Behandling, Laparoskopi

Gynekologisk kreft, kikholskirurgi

Gynekologisk kreft vil seie at det er kreft i eggstokk, eggleiar, bukhinne, livmor eller livmorhals. Fordelen med kikholskirurgi samanlikna med vanleg operasjon, er at du får mindre arr på magen, mindre smerter, kortare sjukemeldingstid, mindre risiko for samanveksingar og kortare liggetid på sjukehus etter operasjonen.

Før

Vi anbefaler at du holder deg i fysisk aktivitet og forsøker å leve som normalt. Vi anbefaler røykeslutt, røyking auker risikoen for komplikasjonar under og etter operasjon.

Før operasjonen blir du kalla inn til ei forundersøking. Dette er for at du skal få tilstrekkeleg informasjon, og for at vi skal kunne planlegge inngrepet som skal gjerast. Vi gjer ei generell undersøking av hjarte og lunger, samt ein gynekologisk undersøking med ultralyd. Det er viktig at du har med ei oppdatert liste over dei medisinane du brukar til forundersøkinga.

  • Du vil få beskjed om korleis du skal gjere det med medisinane før operasjonen. Skal du til dagkirurgi gjer du desse førebuingane heime, blir du lagt inn dagen før operasjonen blir førebuingane gjort på sjukehuset.
  • Du må dusje (inkludert hårvask) og barbere bort kjønnshår som er synlig i ståande stilling. Bruk maskin -  ikke høvel.  
  • Naglelakk og alle smykkar, ringar, piercing og armbandsur må vere tatt av - også giftering.
  • Det kan i nokre tilfelle vere aktuelt med tarmtømming 
  • Enkelte gonger gjør vi ei markering med tanke på stomi (utlagt tarm) før operasjonen om det er mistanke om at kreftsjukdommen påverkar tarm.
  • Du får tablettar som får deg til å slappe av før du blir køyrd til operasjon.
  • Før operasjonen må du vere fastande.

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om. 



Under

Inngrepet blir utført i full narkose og varer normalt mellom 1-4 timar.

Vi lagar eit snitt i navlen, og bukhola blir fylt med gass for å få betre oversikt. Laparoskopet, som er eit tynt røyr eller ein slags ”kikkert” med videotilknyting, blir ført inn gjennom snittet i navlen. Via ein tv-skjerm sjekkar vi bukhola, livmora, eggstokkar og eggleiarar. Når vi skal operere, treng vi fleire hjelpeinstrument og lagar derfor fleire små snitt til desse. Dersom livmora skal fjernast, gjer vi i dei fleste tilfelle dette via skjeden. Men i nokre tilfelle må skjeden fjernast via eit snitt på magen.

Iblant kan det vere vanskeleg å gjennomføre operasjonen med kikhòlskirurgi. Vi vil i så fall skifte til ein vanleg operasjon (laparotomi) når du er i narkose. Vi avklarer som oftast risikoen for dette med deg før operasjonen startar. Av og til oppdagar vi ting under kikhòlsoperasjonen som gjer at vi må gå over til open kirurgi under sjølve operasjonen. Du må då rekne med å vere på sjukehuset nokre fleire dagar.

Etter

Du vil vere til overvaking i nokon timar etter operasjonen. Du kan drikke og eventuelt ete på operasjonsdagen, avhengig om du kjenner deg kvalm. Før heimreise vil du få informasjon om kva som blei funne og kva som blei gjort under operasjonen. Ofte reiser ein heim dagen etter operasjonen, men i blant kan det bli nødvendig å ligge på avdelinga lenger. 

Litt bløding frå skjeden er vanleg. Dei første dagane kan du kjenne deg oppblåst i magen og eventuelt ha vondt i skuldrane. Dette er irritasjon frå gassen som blei sett inn i bukhola under operasjonen. Dette kan som oftast lindrast med reseptfrie, smertestillande medikament.

Dersom livmora er fjerna, må du på grunn av operasjonssåret i skjeden unngå karbad, svømmebasseng, bruk av tampong og samleie dei første 6-8 vekene. Dersom du ikkje har smerter eller andre plagar, kan du vere i vanleg fysisk aktivitet etter operasjonen, men unngå tunge løft over 5 kg dei første to vekene.

Somme kan oppleve manglande/unormal tømming av urinblæra. Dette kjem av påverking av nervar til urinblæra og kan halde fram i nokre veker etter operasjonen. Du vil få opplæring i selvkateterisering (tømme blæra sjølv) på sjukehuset før du blir skriven ut.

Såra på magen er lukka med metallstifter (agraffar) eller sjølvoppløyseleg tråd. Agraffane fjernast etter 7 dagar hos fastlegen din. Etter 7 dagar, dersom du framleis litt av tråden, kan du klippe den forsiktig vekk.

Etter 2 døgn trenger ikkje operasjonssårena på magen vere tildekka, og bandasje kan brukast etter behov. Bandasjer får du kjøpt på apoteket.

Dersom noko er fjerna under inngrepet, blir det sendt til mikroskopisk undersøking. Svara er vanlegvis klare etter nokre veker. Du vil få informasjon om svar ved poliklinisk konsultasjon, per telefon eller brev. Fastlegen din får kopi av svaret og brev om inngrepet.

Du får sjukemelding ved heimreise. Lengda på sjukemeldinga er avhengig av storleiken på inngrepet, og forventa tid du treng å komme deg på etter operasjonen. Sjukemeldinga kan bli forlenga av fastlegen din ved behov.

For å minske risiko for blodpropp blir du mest sannsynleg anbefala blodfortynnande sprøyter som du skal sette sjølv i opptil 30 dagar etter operasjonen. Du får resept på disse før du reiser heim, og resept på smertestillande tabletter.

Ver merksam

Ta kontakt med sjukehuset dersom du innan 14 dagar får:

  • tiltakande magesmertar
  • feber over 38 gradar
  • andre uforklarlege smerter eller ubehag
  • uvanleg bløding frå skjeden, store mengder
  • puss frå sår

Kontakt

Haugesund sjukehus Gynekologisk sengepost

Kontakt Gynekologisk sengepost

Oppmøtestad

Oppmøtested gynekologisk sengeposter i 3.etg i nybygget Sydvest. Vi held til sammen med fødeavdelinga.

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​