Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Framfall av skjede og/eller livmor er ein tilstand der delar av skjedeveggen eller livmortappen søkk nedover i skjeden og kan komme delvis ut av vagina når ein sit lenge, har stått eller gått mykje. Operasjonen blir som regel utført via skjeden og skjer ved spinalanestesi eller narkose.
Avhengig av type framfall blir enten fremre skjedevegg stramma opp og blæra løfta tilbake til sin naturlege plass, eller bakre skjedevegg stramma opp og forsterka. Av og til blir også livmortappen eller heile livmora fjerna.
Fastlegen din eller anna helseteneste tilviser deg til utgreiing på sjukehus.
Det er viktig å vite at dersom livmortappen blir fjerna heilt eller delvis, aukar dette risikoen for å føde for tidleg. Slik operasjon bør derfor gjerast etter at du er ferdig med fødslane dine.
Om du ønsker å få sett inn spiral under operasjonen må du undersøke på førehand om dei har dette ved sjukehuset, eller om du må ha med denne sjølv.
Vi anbefaler at du tar eit klyx (avføringsmiddel) dagen før operasjonen for å unngå unødig trykking rett etter operasjonen. Dette får du kjøpt utan resept på apoteket.
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Fram til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.
Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om.
Før inngrepet får du bedøving, enten spinal eller epiduralanestesi der store deler av kroppen blir bedøvde, eller du får narkose (der du søv djupt).
Etter operasjonen blir du køyrd i seng frå operasjonsrommet til oppvakningsavdelinga der du blir til du er heilt vaken eller til spinalbedøvinga har slutta å verke. Ein lege informerer deg om korleis inngrepet har gått etter at operasjonen er over. Når du er tilbake på sengeposten får du hjelp til å komme deg opp av senga.
Når du er tilbake frå operasjon får du hjelp til å komme deg opp av senga.
Det er normalt å ha smerter bak mot endetarmen, men dette gir seg vanlegvis etter 1–2 veker. Du får smertestillande regelmessig og ved behov. Du bør ha Paracetamol og Ibux heime til bruk ved behov. Treng du andre typar smertestillande i tillegg så får du med deg resept frå sjukehuset når du blir skriven ut.
Etter operasjonen kan det nokre gonger vere vanskeleg å tømme blæra. Urinkateteret vil derfor ligge inne inntil ein dag etter operasjonen. Urinkateter og eventuelt tampongar som er lagde inn i skjeden blir fjerna etter klarering frå gynekolog.
Når urinkateteret er fjerna, vil vi kontrollere at du tømmer blæra tilfredsstillande. For å vere sikker på at du får tømt blæra di skikkeleg etter inngrepet vil du bli kontrollert med ein blæreskannar/ultralyd eller eit eingongs-urinkateter etter operasjonen. Du får reise heim når det går greitt å tømme blæra som normalt. Som regel er dette same dag, eller inntil to dagar etter operasjonen.
Stinga er sydde med ein spesiell tråd som forsvinn av seg sjølv. Det kan komme ut trådbitar i nokre veker framover, noko som er normalt.
Småblødingar er vanlege dei første dagane etter operasjonen og kan vare i opptil eit par veker. Deretter vil du ha auka utflod som kan vere blanda med blod, i inntil 6 veker.
Vanlegvis blir du skrive ut første eller andre dag etter operasjonen.
Sjukmelding er vanlegvis på 2–4 veker. Det kan vere aktuelt med lengre sjukmelding avhengig av kva slags arbeid du har.
Ved alle kirurgiske inngrep er det ein risiko for komplikasjonar. Dei vanlegaste ved denne operasjonen er blodsamlingar i operasjonsområdet, infeksjon i operasjonsområdet eller blærekatarr. Sjeldne komplikasjonar er blodpropp og alvorleg infeksjon.
Seinare kan det vere vanleg med smerter under samleie ei tid, og kjensle av for trong skjede. Dette kjem av arrvev som kan vere stivt. Vanlegvis går dette over. Nokon kan også bli plaga med auka urinlekkasje.
Dei første 6 vekene etter operasjon bør du unngå:
Du bør unngå forstopping da kraftig trykking på toalettet kan bidra til at operasjonen blir mislykka. Det er anbefalt å kjøpe laktose reseptfritt på apoteket for å unngå forstopping etter heimreise.
Du bør ikkje ha samleie dei første 6 vekene etter operasjonen, Er du sår eller tørr i skjeden kan du etter 6 veker bruke glidekrem eller hormonkrem/vagitorier (Ovestering) Dette blir kjøpt utan resept på apoteket.
Du bør ikkje ta karbad eller svømme dei første vekene etter inngrepet eller så lenge du blør. Dette kan medføre ein auka risiko for infeksjon.
Vi anbefaler at du bruker hormonkrem eller stikkpiller i skjeden to gonger i veka etter operasjonen (frå 2–3 månader til 1 års bruk). Du bør starte behandlinga 4 veker etter operasjonen. Er du i overgangsalderen, skal du sannsynlegvis halde fram med dette resten av livet. Både østradiol hormonkrem (Ovesterin) og østradiol vaginaltablettar (Vagifem) får du kjøpt reseptfritt på apoteket eller på resept via fastlegen din. Om du er i tvil om du kan bruke tablettane over lengre tid, kan du snakke med lege om dette før du reiser heim etter operasjonen.
Du skal ikkje køyre bil dei første 24 timane etter operasjonen eller om du bruker sterke smertestillande medisinar (opiat).
Sjølv om du har auka behov for kvile i tida etter ein operasjon, bør du komme i gang med dei vanlege, daglegdagse aktivitetane dine så snart som mogleg. Normal aktivitet som ikkje er smertefull er ikkje farleg. Den første tida etter operasjonen bør du unngå tunge løft og tungt arbeid som ikkje er absolutt nødvendig.
Dersom du har generelle og/eller praktiske spørsmål, kontakt avdelinga som har skrive deg ut eller fastlege.
Ved behov for vurdering av akutt helsehjelp som ved sterke smerter, større blødingar eller akutt feber, kontakt behandlande avdeling ved sjukehuset.
Dei første 14 dagane etter operasjonen bør du kontakte oss dersom: