Før du møter til utgreiing hos oss er det fint om du tenker gjennom kva utfordringar du har i kvardagen, og korleis dette har utvikla seg over tid. Dette kan for eksempel vere om du strevar med:
- rørsle/motorikk og flytting
- aktivitetane til dagleglivet – slik som å ete og å kle på deg
- pust
- søvn
- arbeid
- fritidsaktivitetar
Informasjon om korleis dette har utvikla seg er viktig for utgreiinga. Vi ønsker derfor at ein som kjenner deg godt blir med deg til avtalen. Vi vil også stille deg spørsmål om sjukdommar og tidlegare sjukehusopphald.
Om du bruker hjelpemiddel jamleg, er det fint om du kan ta dei med deg. Dette kan for eksempel vere hjelpemiddel til flytting, ortosar eller kommunikasjon.