Gastroøsofageal refluks
Dersom refluks gir plagsame symptom eller komplikasjonar, blir det kalla gastroøsofageal reflukssjukdom (GØRS). Hos spedbarn er kraftig gulp og oppkast som går utover tilvekst og eting dei vanlegaste symptoma. Hos barn over 1 år dominerer sure oppstøytar, gulping, ete-/ svelgjevanskar, kvalme, dårleg ande og smerter i øvre del av magen.
Refluks
Refluks betyr tilbakestrøyming. Når sur magesyre strøymer tilbake frå magesekken til matrøyret, blir det kalla gastroøsofageal refluks (GØR). Dette skjer ofte etter måltid hos barn og unge utan at vi merkar det. Hos babyar merkar vi normal refluks som gulping, som kjem av mykje mat i forhold til kroppsstorleiken og at mjølk og væske lettare strøymer tilbake.
To av tre spedbarn har gulp/oppkast fleire gonger dagleg ved 4 månadars alder. Hos babyar har magesekken mindre syre, og gir sjeldnare irritasjon av matrøyret enn hos eldre barn.
Tilvising og vurdering
Barn under 1 år skal ifølgje tilrådingar i internasjonale og nasjonale retningslinjer svært sjeldan greiast ut, og blir behandla for gulp og oppkast. Utgreiing er aktuelt ved avvikande vekst og utvikling, og symptom som blodig oppkast og sterke magesmerter.
Hos barn over 1 år, der mistanken om GØRS på bakgrunn av symptom er stor, prøver ein å behandle med syrereduserande medisinar i nokre veker. Dersom prøvebehandlinga gir betring, og symptoma kjem tilbake når behandlinga stansar, bør barnet tilvisast for utgreiing i spesialisthelsetenesta.
Utgreiing
Utgreiinga består av 24 timars pH-måling i matrøyret eller gastroskopi. Røntgen- og ultralydundersøking er ikkje tilrådd ved mistanke om GØRS.
Behandling
Behandling utan medisinar
Det er lite vitskapleg grunnlag for dei ikkje-medikamentelle råda, men det blir tilrådd å heve hovudenden på senga, prøve hyppige og små måltid og unngå mat som forverrar symptoma. For nokon kan ein også unngå kolsyrehaldige drikkar, krydra mat, kaffi og te.
Medikamentell behandling
Målet med medikamentell behandling er å redusere surleiken på innhaldet i magesekken. Då vil magesekkinnhaldet som kjem opp i matrøyret virke mindre irriterande for slimhinnene. Dei vanlegaste medisinane som blir brukte er såkalla protonpumpehemmere, og vanleg behandlingstid er 4–8 veker. Medisinane bør gradvis trappast ned over 2–3 veker, fordi magesyreproduksjonen aukar raskt når medisinane blir tekne bort.
Kirurgi
Hos nokre få barn er medisinsk behandling ikkje tilstrekkeleg for å fjerne symptoma og det kan vere aktuelt med kirurgisk behandling. Slik kirurgisk behandling er likevel svært sjeldan.
Oppfølging
Barn og unge som bruker medisinar for gastroøsofageal reflukssjukdom over tid (meir enn 3 månader) bør følgjast opp av barnelege.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Medisinsk gastroenterologisk og nefrologisk seksjon
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund