Du kan ikkje køyre bil etter operasjonen, men kan belaste/gå på foten. Det er ein fordel å sitje med foten høgt dei første dagane.
Hald foten høgt når du sit og ligg (over hjartenivå) for å unngå bløding og for å redusere smertene. Dette er for at hevelsen i foten/tåa skal ned og minske smerta. På natta kan det vere lurt med ei pute under foten. Prøv å ha foten heva nokre gonger per dag dei neste vekene.
Du kan oppleve ein del smerte første 1-2 døgn etter inngrepet. Ta smertestillande som er føreskrive på sjukehuset, seinare tek du ved behov.
Ved aukande smerter etter at dei første smertene har minka, bør du kontakte fastlege.
Du kan starte gradvis opp med trening/idrett etter cirka 4 veker. Gangfunksjonen blir normalisert dei første 2-3 vekene.
Bandasje
Det kan blø ein del etter operasjonen. Du får derfor ein tjukk, steril bandasje. Den skal vere på i 5-7 dagar før han blir skifta. Blør det gjennom bandasjen må han skiftast før. Du kan skifte han sjølv, eller ta kontakt med legekontor for hjelp til dette.
Eventuelle sting blir fjerna etter 12-14 dagar hos fastlege.
Slik skiftar du bandasje heime:
- vask hendene
- ta av all bandasje og vask hendene på nytt
- skyl foten godt i reint lunkent vatn
- tørk foten godt med reint handkle
- unngå salver og kremar
- legg på ny steril bandasje
Det er individuelt kor lenge du må ha bandasje. Dette får du beskjed om på sjukehuset. Ta på reine sokkar kvar dag.
Oppfølging
Eventuell sjukmelding avheng av kva slags jobb du har. Det er vanlegvis ikkje behov for kontroll på sjukehuset etter inngrepet.