avtalt rutinemessig kontroll.

Ver merksam

Ta kontakt med avdelinga vår, eller eventuelt annan lege viss:

  • du får aukande smerter
  • du får bløding
  • du får feber, det vil seie temperatur over 38 grader  
Sist faglig oppdatert 18.02.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Svangerskap og gynekologisk poliklinikk, Haugesund
Ventetid: 24 - 54 uker

Ventetid: 24 - 54 uker

Kontakt Svangerskap og gynekologisk poliklinikk, Haugesund

Oppmøtestad

Du finn oss 3. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. Gå inn resepsjonen i 1. etasje, deretter gjennom dei doble dørene ved Narvesen kiosken og ta heis eller trapp opp til vår avdeling.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Ventetid

24 uker til utredning

30 uker til innleggelse (54 totalt)

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.