Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hovudverk hos barn og ungdom

Hovudverk hos barn, og spesielt ungdom, er eit vanleg symptom, og dette er sjeldan uttrykk for sjukdom. Hos dei aller fleste henger hovudverken saman med infeksjonar, vanar som for lite søvn, stress, for lite regelmessig og næringsrik mat og drikke, for lite væskeinntak eller ubalanse mellom trening og kvile.

Ulike typar hovudverk 

Tensjonshovudpine 

Dei fleste barn og unge som rapporterer hovudverk har tensjonshovudpine. Det er ikkje lett å beskrive kor denne hovudverken sit (han kan sitte over heile hovudet), han er mild-moderat i styrke, og blir ikkje forverra ved aktivitet. Barn og unge med denne typen hovudverk kan bli vare for lyd og lys, men har vanlegvis ikkje oppkast, kvalme eller aurafenomen. Aurafenomen er symptom som kan komme før ein får hovudverk, for eksempel at ein oppfattar blinkande lys, at område i synsfeltet kan oppfattast uklare eller falle bort, øyresus, nomenheit i ein del av kroppen eller taleproblem.  

Migrene 

Ei lita gruppe kan ha migrene. Dette er hovudverk som kan sitte på begge sider eller ei side av hovudet, hovudverken er ofte bankande. Nokon har symptom (aura) som kjem før hovudverken. Nokon kan bli lyd og lyssky, få kvalme eller oppkast. Smertene blir beskrivne som moderat-intens kvalitet. Ein kan ha eit blandingsbilde av begge typar hovudverk. 

Medikamentutløyst hovudverk 

Dersom ein ofte tar smertestillande medisinar, kan ein utvikle medikamentutløyst hovudverk. Det vil seie at langvarig og hyppig bruk av smertestillande medisinar kan utløyse hovudverk hos nokon. Behandlinga av denne typen hovudverk er å slutte med medisinar. Hovudverken blir i slike tilfelle ofte verre før han blir betre. 

Tilvising og vurdering

Hovudverk er ein vanleg tilstand hos barn og ungdom. Den blir delt generelt inn i primære hovudverkar (tensjonshovudpine og migrene) og sekundære hovudverkar. Som regel treng ikkje barn og ungdom med hovudverk utgreiing i spesialisthelsetenesta. 

Hovudverk hos barn og unge blir greidd ut og blir behandla i førstelinjetenesta. Likevel har barn og unge med hovudverk med over 6 månaders varigheit og meir enn 4 anfall per månad ifølge Helsedirektoratets prioriteringsrettleiar for pediatri rettleiande rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta. Stort skolefråvær, reduserte skoleprestasjonar og nevrologiske symptom som kjem fram under anfall kan endre hastegrad eller vurderingsgrunnlaget for å vurdere pasienten i spesialisthelsetenesta.  

Hovudregel 

Hos dei aller fleste barn og ungdom vil hovudverken betrast med ikkje-medikamentelle tiltak. Ein veldig liten del av barn med hovudverk har ei alvorleg årsak til hovudverken sin. Dei aller fleste vil ha andre nevrologiske symptom i tillegg.  

Kva kan fastlegen gjere? 

Sjå infoskriv frå Norsk foreining for allmennmedisin og Norsk barnelegeforeining (2025) om hovudverk hos barn og ungdom. 

Når bør ein vise til barnelege? 

  • Alltid ved mistanke om underliggande patologi   
  • Hyppige migreneanfall som ikkje har effekt av NSAIDS og paracetamol, evt. triptaner. 
  • Komplisert migrene (t.d. følgde av lammingar eller kramper) 
  • Sekundær hovudverk der dette ikkje kan varetakast av fastlege.  

Kva blir ønskt inkludert i ei tilvising til barnelege?  

  • Generell anamnese og dessutan hovudverkanamnese inkludert opplysningar om søvn, mat, drikke, skjermbruk, fysisk aktivitet og psykososiale faktorar, skolefråvær 
  • Arvelege sjukdommar i familien 
  • Varigheit av symptoma 
  • Forverrande faktorar, eventuelt betrande faktorar 
  • Klinisk undersøking (BT, puls, vekt og høgde, hudfunn, nevrologi og synsfelt og synsundersøking). 
  • Svar på eventuelle prøver og bildediagnostikk   
  • Opplysningar om medikamentbruk og effekt/manglande effekt. Anna behandling?  

Kva kan ein forvente etter at barnet har vore hos barnelege?   

Plan for vidare oppfølging. Mykje av dette kan gå føre seg i primærhelsetenesta. Behandling av medikamentoverforbrukshovudverk er bråseponering. Dette kan gi forbigåande auka hovudverk eit par veker før betring, med auka kontakt mot fastlegen

Utgreiing

Behandling

Oppfølging

Kontakt

Haugesund sjukehus Barne- og ungdomsavdelinga

Kontakt Barne- og ungdomsavdelinga

Oppmøtestad

Vår avdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga når du går ut i 3. etasje.

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.