Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Førebygging og behandling av underernæring ved sjukdom

Når du er i behandling på sjukehus, kan underernæring gjere at behandlinga du får ikkje verkar like godt.

Som pasient har du krav på at vurdering av risiko for underernæring inngår i den medisinske utgreiinga. Ved utilstrekkeleg mat- og drikkeinntak skal tiltak for å dekke næringsbehovet ditt inngå i behandling og oppfølging.

Les meir om sjukdomsrelatert underernæring (helsenorge.no)

Kva er underernæring?

Ved underernæring er det mangel på energi (kaloriar) eller protein som gir vekttap og redusert muskelmasse. Dette fører til forverra fysisk eller mental funksjon eller dårlegare utfall ved sjukdom.

Underernæring blir vurdert på grunnlag av matinntak, ufrivillige vekttapet eller forholdet mellom vekt og høgde, kalla kroppsmasseindeks (KMI/BMI).

Omtrent kvar tredje vaksne pasient på sjukehus er i risiko for underernæring. Underernæring kan førekomme ved ulike aldrar, vektklassar og diagnosar. Visse grupper er meir utsette, som kreftpasientar, kronisk lungesjuke, eldre, pasientar med alvorlege infeksjonar eller sjukdommar i fordøyingssystemet. Overvektige kan også vere underernærte.

Før

Spørsmåla under, gir helsepersonell grunnlag for å vurdere om du er i risiko for underernæring. Det er nyttig om du har tenkt over desse på førehand.

  • Har du gått ned i vekt i det siste utan å ha gjort forsøk på det?
  • Viss ja, kor mange kilo?
  • Har du ete mindre enn vanleg, for eksempel på grunn av nedsett matlyst?

Under

Om du er i risiko for underernæring, vil helsepersonell gjere ei individuell kartlegging som inkluderer vekt, matinntaket ditt og faktorar som påverkar dette. Ein ernæringsplan skal utarbeidast i dialog med deg, og eventuelt pårørande dine. Den skal blant anna innehalde kartlegginga, kor mykje du treng av energi, protein og væske, og konkrete tiltak for å dekke desse behova.

Du blir undersøkt, får behandling av sjukepleiarar og legar. Ved behov blir klinisk ernæringsfysiolog kontakta.

Kor lenge varer behandlinga?

Ernæringsbehandling tar tid og må ofte fortsette etter sjukehusinnlegginga. Det er viktig at du og eventuelt pårørande dine er involvert i ernæringsbehandlinga, slik at tiltaka fortset så lenge det er behov. Det er ein auka risiko for reinnlegging i sjukehus ved underernæring.

Kreftforeningen har mykje nyttig informasjon om ernæring i samband med sjukdom, som også kan vere relevant dersom du har andre sjukdommar enn kreft.

Nettsidene til Kreftforeningen har gode tips og råd ved nedsett matlyst og vekttap ved sjukdom.

Etter

Ernæringsplanen blir dokumentert i journalen din. Sjukehuset sender han til dei som har ansvar for vidare oppfølging av deg.

Sist faglig oppdatert 14.03.2023

Kontakt

Haugesund sjukehus Ernæringsfysiolog

Kontakt Ernæringsfysiolog

Oppmøtestad

Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus, ventesone 3B.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

​Kantina i  6.etasje er open for pasientar, besøkande og tilsette.

Opningstider kantine

Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt i helger og på heilagdagar.

Pasientkantine i 4 og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med avdelinga du høyrer til.

Du finn ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider kiosk

Måndag-fredag: 06.30-21.00 
Laurdag: 09.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontantar. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar i toppetasjen på parkeringshuset. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelinga dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.