Om du bruker inhalasjonsmedisinar, bør du ta desse før behandlinga. Det kan også vere ein fordel med lungefysioterapi, slik at slimet er løyst nok til å bli hosta opp.
Hostemaskin, Cough assist
Hostemaskin kan brukast hos pasientar som har problem med å få opp slim frå luftvegane fordi dei har akutt eller kronisk nedsett hostekraft. Maskina blir kopla til munn-/nasemaske, og hjelper til å gi eit djup innpust etterfølgt av ein utpust. Den raske endringa frå innpust til utpust etterliknar normal hoste og bidrar til å få slim opp frå luftvegane.
Før
Under
Når du bruker hostemaskin, vil du vanlegvis få manuell hjelp til å hoste, av helsepersonell. Av den grunn bør det vere to personar til stades i behandlinga, ein til å halde maska og ein til å gi hostestøtte.
For å bruke hostemaskin er det nødvendig å ha slangesett som inkluderer filter, slange og maske eller svivel for tilkopling av ein tracheostomitube (for pustehjelp). På sjølve maskina stiller ein inn trykk, tid for innpust og utpust og kor lang pause imellom kvart host du skal ha (dette kan også styrast manuelt).
Behandlingstida blir tilpassa behovet ditt, men ofte bruker du maskina med 5–6 host på rad. Dette kan gjentakast opp til 6 gonger før du tar pause. Etter at du har hosta og losna slim, kan du enten spytte ut i eit papir eller fjerne slim med sug (omtrent som hos tannlegen).
Gjer det vondt?
I starten kan behandlinga vere ubehageleg, men dette går over når du har vent deg til korleis maskina fungerer og korleis du sjølv deltar i prosessen. I blant kan det vere nødvendig å fjerne slim i munn og svelg med eit sug. Nokon synest dette er ubehageleg.Etter
Nokre pasientar har sjukdommar eller tilstandar som gjer at hostekrafta alltid er svak. Dersom dette gjeld deg, kan du ha behov for å bruke hostemaskin regelmessig i heimen. Dette kan du diskutere med ansvarleg behandlar.
Ved behov kan pasientar som bruker hostemaskin i heimen også få ei maskin med sug som dei kan ha heime, for å fjerne slim.
Ver merksam
Hos pasientar som er innlagde på sjukehus med akutt sjukdomsforverring, kan behandling med hostemaskin medføre at oksygen-mettinga blir litt låg undervegs. Dette betrar seg som regel raskt etter at behandlinga er ferdig.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Intensivavdelinga, Haugesund
Oppmøtestad
Vi held til 2. etasje i nybygget mot sørvest på Haugesund sjukehus.
For å kome til oss går du inn hovudinngangen, forbi Narvesen kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp opp til 2. etasje. Der finn du ei ventesone. På døra finner du eit telefonnummer du kan ringe.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund